Skadekrise for Dio: – Han er knust

Hulls norske nysignering Adama Diomande er ute i åtte veker og går glipp EM-kvalifiseringa denne hausten.

Steve bruce

TUNG BESKJED: Hull-manager Steve Bruce er ikkje fornøgd med at Adama Diomande er ute i åtte veker.

Foto: Andrew Yates / Reuters

– I utgangspunktet trudde vi at han bare hadde ein vanleg lyskestrekk, som han fekk sist han spelte kamp. Uheldigvis viser det seg å vere meir alvorleg, seier Hull-manager Steve Bruce til Hull Daily Mail.

Diomande blei klar for Hull to minutt før overgangsvinduet stengte i førre veke.

– Han fekk medisinsk behandling i Oslo på siste dag av overgangsvinduet fordi vi ikkje rakk å få han over til England, seier Bruce.

– I ettertid viser det seg at han treng operasjon. Vi trudde han kanskje var ute i to til tre veker. No viser det seg at han er ute i seks til åtte veker.

Marerittstart

Bruce fortel at Diomande er langt nede etter sjokkbeskjeden.

diomande

– KNUST: Hull-spelar Adama Diomande.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Han er knust, seier Hull-manageren.

25-åringen har ikkje spelt ein kamp sidan 4-2-triumfen over Sandefjord 22. august.

Diomande scora 17 mål på 21 kampar for Stabæk før han i førre veke blei kjøpt av Hull for ca. 25 millionar kroner.

No må han vente ekstra lenge på debuten for Championship-klubben, som jaktar opprykk til Premier League.

Går glipp av EM-kvalifisering

Uheldig er det også at storscoraren ikkje får med seg landskampane mot Malta og Italia i oktober. Norge jaktar EM-plass, og må aller helst vinne mot Malta og ta poeng borte mot Italia.

Kommentator Lars Tjærnås håpar det har lite å seie at Diomande er ute ettersom laget no har vist styrke utan Hull-spelaren.

– Det er ikkje så ille som det hadde vore tidlegare i EM-kvalifiseringa. No har vi funne eit kollektiv som fungerer, og som er godt balansert. Dessutan er Joshua King truleg tilbake og han har nokon av dei same eigenskapane, seier Max-kommentatoren.

Joshua King var tilbake i trening med Bournemouth denne veka.

Siste nytt

  • Her kjører Mowinckel ut

    Ragnhild Mowinckel mistet balansen og kjørte ut i sesongens første verdenscuprenn i utfor i Lake Louise. Alpinisten virket uskadet og reiste seg etter hvert for egen maskin. Maria Therese Tviberg (startnummer 42) imponerte med en foreløpig 13.-plass. Ilka Stuhec leder når drøyt 50 jenter har fullført rennet.

    Ragnhild Mowinckel falt i Lake Loise. Komm.: Ole Kristian Stoltenberg og Bjarne Solbakken.

Sendeplan

Kl. Program Kanal