I POSE OG SEKK: Bradley Wiggins har tatt samanlagtsigeren i årets Tour de France og sykla inn store premiesummar for Sky. Her saman med kona etter målgang i Paris.
Foto: JOEL SAGET / AfpMed Bradley Wiggins, Chris Froome, Mark Cavendish og Edvald Boasson Hagen i spiss har britiske Team Sky dominert årets Tour de France.
– Dette er den beste lagprestasjonen sidan Lance Armstrongs tid med sitt beste lag, US Postal fra 1998 til 2005, sa NRK-kommentator Jann Post etter tourens nest siste etappe.
I tillegg til å ha sikra seg samanlagtsigeren med Wiggins, kan laget skryte av å ha oppnådd dette:
- Seks etappesigrar
- Dei to første plassane i samandraget (Chris Froome som andremann)
- Fjerde-, femte-, sjette- og sjuandeplass i poengkonkurransen (Cavendish, Boasson Hagen, Wiggins, Froome)
- Andreplass i lagkonkurransen
- Sjetteplass i klatrekonkurransen (Froome)
Starten på noko stort?
– Dette ikkje slutten på reisa. No handler det om at vi skal bli sykkelsportens Barcelona eller Manchester United. Vi skal prøve å dominere denne idretten, seier Sky-trener Shane Sutton om Tour-suksessen til BBC.
At årets Tour-bragder kan vere starten på noko stort kan ein tydeleg sjå på pengepremiane laget har «sykla inn».
Team Sky har nemleg tent suverent mest på å sykle Tour de France 2012.
Summen: 824 840 Euro (ca. 6,1 millionar kroner).
Det viser ei liste som blei offentleggjort av Tour-arrangøren sundag kveld.
Sagans lag nummer to
Innteninga er rundt fire gonger så stor som nummer to på lista: Liquigas, som mellom anna har poengtrøyevinnar Peter Sagan og samanlagtutfordrar Vincenzo Nibali i laget.