Sju skadd då kamera fall ned
Sju meneske vart lettare skadd då eit kamera stort som ein motorsykkel fall 20 meter midt i Olympiaparken i Rio i natt. To av dei skadde er barn. – Det såg ut som ein flygande tallerk som kom gjennom lufta og krasja i bakken, seier eit augevitne.