Kva som er den beste og mest legendariske av alle skøyterekordane, er subjektivt. Oscar Mathisens 2.17,4 er ein kandidat, Knut Johannesens 15.46,6 ein annan.
Ein sterk kandidat er Sjilkovs 7.45,6. Det er iallfall ingen rekord som har hausta så mykje mistru om dette verkeleg kunne vere mogeleg.
9. januar er det 60 år sidan meldinga kom til avisredaksjonane via telegrambyråa: Boris Sjilkov hadde ikkje berre slått den gjeldande verdsrekorden på 5000 meter og kome seg under 8 minutts-grensa. Han hadde knust alt, og verdsrekorden var på ufattelege 7.45,6.
21 sekund betre enn Kees Broekmans gjeldande offisielle rekord frå 1953, og over 18 sekund under Nikolaj Mamonovs løp frå 1952 som på det tidspunkt enno ikkje var godkjent.
Bortsett frå under Jaap Edens herjingar på 1890-talet, har aldri verdsrekorden på 5000 m blitt forbetra så mykje i eitt og same stemne.
Medvind rundt heile bana
Dette er Medeo-bana. På 1691 meter over havet og med supergunstige vindforhold var det her sett rekordar som ingan andre kunne konkurrere med
Foto: SHAMIL ZHUMATOV / REUTERSMedeo-bana utanfor Almaty i Kasakhstan – som på den tid heitte Alma Ata og låg i Sovjetunionen – var ferdig bygd i 1951. Høgfjellsbana ligg 1691 meter over havet og har heilt spesielle vindforhold som nærmast gir medvind rundt heile bana.
Den ideelle skøytebane, med andre ord. Og meldingane om ekstremt gode resultat tok til å strøyme frå bana langt der borte i søraust. Fleire av løpa gav resultat under offisielle verdsrekordar –
.Nikloaj Mamonov hadde allereie i 1952 gått 5000 på 8.03,7 på Medeo. Det vart godkjent som verdsrekord, men ikkje før i 1955, etter Sjilkovs fantomløp.
Ingen frå Vesten fekk ta del i løpa på rekordbana. Austblokklanda hadde stengt seg inne bak Jernteppet. Berre løparar frå Aust-Europa fekk gå løp der.
Det betydde at Medeo og fantomtidene derfrå nærmast var omgitt av mystikk blant aktive, leiarar og alle skøyteinteresserte i den vestlege verda: Alle hadde høyrt om den fantastiske rekordbana, men ingen hadde sett henne.
«Russiske klokker går sakte»
Derfor var resultata frå Alma Ata prega av vantru. «Dei russiske klokkene går sakte», heitte det vest for Jernteppet. Mistankane stakk djupt, og skulle vare lenge.
Frå vinteren 1953 tok dei sovjetiske løparane til å delta også i internasjonale meisterskap, i tillegg til mellom anna landskampar mot Noreg. Og løparane viste seg å vere gode også utanfor Medeo. Boris Sjilkov vann både EM og VM i 1954.
Men det var altså på nyåret 1955 det største sjokket kom. Kees Broekman hadde den offisielle rekorden på 8.06,6 frå Davos to år tidlegare. Åtteminuttsgrensa var synleg i horisonten, men likevel langt unna.
Så tikka meldinga inn: Boris Sjilkov hadde gått på 7.45,6!
– Dårleg planlagt løp
Ørnulf Samuelsen, i nokre år sekretær i Norges Skøyteforbund, møtte Sjilkov på Medeo mange år seinare og diskuterte rekordløpet.
– Løpet var dårleg planlagt. Sjilkov og trenaren bestemte seg for eit skjema til 8 blank, men det sprengde han tidleg. Betre skjema fanst ikkje, og mot slutten vinka trenaren Sjilkov berre fortare og fortare fram, fortalde Samuelsen til Hans Werp som har fortalt dette i
.Sjilkov hadde inntil då vore best på 1500 meter. Derfor la han iveg i 1500-meterstakt. På den raske isen i nesten 1700 meters høgde heldt han farten heilt til mål. Til tida som fekk skøyteverda til å gå av hengslene. Og som sende Sjilkov rett til topps på Adelskalenderen – ein plass han ikkje skulle gi frå seg før fire år etterpå.
Men først under åtte minutt var han ikkje. I paret før hadde Dmitrij Sakunenko gått på 7.54,9 – også det eit resultat i fantasiklassen. Også tre andre løparar skulle gå under Broekmans rekord denne dagen, men ingen av dei kom ned på sjutalet.
Video: Boris Sjilkovs rekordløp vart ikkje filma. Men her ser vi han i aksjon på 1500 m under VM på Bislett i 1956, berre eit par veker etter at han hadde blitt olympisk meister på 5000 m i Cortina. (Artikkelen held fram under videoen)
– Desse tidene øydelegg skøytesporten
Her vest var skepsisen og uroa stor. Plutseleg var Hjallis åleine mot ni russarar på toppen av Adelskalenderen. Medeo-stemnet var full firkamp, og seks løparar kom under Sverre Farstads verdsrekord samanlagt.
Skøytemiljøa og avisene var fulle av skeptiske kommentatar. Den nedelandske ISU-styremedlemmet Claes Schenk uttalte seg skråsikkert om at tidene aldri kom til å bli godkjende, fordi stemnet ikkje var forskriftsmessig godkjent. Det same sa Kees Broekman.
– Alma Ata-tidene har øydelagt skøytesporten, sa trenar Hary Haraldsen til VG.
Den svenske skøyteleiaren Sven Låftmann foreslo som ein konsekvens av dei sterke tidene at skøytesporten ikkje lenger skulle notere verdsrekordar, berre banerekordar.
Gjekk fort også utanfor Medeo
Men rekorden vart godkjend, den. Og året etter beviste Sjilkov at han kunne gå fort også utanfor Alma Ata. I OL på Misurina-sjøen i Cortina tok han gull på 5000 meter med 7.48,7, berre 3,1 sekund bak si eiga fantomtid, og langt føre sølvvinnar Sigge Ericsson og bronsevinnar Oleg Gontsjarenko, som begge også gjekk under 8 minutt (7.56,7 og 7.57,5).
Først då stilna mistankane om 7.45,6 og «russiske klokker». Og om at Sjilkovs drøymeløp var ein kombinasjon av flaks og «Medeo-vinden».
God på 5000 - svak på 10.000
Men OL-gull og fantasitid på 5000 m til trass: 10.000-meteren var hans akilleshæl. Der tapte han mange meisterskap. I VM i 1953 (sølv), 1955 (bronse) og 1957 (sølv) leia han etter tre distansar.
I Östersund i 1957 hadde han 29 sekund til gode på Knut Johannesen før milløpet, men vart slått med 36 og tapte gullkampen.
For Sovjet-løparane var likevel Medeo-tidene eit tveegga sverd. Sjølv om dei tok for seg av medaljene også i meisterskap, vedgjekk dei at tidene oppe i høgfjellet kunne gi inntrykk av at dei var veldig mykje betre enn konkurrentane.
– Vi har lulla oss inn i forestillingar om at vi er heilt på toppen med mange folk. Men på andre baner og andre typer is blir vi slått, sa den sovjetiske trenaren Kudriatsev til VG etter VM i Moskva i februar 1955, berre halvannan månad etter Sjilkovs rekordløp. Då hadde svenske Sigvart Ericsson slått alle dei mektige russarane og tatt gullet – i den sovjetiske hovudstaden.
Sjilkov suveren i åtte år
Elles var det ingen som var i nærleiken av 7.45,6 før åtte år etterpå. Då small det skikkeleg på Bislett i landskampen mellom Norge og Sovjet på Bislett. Nils Aaness skulle få æra av å vere først under Sjilkov, med 7.42,8. Men som med Sakunenko i 1955 vart han slått i eit seinare par, av Knut Johannesen med 7.37,8. Fire nordmenn slo Sjilkov den Bislett-kvelden.
Men det er ei heilt anna historie.
Norske verdsrekordar på 70-talet
Medeo-bana vart øydelagd av steinras nokre år etter Sjilkovs utrulege 5000-meter, men bygd opp igjen rundt 1970. Då fekk også vestlege løparar tilgang til løp i dei kasakhstanske fjella. Sten Stensen sette i 1976 verdsrekord på 10.000 meter med 14.38,08. Året etter sette Kay Arne Stenshjemmet verdsrekord med 5000 på 6.56,9, og Jan Egil Storholt på 1500 m med 1.55,18.
Men framleis kom det meldingar om uhyggeleg gode tider i mindre stemne på Medeo -– tider som aldri skulle bli godkjende. I jula 1983 gjekk Igor Malkov 10.000 m på 13.54,81 – nesten eit halvt minutt under verdsrekorden som lydde på 14.23,59.
Og i 1977 gjekk Sergei Martsjuk 3000 m på 3.56,65 – 11,6 sekund under gjeldande rekord. Dette skulle bli den beste tida på distansen i 15 år.
Første juledag 1976 gjekk Vladimir Lobanov 1500 på 1.53,8. Det skulle gå meir enn sju år før ei betre tid enn det vart offisiell verdsrekord.
120 verdsrekordar
Russarane vart skulda for å «ligge på veret», bokstaveleg talt: Dei låg og trena på Medeo-bana, og når vermeldingane varsla ideelle tilhøve, varsla dei – eller approberte, som det heitte – eit stemne på kort varsel. Dermed var det store sjansar for rekordar, og dei ville bli godkjende ettersom alle formalitetane var i orden.
Totalt er det sett 120 offisielle verdsrekordar på Medeo – 51 for menn og 69 for kvinner. Den siste var Karin Kanias 168,271 poeng i liten firkamp i 1986.
«ISU valde bankett framfor like forhold»
Eric Flaim vann det einaste allround-VM for menn som er arrangert der, i 1988.
I det meisterskapet viste Medeo-bana seg frå ei mindre hyggeleg side. Vinden og varmen om dagen gjorde isen blaut og treig. Men då sola gjekk ned, vart forholda gode. Dette visste arrangøren, og foreslo stemnestart seint på ettermiddagen for å gi like forhold.
Likevel nekta det internasjonale skøyteforbundet å utsette løpsstarten.
«For då ville ikkje ISU-medlemane rekke banketten», var omkvedet etterpå.
EM for kvinner vart arrangert på Medeo-bana i 1974 og 1984.
Frå hurtigløp til bandy
Rundt 1990 var det slutt. Sovjetunionen var ikkje meir, og Kasakhstan hadde ikkje råd til å oppretthalde ein moderne skøytearena. Utbygginga av innandørsbaner på den tid gjorde også sitt til at tida gjekk frå Medeo. I rekordfart.
Medeo-anlegget vart opprusta fram mot 2011, då Almaty (Alma Ata) arrangerte dei asiatiske vinterleikane, men då som bandyarena. Bandy-VM vart arrangert der i 2012.
Men Alma Ata har uansett sin sentrale plass i skøytehistoria. Og 7.45,6 og Boris sjilkov er eit sentralt kapittel i Alma Atas og Medeos historie.