Det marokkanske laget Wydad Casablanca nekta å spele den siste finalekampen ferdig då dei fekk annullert eit mål som såg heilt ok ut, og det viste seg at VAR-teknologien ikkje fungerte.
Klubben anka, og styret i Afrikas fotballforbund (CAF) bestemte onsdag at det skal spelast omkamp på nøytral bane. Tunisiske Esperance, som blei erklært som vinnar etter skandalekampen fredag, må levere tilbake vinnarmedaljane og meisterskapspokalen.
– Tryggingstiltaka og tilhøva rundt kampen var ikkje gode nok, skriv CAF i grunngjevinga.
Det er venta at Esperance vil anke CAF-avgjerda. Ikkje minst fordi IFAB, organisasjonen som fastset regelverket i fotball, slår fast at VAR-svikt åleine ikkje kan vere grunn til å annullere ein kamp.
Omkampen vil uansett ikkje bli spela før etter Afrika-meisterskapet for landslag, som blir avslutta 19. juli.
VAR var ikkje der
Det var sist fredag returkampen i den afrikanske meisterligafinalen blei spela i Tunisia.
Første kamp i Marokko hadde enda 1–1. Framfor 60.000 tilskodarar i Tunis tok Esperance leiinga like før pause i returkampen, før Casablanca utlikna etter 62 minutt.
Trudde dei. For dommaren annullerte det som såg ut som eit heilt greitt mål. Casablanca protesterte heftig, kravde at VAR-folka måtte gripe inn, og at dommaren måtte sjå på videobileta.
På sidelinja stod det som såg ut til å vere VAR-skjerm, slik retningslinjene for kampen kravde.
Forlét bana i protest
Casablanca protesterte høglydt, og nekta å halde fram kampen. Dommarane og leiinga i CAF – det afrikanske fotballforbundet – prøvde i halvannan time å overtale det rasande laget til å spele kampen ferdig.
Men dei lykkast ikkje. Til slutt tok kampleiinga avgjerda om å avslutte kampen, og CAF tilkjende Esperance meisterskapet med 2-1 samanlagt og plass i klubb-VM til vinteren.
Det kom til handgemeng mellom representantar for dei to laga då dei gjekk av bana.
Sjølvsagt protesterte Casablanca, og CAF-styret tok altså protesten til følgje på styremøtet sitt i Paris.
Utanfor møtelokalet demonstrerte fleire hundre tilhengarar frå begge lag med mellom anna ordet «korrupt» på nokre av bannera.
Utestengd i seks månader etter første kamp
Det høyrer også med til historia at i første kamp, som altså enda 1-1, fekk Casablanca først eit mål annullert, så fekk dei ikkje medhald i krav om straffespark. Dessutan fekk dei ein spelar utvist. Men i den kampen verka iallfall VAR.
Etterpå blei kampens egyptiske dommar utestengd i seks månader.
PS: Onsdag kveld vann Wydad Casablanca 4-1 i ein utsett kamp og sikra seg seriemeisterskapet i Marokko. I Tunisia har Esperance sikra seg serietittelen tidlegare.