NRK Meny
Normal

Skal sjekke 4000 sykler for å unngå motorjuks

UCI tek grep for å hindre mekanisk doping i Tour de France. 4000 syklar skal sjekkast for å ta juksemakarane.

Motordoping

TEST: Nettbrett skal blant anna bidra til hurtig sjekk av syklar under årets Tour de France.

Foto: Team Lotto Jumbo NL

Arrangørane av World Touren på sykkel stoler ikkje på at alle ryttarane i Tour de France stiller utan elektrisk motor i syklane sine. No tar dei i bruke ein teknologi som skal gjere det umogleg å skjule ein slik motor inne i sykkelen.

– Me kjem til å bruke elektromagnetiske detektorar for å finne eventuelle batteri i syklane. I tillegg kjem me til å bruke varmesøkjande kamera for å finne unormal aktivitet.

Det seier Harald Tiedmann Hansen, president i Norges Cyckleforbund. Han er ein av fleire som skal inspisere over 4000 syklar under Tour de France. Dei omfattande tiltaka er ein direkte reaksjon på tilfelle som dette.

Femke Van Den Driessche

DOPINGTEKE: Femke Van Den Driessche var den første som blei teken for motordoping, tidlegare i år.

Foto: YORICK JANSENS / Afp

– Me skal teste 4000 syklar, so det er ganske omfattande. Me veit at slik juks har skjedd i andre ritt, og vil hindre at det skjer her i Tour de France, seier Tiedemann Hansen.

Vil vere preventive

Tiedemann trur at dette sender viktige signal om at denne type juks vil vere umogleg å gjennomføre.

Harald Tiedemann Hansen

FORNØGD: Norges sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen er strålande fornøgd med å få tiltak mot motorjuks klart til Tour de France

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Det har ein preventiv verknad, og det er det viktigaste for oss.

Også den internasjonale sykkelpresidenten er godt fornøgd med at antijuks-tiltak blir sett i verk.

– Eg trur me har ein veldig effektiv måte å teste dette på, både før, under og etter rittet, fortel Brian Cookson, president i UCI.

Ønskjer det velkomen i Touren

Skal ein tru Tiedemann Hansen er dette løysingar som sykkelsporten lenge har ettertrakta, og at dei er godt fornøgde med at UCI no har fått det på plass.

Tour de France-direktør Christian Prudhomme setter seg inn i sin Skoda under årets ritt.

ØNSKJER ORDNINGA VELKOMEN: Rittdirektør i Tour de France, Christian Prudhomme, ønskjer antijuks-tiltaka velkomen

Foto: FRANCK FIFE / AFP

– Dette blir godt motteke. Det er enkelt å oppdage motorjuks med dei verktøya me har no, og både arrangørar og syklistar er fornøgd med at me set i gang tiltak.

Det kan rittdirektør i Tour de France, Christian Prudhomme bekrefte.

– Slike tiltak er sjølvsagt noko me aksepterer og ønskjer velkomen til rittet vårt, seier franskmannen.

Siste nytt

  • Zuccas Rangers vant mot Sabres

    Mats Zuccarello og New York Rangers vant 4–3 over Buffalo Sabres på hjemmebane torsdag. Halvannet minutt inn i kampen i Madison Square Garden scoret Rangers' Rick Nash kampens første mål. Zuccarello fikk totalt 20 minutter og 8 sekunder på isen.

    Sabres Rangers Hockey
    Foto: Julie Jacobson / AP
  • Kroatia med knepen seier

    Norges neste motstander i EM, Kroatia, måtte slite knallhardt for å slå Hviterussland 25-23 i håndball-EM torsdag. Kroatia fikk 15.000 tilskuere i ryggen torsdag, men hadde kjempetrøbbel med å vinne.

    Croatia's Luka Cindric
    Foto: Darko Bandic / AP
  • Lørenskog snudde og slo Vålerenga

    Vålerenga ledet 2-0 helt til det gjensto fire minutter, men Lørenskog slo tilbake og vant 3-2 etter straffeslag i lokalderbyet i eliteserien i ishockey torsdag.

    Eliteserien ishockey: Lørenskog-Vålerenga
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup hopp: Kvinner
V-cup hopp: Kvinner
V-cup alpint: Super-G, menn
Vinterstudio
Vinterstudio
V-cup alpint: Super-G menn
V-cup alpint: Super-G menn
Vinterstudio
Vinterstudio
V-cup skiskyting: Sprint menn
V-cup skiskyting: Sprint menn