NRK Meny
Normal

Sjukdomstrøbbel: Norge må spele utan reindyrka venstrekant

DEBRECEN (NRK.no): – Vi kan ikkje gå inn i semifinalen utan venstrekant. Det er bekymringsverdig, seier NRKs handballekspert Øystein Havang.

Herrem

Camilla Herrem og Sanna Solberg er ramma av sjukdom.

Foto: Marko Drobnjakovic / Ap

Sjukdom blir eit stadig større problem for landslagssjef Thorir Hergeirsson og handballjentene i EM.

Like før kveldens møte med Ungarn blei det kjent at Camilla Herrem og Sanna Solberg er sjuke. Det betyr at Norge må klare seg utan venstrekant i det siste oppgjøret før semifinalen.

– Det er bekymringsverdig, seier NRKs handballekspert, Øystein Havang.

– Kor dramatisk er det å mangle reindyrka spelarar i den posisjonen?

– Så lenge kontringar er del av vår vinnaroppskrift så er det ein sentral posisjon i vårt kontringsspel. Den som skal inn og fylle den må omstille hovudet og tenke kant, seier Havang.

– Vi kan ikkje gå inn i semifinalen utan venstrekantar. Då blir det verdas raskaste omskulering for dei som skal erstatte. Då må ein tenke taktisk med tanke på korleis ein løyser det, fortel handballeksperten.

– Kven kan ta plassen for dei i dag?

– Stine Bredal Oftedal kan, elles kan Betina Riegelhuth, Veronica Kristiansen, Ida Alstad kan rullere på den plassen. Det er ikkje hundre prosent katastrofe. Dersom det hadde vore avgjørande kamp kunne det skapt uro.

I tillegg har Emilie Hegh Arntzen feber og er isolert frå troppen. I går hadde keeperduoen Silje Solberg og Emily Stang Sando feber. Begge er med i troppen mot Ungarn i kveld.

Også assistenttrenar Mia Hermansson er sjuk og kan ikkje stille på benken i kveld.

– Eg trur laget er prega av det, men var dette ein kamp vi måtte vinne trur eg enten Sanna Solberg eller Camilla Herrem hadde spelt. Vi får håpe at det ikkje vedvarer, seier Havang.

Siste nytt

  • Johansen-scoring i Fulham-tap

    Norges landslagskaptein, Stefan Johansen, scoret sitt fjerde seriemål for sesongen da Fulham tapte 1–2 mot Aston Villa i engelsk mesterskapsserie lørdag.

    Stefan Johansen
    Foto: Alan Walter / Reuters
  • AaFK reddet poeng på overtid

    Aalesund utlignet til 1-1 på overtid mot Kristiansund lørdag. Dermed sikret de seg et viktig poeng i nedrykksstriden. Like før slutt stormet Kristiansunds Torgil Gjertsen mot AaFK-målet som var åpent, men sentret i stedet for å skyte og det ble bom.

    Aalesund - Kristiansund.
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal