Hopp til innhold

Sjekk dette skrekkscenarioet for Noreg

Gruppefinalen mellom Noreg og Serbia har utvikla seg til ein kamp der veldig mykje står på spel.

Solbakken

KLAR: Landslagssjef Ståle Solbakken veit nøyaktig kva som gjeld når Serbia kjem på besøk tysdag kveld.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

No som nasjonsligaen nærmar seg ferdigspelt, er det endå tydelegare kva som ligg i potten tysdag kveld.

Premissen er følgjande: Noreg må ta minst eitt poeng for å sikre gruppesigeren framfor Serbia.

Gruppesigeren i seg sjølv gir fleire fordelar, men no er det på det reine at Noreg må vinne gruppa for å sikre ei betre seeding til EM-kvaliken.

Noreg kan vel å merke hamne på seedingnivå to med tap, men det avheng mellom anna av at Slovenia ikkje tek poeng mot Sverige.

Viss Noreg vinn gruppa, hamnar Ståle Solbakkens menn på seedingnivå to. Viss Serbia vinn gruppa, risikerer Noreg å hamne på seedingnivå tre.

Dette kan – med uheldig trekking – få store konsekvensar for Noregs EM-veg.

No har nemleg fleire brikker falle på plass. Både England og Frankrike har falle ned til nivå to, noko som betyr at Noreg ikkje kan hamne i same kvalikgruppe som gigantane viss poenget blir sikra på Ullevaal.

Harry Kane

RYKTE NED: Harry Kane og England.

Foto: ALBERTO LINGRIA / Reuters

Då vil Noreg, England og Frankrike liggje i same pott utan moglegheit til å trekkje kvarandre.

Enorm forskjell

Det er framleis nokre uavklarte plassar: Noreg er i same båt som til dømes Skottland, Ukraina, Montenegro og naturlegvis Serbia, som alle er på vippen mellom seedingnivå to og tre før siste runde.

Samtidig møtest Sveits (heime) og Tsjekkia i ein rein duell om seedingnivå éin.

NRK har som eit døme plukka ut to grupper i ytterpunkta: «Best» mogleg trekking på seedingnivå to, og «verst» mogleg trekking på seedingnivå tre.

Ståle Solbakken
Foto: JOEL MARKLUND/ANDERS BOINE VERSTAD / Bildbyrån/NRK

«Best case»: Ungarn (nivå 1), Noreg, Armenia, Luxembourg og Gibraltar.

«Worst case»: Belgia (nivå 1), Frankrike, Noreg, Tyrkia og Belarus.

Trekkinga skjer 9. oktober. 1.- og 2.-plass i kvalik-gruppa går direkte til EM.

– Det er ein enorm forskjell, seier NRKs fotballekspert Åge Hareide.

– Det er den viktigaste kampen sidan førre playoff. Viktigheita ligg i seedinga: Ein enklare veg aukar sjansen for å kvalifisere seg til EM, påpeikar Hareide.

Åge Hareide

NRK-EKSPERT: Åge Hareide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ekspertkollega Carl-Erik Torp skildrar det slik:

– Forskjellen er så stor at det eine alternativet betyr ein grei veg til EM, medan det andre betyr at det sannsynlegvis ikkje går.

«Farleg buffer»

Den nemnde playoff-kampen var mot nettopp Serbia i 2020. Forventningane var store då Lars Lagerbäck leidde troppane på Ullevaal i playoff-semifinalen, men Serbia var sterkast då det gjaldt som mest – som så mange gonger før.

Denne gongen held det altså med uavgjort, men akkurat det gjer Hareide ein smule nervøs.

Det er farleg med den bufferen. Noreg har den desidert største styrken sin framover på bana. Framfor eit fullsett Ullevaal må Noreg angripe. Serbia er jo også sterkast i det offensive. Folk var veldig optimistiske før playoff-kampen, men Serbia har hatt ei evne til å avgjere slike kampar, seier Hareide.

Mitrovic

I KANONFORM: Aleksandar Mitrovic skåra hat trick mot Sverige laurdag.

Foto: Darko Vojinovic / AP

NRK-eksperten held likevel ein knapp på Noreg på grunn av «forspranget».

Meir på spel

Minst eitt poeng og gruppesiger sikrar Noreg også ein ekstrasjanse i playoff om den ordinære EM-kvaliken mislykkast – uavhengig av trekking. Då skal Noreg møte ein annan gruppevinnar frå nivå B i nasjonsligaen i playoff til EM våren 2024, med mindre alle gruppevinnarane på nivå B går til EM i den vanlege kvaliken. Då møter Noreg det best rangerte laget på nivå B som ikkje er klare for EM.

Gruppesiger gir også opprykk til nivå A i nasjonsligaen. Det gjer at Noreg vil møte Europas best rangerte lag og vere seeda på det øvste nivået når neste utgåve av nasjonsligaen skal spelast. Det skjer i 2024 og 2025 inn mot VM i USA, Canada og Mexico i 2026.

Det norske fotballpublikummet vil då vere sikra ei rekkje storkampar på nasjonalarenaen. Solbakkens menn får ikkje minst endå tøffare matching på vegen mot neste sluttspel.

Siste nytt

  • Kastet opp før renn – nå legger NM-vinneren opp 

    Landslagsalpinist Markus Nordgård Fossland (25) avslutter karrieren. Han sier følelsen av å risikere livet, samt vedvarende skadeproblemer, ligger bak.

    – Jeg er lettet. Jeg er sinnssykt lettet, sier Fossland til NRK etter å ha fortalt alle at han er ferdig som toppalpinist.

    – Vet du hva du skal nå?

    – Nei! Det er klart det er skummelt, men det er også sinnssykt spennende, svarer han.

    Fossland, som nylig tok NM-gull i super-G, forteller på Instagram at det er hovedsakelig tilbakevendende problemer med ryggen som utgjør en viktig del av beslutningen om å gi seg. Smertene har han hatt i seks år.

    Deretter peker han på at risikoen han tar ved å sette utfor verdens mest krevende alpinløyper også har blitt en stor belastning. 25-åringen sier perspektivet hans rundt dette har endret seg det siste året.

    – Det å kjøre verdenscuprenn i fartsdisiplinene medfører en risiko. Det trodde jeg at jeg var OK med. Å erfare at jeg ikke kan akseptere denne risikoen har vært smertefullt, frustrerende og sjokkerende, skriver Fossland – og fortsetter:

    – Å kaste opp før flesteparten av rennene i år, og følelsen av å sette livet på spill hver helg, har vært tøft. Det å oppdage at jeg ikke gir hundre prosent på renndager, har vært enda tøffere.

    (NTB / NRK)

    World cup alpint utfor Kvitfjell
    Foto: Erik Johansen / NTB
  • Ruud storspilte - klar for semi i Barcelona

    Casper Ruud (25) tok to strake sett 6-4, 6-3 mot Matteo Arnaldi (23) og er klar for semifinale mot Tomas Etcheverry (24) i ATP-turneringen i tennis i Barcelona.

    Casper Ruud tok åpningssettet mot den to år yngre italieneren med 6-4 etter at det svingte stort i starten på kampen med flere brudd begge veier.

    I det andre settet ble det 6-3 til Casper Ruud. Nordmannen brøt til 4-2 og servet det neste inn til 5-2. Arnaldi reduserte til 3-5 med et blankt game, men Ruud tok seg av sitt eget servegame og sikret seg 6-3 i det andre settet. Dermed var kampen over.

    – Dette var ikke lett. Jeg spilte for en plass i semifinalen, og det har jeg ikke klart i Barcelona tidligere. Det var mange brudd i starten og slett ingen enkel kamp. Det har vært et fantastisk år så langt, og jeg håper på enda et par seirer til her i Barcelona før det er over, sa Ruud til TV 2 etter sin 27. seier på årets ATP-tour.

    (NTB)

    Casper Ruud
    Foto: JOSEP LAGO / AFP
  • Halvorsen sikret norsk OL-plass

    Rifleskytter Ole Martin Halvorsen (24) ble nummer tre i fredagens OL-kvalifisering i Brasil, og sikret Norges sjette OL-plass i idrettsgrenen.

    – Det føles veldig godt nå, men det var hardt å skyte. Det er første gang på pallen individuelt for meg internasjonalt, og det var ikke forventet. Men det er veldig gøy, sier Halvorsen til NTB.

    – Det betyr at vi har mulighet til å delta i alle øvelser med maks antall skyttere. Vi kan blant annet stille to lag i blandet lag. Vi står godt rustet foran OL, sier sportssjef Tor Idar Aune i Norges Skytterforbund til NTB.

    OL-ilden i Paris tennes 26. juli. Dagen etter deles første medalje i skyting ut.

    (NRK/©NTB)

    Ole Martin Halvorsen
    Foto: Annika Byrde / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal