Hopp til innhold

Maria Thorisdottir tilbake på landslaget: Først sett ut, så sjokkert

Maria Thorisdotter har vore langtidsskadd og ikkje spela ein einaste kamp i 2016. Likevel er ho teken ut i landslagstroppen til La Manga seinare i januar.

Maria Thorisdottir

MED TIL LA MANGA: Maria Thorisdottir kan juble over plass i La Manga-troppen, trass i at ho ikkje har spela kamp på nesten eitt og eit halvt år

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Eg fekk mail for nokre dagar sidan om at eg var aktuell, og blei litt sett ut. Og då innkallinga kom i dag, vart eg vel eigentleg endå meir sjokkert, seier Thorisdottir til NRK.

– Men eg vart naturlegvis veldig glad også, legg ho til.

Nytilsett landslagssjef Martin Sjögren tok ut 23-åringen frå Klepp i sin første landslagstropp i dag, trass i at ho ikkje har spela ein kamp på snart eitt og eit halvt år.

Fekk tung beskjed

Thorisdottir reiv av eit leddband i ein kamp mot Avaldsnes i august 2015, og fekk på eit tidspunkt i fjor vår beskjed om at karrieren truleg var over.

– Det var tungt, seier ho. – I lang tid kunne eg ikkje gå skikkeleg, og mange gonger tvilte eg på om eg kunne halde fram.

– Men eitt eller anna inne i meg sa at eg ikkje skulle gi opp, og eg har halde fram med å trene, seier 23-åringen. I september var ho tilbake i fotballtrening.

– No er eg frisk, seier ho. – Foten har respondert bra, og eg har kjent at fotballformen har kome veldig fort. Det har eg ingen problem med. Men det er lenge sidan eg spela kamp, og eg har heller ikkje trena for fullt kvar dag.

Vil til EM

No har ho som mål å kunne trene fotball og vere ein del av laget kvar dag. Og ho vil gjere det best mogeleg med Klepp når sesongen tek til.

– Og så har eg som mål å kome til EM med landslaget til sommaren, seier Thorisdottir, som var med i VM i Canada i 2015, før ho blei skadd.

Maria Thorisdottir trur at ny landslagssjef kan vere ei av årsakene til at ho er innkalla til troppen på 24 spelarar.

– Martin kjenner situasjonen min, og han vil nok lære både meg og andre betre å kjenne. Han vil nok vite korleis vi er som personar både på og utanfor fotballbanen, seier Thorisdottir.

Ny i troppen er også Urædd-spelar Nora Eide Lie (19). – Ho er ein veldg spennande spelar, seier Sjögren til fotball.no.

Også Caroline Graham Hansen er med igjen etter skade.

Norge skal møte Sverige og England under opphaldet på La Manga.

Siste nytt

  • Medier: Red Bull-topp forlater laget etter Horner-anklagene

    Adrian Newey, hjernen bak Red Bull-bilen, skal være på vei bort fra Formel 1-laget etter trakassering-anklagene mot Christian Horner.

    Horner ble tidligere i år anklaget av en kvinnelig kollega, men etter en ekstern etterforskning fikk briten fortsette som Red Bull-sjef.

    Nå skal det imidlertid virke som bråket koster laget sin tekniske sjef. Newey har vært i Red Bull siden 2005, men situasjonen med Horner skal ha gjort 65-åringen urorlig.

    Det skriver flere medier torsdag, blant andre BBC, Auto Motor und Sport og Autosport.

    Neweys kontrakt med Red Bull går ut ved utgangen av 2025, men han skal ha fortalt laget at han vil videre allerede nå.

    Den genierklærte briten har blant andre vært koblet til Ferrari.

    Bahrain Grand Prix
    Foto: Hamad I Mohammed / Reuters
  • Skaslien og Nedregotten til semifinale i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten knuste Spania 9-3 og vant med det gruppen i VM i parcurling.

    Det betyr at de går direkte videre til semifinalen. Sveits, som lå likt med Norge før sist gruppespillskamp, tapte 7-8 for Japan.

    Den norske duoen endte som eneste par med sju seire på ni kamper.

    Estland ble nummer tre i gruppen og skal sammen med Sveits ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B, som fortsatt har én kamp igjen å spille.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Curling - Mixed Doubles Round Robin Session 13 - Switzerland v Norway
    Foto: ELOISA LOPEZ / Reuters
  • Ruud møter serber i Madrid

    Tennisstjernen Casper Ruud skal bryne seg på Miomir Kecmanovic i den 2. runden i storturneringen i Madrid. Serberen har vunnet flest kamper mellom de to.

    Torsdag ettermiddag vant Kecmanovic 1. runde mot kinesiske Zhang Zhizhen. Kampen var over på en drøy time og endte med sifrene 6-3, 6-2.

    Ruud har walkover til 2. runde i turneringen, der han møter Kecmanovic fredag.

    Kecmanovic vant de to første kampene mot Ruud på ATP-nivå. Det var riktig nok tilbake i 2019. Mye har skjedd for Ruud siden den gang, og i fjor ble Kecmanovic slått i finalen i Estoril.

    Italieneren Jannik Sinner venter for Ruud i en eventuell kvartfinale i den spanske hovedstaden. (NTB)

    Miomir Kecmanovic
    Foto: Denis Balibouse / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal