NRK Meny
Normal

Sjokktap for Federer

To meter argentinar tok sin første grand slam-tittel.

Juan Martin del Potro
Foto: EMMANUEL DUNAND / AFP

Verdseinar Roger Federer tapte i US Open for første gong på seks år. Finalen tapte han med settsiffer 6-3, 6-7 (7-5), 6-4, 6-7 (7-4), 2-6 for argentinske Juan Martin del Potro.

- Eg har ikke ord som kan forklare korleis eg har det no. Eg har hatt to draumar denne veka, den eine var å vinne US Open, og den andre var å bli like stor som Roger, sa han.

Han er den første søramerikaneren som vinn US Open sidan landsmannen Guillermo Vilas gjekk til topps i 1977.

- Livet går vidare

Federer med andrepremie
Foto: Darron Cummings / AP

Federer hadde ikkje tapt på 41 kampar, men aksepterar tapet:

- Eg prøvde alt, men det fungerte ikkje. Eg bomma på sjansane mine. Del Potro spelte særs bra i ein kamp som vart avslutta med eit tøft femte sett. Eg aksepterar tapet, livet går vidare.

Verdseinar Federer har vunne US Open i tennis dei fem siste åra, men greide altså ikkje å kopiere Bill Tilden sin rekord med seks strake seirar. (1920-1925).

Skjøner ingenting

For Juan Martin del Potro har livet nettopp byrja. Den 1.98 meter høge argentinaren er den første i historien som både har slått Rafael Nadal og Roger Federer i same turnering.

Federer redda to matchballar før Del Potro sika seieren. Sveitseren sin 11. dobbeltfeil ga Del Potro fordel, og han vann kampen då Federer sende ein forehand ut.

20-åringen sleit med å skjøne kva han hadde gjort.

- Kanskje dette går opp for meg i neste veke. Akkurat no skjønar eg ingenting, sa argentinaren etter oppgjeret.

Siste nytt

  • Rælingen mot eliteseriespill

    Rælingen, som ble nummer tre i 1. divisjon, slo eliteserielaget Sola hele 30–20 i første kvalifiseringskamp og tok et langt steg mot opprykk. Returkampen i Sola spilles søndag.

    Tonje Nøstvold, Sola
    Foto: Sander Heggheim/NRK
  • Uavgjort i bunnoppgjøret

    Stabæk og Start spilte 1-1 i onsdagens bunnoppgjør i eliteserien. Dermed står begge lagene med fire poeng etter seks serierunder. Ohi Omoijuanfo ga Stabæk ledelsen etter 70 minutter, mens Aron Sigurdarson utlignet for Start.

    Eliteserien 2018. Stabæk-Start. Nadderud Stadion.
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
  • Powell ferdig i Sandefjord

    Sandefjord Fotball bekrefter i en pressemelding onsdag kveld at Magnus Powell er ferdig som trener i klubben. Powell begynte i jobben så sent som 16. januar.

    Powell
    Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal