NRK Meny
Normal

– Tenker meir på damer enn skiflyging

Phillip Sjøen har aldri sett utfor ein skiflygingsbakke. Likevel er han langt frå nervøs før debuten. Men romkameraten hevdar noko heilt anna.

Sjøen og Forfang

ROMKAMERATAR: Juniorane Philip Sjøen og Johann André Forfang er begge klare for skiflyging i Vikersund, men er litt ueinige om dei er nervøse eller ei.

Foto: Norges Skiforbund / NTB scanpix

– Eg har sove som ein stein og tenkt meir på damer enn skihopping.

Phillip Sjøen mistar ikkje nattesøvnen før han skal hoppe i verdas største hoppbakke for fyrste gong. 19-åringen har sjølvtilliten på plass før kveldens kvalifisering i Vikersund.

Skal passe perfekt

– Hoppinga mi skal passe bakken perfekt har eg blitt fortalt, så eg er veldig spent.

Går du for verdsrekord?

Johann Andre Forfang

VIL OVER 200: Den ferske juniorverdsmeistaren debuterte i skiflyging i Kulm i januar, no er han klar for ny personleg rekord.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Det er jo draumen til alle som stiller til start. Kanskje er det ikkje mogleg i kveld, men viss me får litt sol inn i bakken og fine forhold som det er meldt, kan det vere mogleg, meiner Sjøen.

Romkamerat og fersk juniorverdsmeister, Johann André Forfang, kan røpe at Sjøen er litt meir nervøs enn det han kanskje gjev uttrykk for.

Meir nervøs enn han seier

– Philip har vore litt smånervøs for korleis det kjennast ut å hoppe i ein så stor bakke. Eg har betrygga han litt med at det ikkje er så så annleis som folk vil ha det til. Det er litt lengre unnarenn og litt større fart, seier Forfang som debuterte som skiflygar i Kulm tidlegare denne sesongen.

Då var han alt anna enn roleg.

– Då kjente eg ordentleg på redselen og ikkje på nervøsitet. Eg var skikkeleg redd og sat og skalv på toppen. Men no gler eg meg som ein unge til å hoppe i Vikersund, fortel Forfang som fekk fem hopp under verdscuphelga i austerrikske Kulm i januar.

Saman med Sjøen blei tromsøværingen klar for VM-laget til Falun tidlegare denne veka. No har han mål om nye personlege rekordar i helgas to verdscuprenn.

– Eg håpar å hoppe godt over 200 meter, slår Forfang fast.

Siste nytt

  • Blatter møtte Putin for «småprat»

    Tidligere FIFA-president Sepp Blatter møtte Vladimir Putin i Kreml onsdag. Blatter er i fotball-VM på invitasjon fra Russlands president. – Vi møttes i Kreml for småprat, drinker og litt mat, sier korrupsjonsutestengte Blatter til nyhetsbyrået DPA.

    SOCCER-WORLDCUP/RUSSIA-BLATTER
    Foto: Grigory Dukor / Reuters
  • Dele Alli sto over Englands trening

    Dele Alli kunne ikke trene med Englands VM-tropp torsdag på grunn av problemer med en lårmuskel. Det er usikkert om han rekker søndagens kamp mot Panama.

    Midtbanespilleren måtte ut med skade i slutten av 2-1-seieren mot Tunisia mandag.

    Russia Soccer WCup Tunisia England
    Foto: Alastair Grant / AP
  • Utestengte kunstløpdommere

    Det internasjonale skøyteforbundet (ISU) har utestengt to kinesiske kunstløpdommere for å ha gitt sine landsmenn for høye karakterer under OL i Pyeongchang. Chen Weiguang er utestengt i to år og nektes å dømme i Beijing-OL i 2022. Huang Feng slipper med ett års utelukkelse.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
NRK Sport Live
NRK Sport Live
FIFA Fotball-VM 2018: Danmark - Australia
Sport i dag
FIFA Fotball-VM 2018: Frankrike - Peru
FIFA Fotball-VM 2018: VM-studio
FIFA Fotball-VM 2018: Argentina - Kroatia
FIFA Fotball-VM 2018: Argentina - Kroatia