– Den lusekofta Jens (Byggmark) kjem til å strikke vil ikkje bli spesielt fin, seier svenske Mattias Hargin.
Svenskane er i støtet. Søndag vann Hargin (29) sitt første verdscuprenn i karrieren. Før det hadde han vore mellom dei ti beste i 34 renn utan å triumfere.
Etter bragden i den vanskelege Kitzbühel-løypa har han for alvor meldt seg på som medaljekandidat før VM - ein medalje stortalentet Henrik Kristoffersen raskt kan bli snytt for.
Men Norge er også i medaljeform. I verdscupen har alpintlandslaget sanka fleire pallplassar enn på mange år.
Konkurransen mellom dei to nasjonane er hardare enn på lenge.
– Betre enn Byggmark med stikketøyet
Om det blir norsk over svensk på medaljestatistikken lovar han å bidra med strikkinga.
– Eg vil nesten påstå at eg er betre til å strikke. Eg trur eg må hjelpe Jens med den kofta etter VM, seier Hargin.
Men å slenge skit om naborivalen, som langrennsløparane har lett for å gjøre, er han ikkje med på.
– Det hadde nok solgt fleire aviser om eg sa at eg hata dei, men dei er rett og slett for snille og kule å vere med. Vi går veldig godt i lag, seier Hargin og gliser.
– Det hadde sjølvsagt vore kult å slå Norge i VM, men for meg speler det ingen rolle om det er tyskarar, austerrikarar eller nordmenn eg slår.
– Vil trene hardt for å få fleire triumf-opplevingar
Svensken var i strålande humør etter sin første triumf i verdscupen etter 90 forsøk utan å lukkast.
– Eg håpar det kan gi meg ein god dytt. Eg kjem til å trene hardt for å få fleire sånne opplevingar.
– Forhåpentlegvis fører det til at eg kan slappe meir av før renn enn før, og ikkje gå anspent og lure på korleis det vil gå, seier Hargin til NRK.