– Det er ein positiv situasjon, vi har tre spissar som har prestert veldig, veldig bra både på klubb og landslag. Vi får sjå korleis dei føler seg og kven vi vel, seier Lagerbäck på pressekonferansen på måndag.
– Balansere laget rett
Ved sida av han sit ein av dei store kometane i europeisk fotball det siste året, Erling Braut Haaland. Han skåra 13 mål på 15 seriekampar for Borussia Dortmund og 16 mål på 14 seriekampar for Red Bull Salzburg førre sesong.
Men for Noregs A-landslag har han aldri skåra. Faktisk har han berre to kampar til no, og han får ingen garanti om at nummer tre kjem når Noreg møter Austerrike i UEFAs nasjonsliga på Ullevaal fredag.
Haaland og toppskåraren i Tyrkia, Alexander Sørloth, har utvilsamt herja meir enn Joshua King så langt i 2020, men på direkte spørsmål om King dermed ligg dårlegare an enn dei to andre, svarar Lagerbäck:
– Aller tre er i same situasjon, det er ei vurdering vi må gjere ut frå motstandarar og prioriteringar i spelet vårt. Det handlar om å balansere laget rett.
– Eg er berre glad Noreg har tre gode spissar i troppen. Og vi har nokre flotte år føre oss, så det er berre å glede seg, er Haalands svar på det.
– Vil ha dei beste på banen
Men det er ingen ting som tyder på at Borussia Dortmund-spissen siktar seg inn mot ein plass på benken.
– Eg er spiss, så eg skal levere målpoeng, og eg håpar vi kan ha mange fine stunder saman, seier han.
Lagerbäck spelar vanlegvis 4-4-2, med to spissar på topp i angrepet. Å spele med alle tre, er Lagerbäck derfor skeptisk til.
– Ein vil ha dei beste på banen, og så veit eg at ingen av dei er kantspelarar i 4-4-3, påpeikar han.
Likevel ser han ikkje bort frå det.
- Eg seier definitivt ikkje nei. I sluttfasen mot Spania spela vi med tre spissar. Det er jo sånn ein lurer på, og om ein tør å vere så offensiv mot visse lag. Men vi er så innkøyrde på å spele med to spissar, så det meste tyder på at vi gjer det, seier han.
– Vere på rett plass
At det kjem ein ny kamp mot Nord-Irland i nasjonsligaen tre dagar etter Austerrike-kampen, opnar uansett for at han får bruk for alle tre. Kampane blir også ein test før semifinalen i EM-omspelet mot Serbia 8. oktober.
Og sjølv om ikkje Lagerbäck vil love Haaland startplass fredag, tyder rosen frå sjefen på at 20-åringen i alle fall ikkje ligg dårlegare an enn spissrivalane.
- Han er veldig bra på å lese spel i boks. Det held ikkje å ha god avslutningsteknikk, det gjeld å vere på rett plass, og eg veit ikkje om han har trena seg til det eller om det er medfødt, seier landslagssjefen.