Hopp til innhold

Sjokk-exit for Djokovic - ute av Wimbledon

Forhåndsfavoritt Novak Djokovic rauk allereie i den tredje runden av Wimbledonturneringa i tennis. So dårleg har han aldri gjort det på 9 år.

TENNIS-GBR-WIMBLEDON

UTE: Novak Djokovic er ute av Wimbledon-turneringa

Foto: GLYN KIRK / Afp

Med Rafael Nadal ute med skade låg alt an til at verdenseinar Novak Djokovic skulle spasere til sin tredje strake Wimbledon-tittel.

Slik blei det ikkje.

Allereie i den tredje utslagsrunden gjekk Djokovic på ein kjempesmell mot amerikanske Sam Querrey, som er ranka som nummer 41 i verda. Djokovic tapte 3-1 i sett og er dermed ute av verdas største tennisturnering.

Laster Twitter-innhold

Regntrøbbel

Kampen, som starta allereie i går, har blitt avbrote fleire gonger av regn.

– Eg var klar for å starte på nytt i dag, men det var Djokovic også. Eg var heldig som fekk eit nytt regnbrot, slik at eg kunne samle meg, seier vinnar Querrey. Han var tydeleg stolt av eigne prestasjonar i intervjuet etter kampen.

TENNIS-WIMBLEDON/

SJOKKSIGER: Sam Querrey stod for den største overraskinga i Wimbledon so langt, med 3-1-siger over Novak Djokovic.

Foto: PAUL CHILDS / Reuters

– Det er heilt fantastisk, særleg her i Wimbledon, den største turneringa i verda.

Men sjølv om han slo verdenseinaren, vil han ikkje sjå på seg sjølv som nokon favoritt i turneringa.

– Han er kanskje det beste nokon sinne. Men no tek eg det ein runde om gongen. Eg er fornøgd allereie.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal