Skadeplaga Moen ofrar prestisjen i EM: – Ikkje den beste som vinn

Han skulle helst ha delteke på 10.000-meter, men Sondre Nordstad Moen prioriterer i staden ein distanse han meiner ikkje har så høg prestisje i EM.

Sondre Moen

HÅPER PÅ MARATONMEDALJE: Sondre Nordstad Moen er ikkje optimalt førebudd, men håper likevel på medalje på maraton under EM i Berlin søndag.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

– Sett vekk frå OL har maratonane under meisterskapa mindre status enn dei større bymaratonane. Det er ein større prestasjon å vinne 10.000 enn maraton under EM, seier landets beste langdistanseløpar.

– Vinn du London Maraton, så er du best. Men du er ikkje nødvendigvis verdas beste om du vinn maraton under VM, utdjupar Sondre Nordstad Moen.

Søndag skal han i aksjon under EM i Berlin, men altså ikkje på den distansen han helst skulle ha delteke på.

– Maraton passar betre

Moen føler seg rett og slett ikkje i god nok form til å delta på 10.000 meter, der han mislukkast under Bislett Games i vår.

Sondre Moen

Sondre Nordstad Moen har slite med skadar og sjukdom etter det fantastiske løpet i desember.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

– Etter Bislett Games har eg ikkje klart å gjennomføre dei baneøktene som må til for å hevde seg på den distansen. Lyskeproblem har sett ein stoppar for det. Men det har gått greitt å trene med lågare fart. Då passar maraton betre, forklarer Moen til NRK.

Det var i desember 2017 trønderen sprang inn til tida 2.05,48 under Fukouka Maraton i Japan. Ingen europear hadde nokon sprunge raskare på den tradisjonsrike distansen.

Problematisk sesong

Ein skulle kanskje då tru at Moen skulle vere storfavoritt under søndagens EM-maraton. Så enkelt er det ikkje. Moen har nemleg slite med skade- og sjukdomsproblem gjennom store delar av året.

Oppladinga til EM har derfor vore alt anna enn optimal.

– Eg kan berre fokusere på det eg kan få gjort noko med, seier Sondre Nordstad Moen.

Og utdjupar:

– Når du står på startstreken har du gjort det du kan på førehand og må gjere det optimale ut av situasjonen. I toppform eller ei, ein får berre gjere det beste ut av det.

Sondre Nordstad Moen

Sondre Nordstad Moen skulle gå for norsk rekord på 10.000 meter, men det gjekk tyngre enn venta. Tida vart 28.37,92.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

To medaljekandidatar?

Sjølv om Moen verken er i toppform eller deltek på distansen han meiner har mest prestisje, ser han ikkje vekk frå at han kan reise heim frå Berlin med medalje rundt halsen.

– Kjem eg i mål, er eg ein medaljekandidat, meiner 27-åringen.

Som er glad for at temperaturen i Berlin har gått litt ned dei siste dagane. Likevel trur han verken han sjølv eller andre kjem til å nærme seg supertida hans frå desember. Moen ser for seg ei vinnartid rundt 2.11 eller 2.12.

Sondre Nordstad Moen er ikkje det einaste norske håpet på maraton. Weldu Negash Gebretsadik, som ikkje fekk godkjenning til å delta før sist veke, stiller på startstreken med ei offensiv haldning.

– Eg har trena mykje og forma er bra. Eg håper på medalje, smiler Gebretsadik.

Weldu Negash Gebretsadik

Weldu Negash Gebretsadik budde på asylmottak då han tilfeldigvis vart oppdaga av ein mosjonist då han var ute og trena.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Siste nytt

  • Eliteserielagene videre i cupen

    Alle de fire eliteserielagene tok seg videre fra andre runde i cupen torsdag. Mest spenning ble det på Ullern kunstgress. Mounir Hamoud sendte Strømsgodset i ledelsen etter 37 minutter, men da Oslo-laget pådro seg et rødt kort like før pause ble det vanskelig for det unge 3.divisjonslaget.

    Resultater: Hinna – Viking 1-4, Sunndal - Molde 0-4, Åsane - Brann 0-2 og Ullern - Strømsgodset 0–1.

    Åsane - Brann
    Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
  • Ruud møter Gulbis

    Casper Ruud møter Ernests Gulbis (Tsjekkia) i første runde av Roland Garros.

    Gulbis er nummer 80 på ATP-rankingen, 17 plasser bak den unge nordmannen.

    Det deltar 128 spillere, og finalen avgjøres 9. juni.

    Tennisproffen Casper Ruud
    Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
  • Vidåpen trekning for Ruud

    Casper Ruud kan trekkes mot Novak Djokovic eller turneringens svakeste spiller når kampoppsettet i Roland-Garros kommer i kveld. I Grand Slam-turneringer er seedede spillere sikret å ikke møtes før i tredje runde. Ruud er på 63. plass på rankingen.

    Casper Ruud
    Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal