Hopp til innhold

Har oppdaga livsfarleg dopingmetode

Som ein følge av Seefeld-skandalen skal eit nytt dopingmiddel blitt oppdaga. Fleire ryttarar skal ha brukt dopingmiddelet, som Statens legemiddelverk kallar livsfarleg.

ILLUSTRASJONSFOTO: Syklistar skal visstnok ha testa ut den nye dopingmetoden.

Foto: Kenzo Tribouillard / AFP

Bilde av Max Hauke, som tek bloddoping på hotellrommet, er truleg det som blir best hugsa frå VM på ski i Seefeld i fjor.

Max Hauke

TATT PÅ FERSKEN: Max Hauke blei bokstaveleg talt tatt på senga da austerriksk politi gjennomførte ein razzia på hotellrommet hans under VM i Seefeld. I det dei kom inn sat han og bloddopa seg.

No har dopingetterforskarane frå Operasjon Aderlass oppdaga at utøvarar heilt tilbake i 2016 skal ha brukt eit nytt dopingmiddel.

Operasjon årelating

Før me kjem til det nye dopingmiddelet, må me kort gå gjennom kva Operasjon Aderlass var. Aderlass betyr årelating, og i spissen for det omfattande dopingnettverket var legen Mark Schmidt.

Tyskaren blei namngjeven av skiløpar Johannes Dürr, da han blei teken for bloddoping for andre gong i februar i fjor. Som ein følge av det arresterte austerriksk politi fem utøvarar i det som blir omtalt som Seefeld-skandalen.

Johannes Dürr lei seg

ANGRANDE SYNDAR: Johannes Dürr blei tatt for bruk av EPO under OL i Sotsji i 2014. I ein dokumentar i 2019 angra han på det han hadde gjort. Nokre månader seinare blei han på nytt tatt for bloddoping.

Foto: ARD

Det kom seinare fram at Schmidt også hadde supplert syklistar, som Stefan Denifl og Georg Preidler.

Eitt år seinare kjem det no fram at Schmidt skal vere mannen bak den nye dopingmetoden.

Lite kjennskap til dopingmiddelet

Det er tysk og austerriksk politi som har oppdaga det nye dopingmiddelet.

Ifølge avisa Het Nieuwsblad, som er sitert av blant anna Cycling News, skal etterforskarane ha informasjon om at dopingmiddelet blei brukt av syklistar under 2016-17-sesongane.

Namnet på produktet er Hemoglobin H7379.

Kommunikasjonsleiar i Antidoping Norge, Halvor Byfuglien, fortel til NRK at dei veit lite om det nye dopingmiddelet.

– Eg må nok ærleg innrømme at me ikkje kjenner veldig godt til det, seier Byfuglien.

H7379 er eit frysetørka pulver. Hemoglobinet er vunne ut frå menneskeleg blod. Det er ikkje påvist at produktet har ein prestasjonsfremmande effekt.

Doktor Yvette Dehnes er leiar for Noregs laboratorium for dopinganalyse. Ho blir svært overraska om det er utbreitt bruk av det nye dopingmiddelet.

– Me ville blitt svært overraska dersom bruken av H7379 viser seg å vere utbreitt innan sport, seier Dehnes.

– Det her er ei oppsiktsvekkande historie, seier Steinar Madsen engasjert i telefonen.

Madsen er medisinsk fagdirektør i Statens legemiddelverk. Han blir nærmast sjokkert når han får høyre at stoffet skal ha blitt brukt som doping.

– For å tore å gjere det her, så må dei ha gjort nokre eksperiment, for det her kan vere livsfarleg.

Kvifor det?

– For viss ein har for mykje hemoglobin i blodet, så kan nyrene bli blokkert. Det kan føre til akutt nyresvikt. Det er også ein sjanse for at det kan oppstå klumpar i blodårene. Det vil kunne føre til hjerneslag og hjarteinfarkt. Så det her er heilt utruleg, seier Madsen.

Tom Simpson på sykkelen i Tour de France

DØYDDE: På veg opp Mont Ventoux kollapsa Tom Simpson i Tour de France i 1967. Briten døydde på veg til sjukehuset. Legane konkluderte med at årsaka til dødsfallet var misbruk av amfetamin, som blei brukt som dopingmiddel på den tida.

Foto: Scanpix / AFP

Madsen trur at utøvarar som held på med uthaldenheits-idrettar er spesielt utsett for det nye dopingmiddelet.

– Det her vil jo kunne vere ekstra farleg under eit sykkelløp til dømes. Dei drikk jo undervegs, men dei har jo ein risiko for å gå i væske-underskot. Det gjer at risikoen for nyreskade er enda større, seier han.

Hemoglobin bind oksygen, og kan ved hjelp av blodtransport levere oksygen til musklar og organ i kroppen. Effekten av H7379 vil teoretisk sett kunne fungere som ved blodoverføring: Ein umiddelbar auke av oksygentransport og -opptak.

Preparatet er ikkje produsert og testa for at menneske skal bruke det, og det er heller ikkje påvist at produktet har ein prestasjonsfremmande effekt.

– Eg har mine tvil på at det her i det heile teke vil fungere. Etter min vurdering så vil det berre vere livsfarleg, fortel Madsen.

Kan få kjøpt det på nettet

Til sykkel-nettsida Cycling News bekreftar verdas antidopingbyrå (WADA) at H7379 står på dopinglista.

Likevel er det relativt enkelt å få tak i dopingmiddelet.

– Eg søkte på Google, og fann forskjellige stader dei selde det her, og nokre av nettsidene var det heilt greitt å få bestilt det. Blant anna ei tysk nettside, der var det så vidt eg kunne sjå ingen restriksjonar for å få bestilt det, seier Madsen.

Kvifor er det så enkelt?

– Det stoffet her er tiltenkt å bli brukt i forskingsformål i laboratorium. Eg kan tenke meg at ingen i sin villaste fantasi kunne tenkt seg at det her kunne skje, svarer han.

Han trur at dopingnettverket har gjort forsking på det her i ulovleg regi.

– For at dei som dopar seg skal tore å gjere dette så må dei ha ekspertar som veit ein del om det på laget. Det seier jo litt om kor omfattande dopingnettverket er, seier han.

Tvilar på at nordmenn er involvert

Helserisiko har likevel ikkje stoppa utøvarar frå å dope seg tidlegare.

Mange sit med ei kjensle av at utøvarane alltid er eit steg framfor dopingkontrollørane, og det er ikkje utenkeleg at det er tilfelle denne gongen også.

– Utøvarane har fordelen av at dei kan ta i bruk eit kvart nytt eller gammalt stoff som kan tenkast å ha ein effekt, og laboratoria kan ikkje teste alle prøver for alt mogleg. Me må stelle oss til WADAs liste over forbodne stoff som blir oppdatert kvart år, og der antatt prestasjonsfremmande effekt og mogleg misbruk er med på å avgjere om nye stoff skal bli inkludert i lista og dermed våre metodar. Når det gjeld hemoglobinbaserte oksygenberarar som H7379, har vi allereie ein metode, seier Dehnes.

– Me har fordelen av at dopingprøvar kan bli lagra i inntil ti år, og blir analysert på nytt når bruk av nye dopingmiddel blir kjent eller nye metodar er utvikla. Dette inneber at dei som juksar i dag risikerer å bli tatt på eit seinare tidspunkt, slik vi har sett for mange OL-utøvarar.

Er det tenkeleg at norske utøvarar har tatt det i bruk?

– Me utelukkar aldri at norske utøvarar tar i bruk nye dopingmiddel. Når det gjeld akkurat dette produktet stiller eg meg derimot sterkt tvilande til det. H7379 har rett og slett ein altfor høg helserisiko, svarer ho.

Dopinglaboratoria har moglegheit til å teste dopingprøver ti år etter at dei er avlagt.

I Antidoping Norge meiner dei derfor at ingen skal føle seg trygge på å ta nye og uoppdaga dopingmiddel.

– Eg trur utøvarane aldri skal vere trygge på kva slags analysemetodar me har. Den dopinga du kanskje forsøker deg med i 2020 kan du bli avslørt for i 2030, seier Byfuglien.

Siste nytt

  • KFUM-tapte etter omdiskutert scoring

    Strømsgodset vant 3-1 borte mot KFUM Oslo i Eliteserien tirsdag kveld.

    I forkant av Herman Stengels 2-0-scoring mente KFUM at de burde fått frispark da Godsets Logi Tómasson hadde en «høy fot» i duellen med KFUM-stopper Momodou Lion Njie, som gikk inn i duellen med hodet.

    – Jeg tør ikke å gå inn ordentlig med hodet når foten hans er såpass høy, men det er tydeligvis lov, sa KFUMs Momodou Lion Njie til TV 2 i pausen.

    KFUM-trener Johannes Moesgaard var ikke like bestemt.

    – Ja, det er høyt spark. Men i pausen sa jeg at han må ofre tennene og ta den i ansiktet, for da blåser dommeren. Hvis ikke får vi ikke noe. Vi kan ikke trekke oss slik som det. Jeg trenger mer hjerte og sjel enn det, sa Moesgaard om situasjonen til TV 2 i pausen.

    Strømsgodset tok ledelsen allerede etter seks minutter. Eirik Ulland Andersen scoret etter et nydelig angrep.

    KFUM styrte det meste av spillet i førsteomgang, men uten å skape de største sjansene.

    I stedet var det Strømsgodset som var effektive. Da Herman Stengel scoret 2-0 målet like før pause.

    Etter pause fikk KFUM reduseringen. Midtbanespiller Simen Hestnes viste frem skuddfoten og klinket ballen i lengste hjørne fra 15-meter. Dermed stod det 2-1.

    Hjemmelaget fortsatte å presse på etter scoringer og skapte flere store muligheter, men nok en gang var det bortelaget som scoret mot spillets gang da Stengel fastslo resultatet til 3-1.

    KFUM
    Foto: NTB
  • Nadal gjorde kort prosess i etterlengtet comeback – feide Cobolli av grusen

    Rafael Nadal imponerte da han endelig var tilbake på tennisbanen igjen. 37-åringen feide Flavio Cobolli av grusen i Barcelona Open.

    Nadal vant 6-2, 6-3 over den 62.-rangerte italieneren. Dermed tok han seg videre til kamp mot Alex de Minaur i neste runde. Nadal har vunnet turneringen 12 ganger.

    Det var gruskongens første kamp på favorittunderlaget siden han slo Casper Ruud i finalen i Roland-Garros i juni 2022. Han har vært plaget av skader siden da, og hans forrige kamp var i januar.

    Under skadeoppholdet har Nadal falt til 644.-plass på ATP-rankingen. (NTB)

    Nadal
    Foto: NTB
  • Norges håndballmenn møter Danmark og Frankrike i OL-gruppespillet

    Norge kom i gruppe med blant andre Danmark og tittelforsvarer Frankrike da trekningen for OL-turneringen i håndball for menn ble foretatt i Paris.

    Tirsdagens trekning ble foretatt i forbindelse med styremøtet i Det internasjonale håndballforbundet (IHF) i OL-byen.

    Norge havnet i gruppe B med Danmark, Ungarn, Frankrike, Egypt og Argentina.

    De tolv OL-klare nasjonene ble fordelt i to grupper med seks lag i hver. De fire beste i hver gruppe tar seg til kvartfinalene.

    OL-turneringen i håndball spilles fra 27. juli til 11. august. Innledningskampene er lagt til Paris Expo Porte de Versailles, og finalerundene skal spilles i Stade Pierre-Mauroy i Lille.

    Frankrike er tittelforsvarer i OL både for kvinner og menn. (NTB)

    EHF 2024 Mens European Handball Championship Main Round Norway v Portugal
    Foto: CATHRIN MUELLER / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal