Ikkje berre er ingen norske lag representert i meisterligaen eller Europaligaen dette året.
Norske utanlandsproffar slit også med å sleppe til for sine respektive lag i dei to turneringane. Seks nordmenn kunne i teorien fått sjansen i torsdagens runde, men alle vart plassert på benken. Dei fleste fekk aldri speletid.
Neste veke er det igjen viktige landskampar i VM-kvalifiseringa mot Aserbajdsjan og San Marino.
– Dårlegare enn på veldig lenge
– Me ligg dårlegare an i Europa enn på veldig lenge. Fakta slår på ein måte i hjel ein kvar diskusjon, seier NRKs fotballekspert Tom Nordlie.
For her er dei harde fakta frå gårsdagen.
- Tarik Elyounoussi (Olympiakos) sat på benken gjennom heile kampen i oppgjeret mot kypriotiske APOEL, medan Omar Elabdelloue er skada og var ikkje i troppen.
- Alexander Söderlund (St.Etienne) starta på benken og kom inn i det 76 minutt mot belgiske Anderlecht. Ole Selnæs var ikkje med i troppen, men er til vanleg fast på laget og blei spart i europaligakampen.
- Stian Ringstad (Braga) kunne fått prøve seg mot ukrainske Shakhtar Donetsk for sin portugisiske klubb Braga, men var ikkje i troppen.
- Fredrik Gulbrandsen (Red Bull Salzburg) Var i troppen til austerrikarane på bortebane mot Schalke 04, men fekk ikkje sleppe til på banen.
Mange klubbytte
I meisterligaen onsdag sat Tom Høgli på benken gjennom heile kampen for FC Köbenhavn, medan Kristoffer Ajer ikkje var i troppen
Per-Mathias Høgmo medgir at det er ein vanskeleg situasjon for mange av utanlandsproffane i troppen.
– Det er utfordrande at ni av spelarane i troppen er heilt i starfasen i sine klubbar, og dermed er i etableringsfasen. Det er likevel ein betring sidan sist uttak, meiner Høgmo og tenkjer på dei mange skadeforfalla til Tyskland-kampen.
Tom Nordlie meiner også grunnen til benkeslitinga er mange klubbytter denne sommaren.
– Dei fleste som ikkje har fått speletid har nettopp bytta klubb og treng litt akklimatisering. Sånn sett er det uheldig for landslaget akkurat nå, men på sikt er det bra at dei spelar i betre ligaer enn den norske. Men akkurat nå er det ein utfordring, meiner Nordlie.
– Lang veg å gå
Nordlie nemner spelarar som Skjelbred, Jarstein og Tettey som får spele fast i sine klubbar, men utanom Tettey er det vanskeleg for dei andre England-proffane.
Martin Samuelsen har to korte innhopp for Blackburn sidan førre landslagsperiode, Joshua King slit med skade og Markus Henriksen er heller ikkje heilt inne i varmen hos Hull enda.
– Det er dumt for norsk fotball, det er ein veg å gå der. Det positive er at me har fleire spelarar ute enn på mange år. Utfordringa er å få dei inn på laget, seier Nordlie.