NRK Meny
Normal

Sjuk Moan droppar Predazzo

Magnus Moan er forkjøla og står over kombinertrenna i Predazzo i helga. Men han lovar å vere tilbake neste helg.

Magnus Moan
Foto: Hans Punz / AP

- Eg er betre i dag enn i går, og kan nok gå ein skitur søndag eller måndag. Men konkurranse denne helga går ikkje, seier Moan til NRK.

Nettradio: Moan er forkjøla

Nettradio: Trenaren ventar på informasjon

- Blei det for hard nyttårsfeiring?

- Nei, det er garantet ikkje årsaka. Eg var sjåfør på nyttårsafta, seier han.

Moan har vore i god form etter jul med siger, tredjeplass og fjerdeplass som resultat.

- Derfor var det litt surt å bli sjuk no når formen og sjølvtilliten var god. Men sjukdom er sjukdom, slår Moan fast.

Ikkje avgjerande

Hen trur ikkje dette er avgjerande for verdscupen.

- Det har vore sju-åtte ulike vinnarar av renna hittil i vinter, så det er svært jamnt. Eg hadde hatt bruk for nokre poeng denne helga, men sesongen er lang, og eg kan godt stå på toppen når det heile er over, seier Moan.

- Og du er med igjen i Klingenthal neste helg?

- Garantert.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM feltritt: Sprangridning
EM feltritt: Sprangridning
EM feltritt: Sprangridning
Friidrett: Diamond League fra Birmingham
Friidrett: Diamond League
Friidrett: Diamond League
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
Radiosporten følger den 20.runden av Eliteserien
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten