– Det berre ein av dei dagane der vi gjer meir enn nok til å score tre eller fire mål. Vi hadde nokre store sjansar, men keeperen gjorde nokre fantastiske redningar.
– Gutane gjorde det dei skulle i dag, men vi slapp inn mål på slurvete feil, og vi klarte ikkje å score sjølve, seier Solskjær i intervjuet vist på TV 2.
For 13 minutt før slutt kom avgjerda på Molineux Stadium. United-stoppar Chris Smalling sette ballen i eige nett, og påførte Ole Gunnar Solskjær eit nytt tap mot Wolves.
Solskjær måtte klare seg utan ein sjuk Marcus Rashford og hadde gjort heile seks endringar frå 2-1-sigeren mot Watford i helga.
Romelu Lukaku var blant anna tilbake som midtspiss, og Victor Lindelöf var inne igjen i midtforsvaret etter konas fødsel.
Supertreff
Wolverhampton banka United ut av kvartfinalen i FA-cupen for få veker sidan, og blei sett på som ein tøff bortekamp i jakta på ei topp fire-plassering som gjev meisterligaplass.
United kunne tatt leiinga etter berre fem minutt, men Lukakus heading frå fem meter gjekk rett på Wolves-keeper Patricio.
Men etter 13 minutt fekk ungguten Scott Mctominay kjempetreff frå 20 meter. Ballen suste bortover det våte graset og ned i hjørnet. Dermed kunne Solskjær juble for ei sterk leiing i sin andre kamp som fast manager.
Det gav blod på tann for dei raude djevlane som festa grepet om kampen med fleire store sjansar. Både Jesse Lingard og målscorar Scott McTominay kunne auka leiinga, men ein god Patricio i Wolves-buret hindra fleire mål.
Etter 25 minutt var det derimot Wolverhampton sin tur til å slå tilbake. Uniteds midtbanemann Fred klønte det til og mista ballen i farleg sone. Tabben blei nådelaust straffa av heimelaget. Ein svært aktiv og god Diogo Jota blei spelt fri, og åleine gjennom med keeper David de Gea plasserte spissen ballen iskaldt i hjørnet.
– Det er sånt som skjer, det var nokre dårlege avgjerder der, men det er bakdelen når du prøvar å spele med høg risiko, seier Solskjær.
Utvising
Etter pause prøvde United å feste grepet om kampen og burde tatt leiinga ti minutt ut i omgangen. Innlegget frå Lukaku blei stussa vidare i feltet av Paul Pogba, men stupheadinga frå McTominay gjekk rettt på keeper Rui Patrício.
Like etter gjekk United på ein ny smell. Høgreback Ashley Young blei alt for sein i ei takling på Diogo Jota og pådrog seg sitt andre gule kort. Det betyr raudt kort, og dermed var United redusert til ti mann med 35 minutt igjen av oppgjeret.
Tøft
Og i det 77. minuttet kom sigersmålet. Joao Mouthino slo ballen inn frå venstrekanten til spissen Jimenez som var sterk i boksen. I duellen gjekk ballen i Smalling og i mål.
Wolverhamtons Ivan Cavaleiro burde auka til 3-1 heilt på tampen, men skotet dundra i tverrliggaren. Solskjær sende alle mann fram i jakta på ei utlikning, men heimelaget hadde full kontroll på slutten.
No ser det tøffare ut i kampen om ei topp fire-plassering. Manchester United ligg på ein femteplass med 61 poeng, men har éin kamp meir spelt enn både Tottenham og Chelsea som ligg på plassane rundt. Arsenal er på tredjeplass med 63 poeng. (Sjå tabell under)
– Det er tre poeng tapt. Vi veit at vi må ha 15 poeng til for å klare topp fire. Vi har framleis seks kampar igjen for å ta dei poenga. Vi må berre sjå framover, seier Ole Gunnar Solskjær.