Sjølvkritisk etter skadeproblema: – Forstår ikkje kva eg gjorde

SANDNES (NRK): Henrik Ingebrigtsen innrømmer at han har gjort store feil gang på gang i opptrening etter skader. Nå håpar 29-åringen at han endeleg har blitt klokare.

Henrik Ingebrigtsen

Henrik Ingebrigtsen har medalje i EM som det store målet denne sesongen.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB Scanpix

– Hadde eg vore hest hadde eg vore pølse for lenge sidan.

Henrik Ingebrigtsen flirer. Han fortel om dei siste sesongane som alle har blitt svært prega av skader. Eldstebror Ingebrigtsen (av dei springande) har lagt seg under kniven gang på gang etter sesongslutt.

– Ulogisk og irrasjonelt

I fjor haust var det hælen. Akkurat som etter OL i 2016. Nå er 29-åringen i ferd med å legge bak seg ein ny treningsvinter der målet har vore å kome seg tilbake etter skade og nærme seg veslebrørne.

I siste episode av podkasten «I det lange løp» med NRKs langrenns- og friidrettskommentator, Jann Post innrømmer han at han er sin eigen verste fiende.

Fleire gonger har Ingebrigtsen starta hardtreninga for tidleg etter skade og øydelagd mykje.

Ingebrigtsen i terreng-NM

I fjor avslutta Henrik Ingebrigtsen sesongen med å ta gull i terreng-NM i Frognerparken. 29-åringen låg lenge saman med langrennsløpar Didrik Tønseth, men rykka ifrå dei siste kilometrane.

Foto: Tore Meek / NTB Scanpix

Eg vil jo tru at eg har blitt litt klokare. Men eg kjenner meg sjølv så godt, at det eg gjer nå er å prøve og ikkje sette meg i situasjonar der eg veit eg ikkje klarer å seie nei, seier Ingebrigtsen og utdjupar:

– Når eg tek eit par steg tilbake, analyserer situasjoen og ting som har skjedd. Så klarer eg jo ikkje å forstå kvifor eg gjorde dei tinga eg gjorde. Eller eg forstår det, men det er ikkje rasjonelt. Det er drive av noko heilt anna som er ulogisk og irrasjonelt.

Sprang tre distansar i NM med skade

Han nemner eit innandørs-NM i 2016 som eksempel. Den vinteren gjorde skadeproblem det vanskeleg på trening og Henrik forstod at han ikkje kunne hamle opp med veslebror Filip i meisterskapet.

Der andre utøvarar da kanskje tenkjer ein skal stå over, gjer Henrik Ingebrigtsen det motsette.

– Da er det ein ting i meg som klikkar og seier at da skal eg iallfall gjere det. Eg hadde hamstringproblem og dødsvondt i tåa, men den helga sprang eg 1500, 3000 og 800 meter, seier han og ler.

Helsinki 2012 EM

Med gull på 1500 meter i EM i Helsinki i 2012 slo Henrik Ingebrigtsen verkeleg gjennom. I podkasten I det lange løp fortel han om treninga opp mot gjennombrotet.

Foto: ADRIAN DENNIS / AFP

– Heldigvis er ikkje sykkelstiar og skogen stengt

I mars 2020 meiner han ting ser betre ut enn på lenge. Sjølv om sesongen akkurat nå er umogleg å seie korleis vil sjå ut.

– Treningsmessig går ting som normalt, me kan jo ikkje berre ta pause. Me er heldige som held på med løping. Sykkelstiar og skogen er jo foreløpig ikkje stengt ned. Samtidig får me ikkje sprunge på bane, så det er jo ei avgrensing for oss også. Men det er ikkje me som har det verst. Me må ta vår del av jobben og ta dei omsyna som trengst, fortel Ingebrigtsen til NRK denne veka (podkasten er teken opp før koronakrisa eskalerte)

Ingen av brørne er i karantene. Filip er heime i Oslo, medan Henrik og Jakob trenar ein del saman i Sandnes. Trenar og far Gjert Ingebrigtsen seier til NRK at koronasituasjonen ikkje påverkar treninga til brørne i det heile tatt.

Men Henrik har sett seg sjølv delvis i karantene, og seier med eit flir at det ikkje er så annleis enn dei til vanleg gjer

– Me prøvar jo alltid å halde oss vekke frå store folkemengder og bli utsett for smitte, flirer han.

VM i friidrett 2019 i Doha i Qatar

I fjorårets VM i Doha var både Filip, Jakob og Henrik Ingebrigtsen i finalen på 5000 meter.

Foto: Lise Åserud / NTB Scanpix

Enn så lenge førebur Team Ingebrigtsen seg på at OL skal gå som normalt. Dei skal eigentleg på høgdeopphald til Flagstaff i USA i byrjinga av april, men utanom det gjer dei foreløpig ikkje store endringar i opplegget.

Ingebrigtsen fortel i podkasten at han har medalje i EM som årets store mål og at OL i Tokyo kjem for tidleg til å ha medaljeambisjonar.

Derfor kan ei utsetting av meisterskapet vere godt nytt.

– Ja, eigentleg. Til meir trening eg får før eg konkurrerer, jo betre er det. Men samtidig er jo dette jobben vår, og sjølvsagt blir ein påverka om det blir eit år utan jobb.

  • Vil du høyre meir om Henrik Ingebrigtsens treningsregime, kvifor han hadde ski-VM i Oslo som sitt store mål og kor fort han kan springe i 2020-sesongen? Høyr podkasten «I det lange løp» her og på appen NRK radio

Siste nytt

  • Tre nykommere på årets hopplandslag

    Hopplandslaget utvides fra 12 til 15 utøvere. Anders Håre (20), Thea Minyan Bjørseth (16) og Eirin Kvandal (18) er nye på laget. Kvinnelandslaget blir utvidet til seks utøvere, mens ni utøvere er tatt ut til herrelandslaget. Landslaget innleder med samling på Lillehammer denne uken.

    Hopp
    Foto: Gorm Kallestad
  • Lundby mottok Raw Air-prisen

    Maren Lundby vant som kjent Raw Air sammenlagt i mars, men turneringen ble avbrutt på grunn av koronautbruddet. Nå har hun imidlertid mottatt beviset på at hun gikk til topps i den prestisjefulle hoppturneringen. Lundby vant samtidig verdenscupen sammenlagt.

    Maren Lundby
    Foto: Frode Søreide / NRK
  • RBK henter landslagsspiller

    Kristine Minde forlater storklubben Wolfsburg til fordel for Rosenborg, melder klubben på sine nettsider. Minde, som har 107 landskamper for Norge, er spilleklar for RBK fra 1. august 2020 med kontrakt ut 2022.

    Minde
    Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal