NRK Meny
Normal

Sjekk bykset som forbløffer Fotball-Europa

På sju år har Austerrike klatra frå 105.-plass til 13.-plass på FIFA-rankingen. I dag kan dei ta seg til EM som eitt av dei aller første landa i kvalifiseringa.

Marcel Koller

VANVITTIG: Landslagssjef Marcel Koller frå Sveits har gjort Austerrike til ein fotballnasjon igjen.

Foto: Ivan Sekretarev / Ap

Om Russland taper for Sverige og Austerrike vinn heime mot Moldova er EM-plassen sikra for nasjonen som har svært lite å vise til i landslagssamanheng dei siste tiåra.

– Dei var jo ei fotball-stormakt i 1954..., seier tidlegare fotballkommentator Arne Scheie.

Østerrike har bykset opp fra 105. plass (2008) til 13. plass i FIFA-rankingen .

DEN SENSASJONELLE KLATRETUREN: Austerrike har gått som ein rakett mot toppen av FIFA-rankingen sidan 2011. I 2008 var nasjonen heilt nede på 105.-plass.

Foto: Alexander Klein, AFP (foto), Mari Grafsrønningen NRK (grafikk)

I 1954 var det fortsatt seks år til The Beatles skulle bli etablert, 15 år til USAs månelanding og 61 år til Austerrike igjen skulle herje i Fotball-Europa. Med andre ord: Veldig lenge sidan.

I 2008 arrangerte Austerrike EM i fotball. Det året låg nasjonen på 105.-plass på FIFA-rankingen.

Til samanlikning: I dag er det den vesle øystaten Antigua og Barbuda med ca. 86 000 innbyggarar som innehar 105.-.plassen.

Landslagssjefen som snudde alt

Dei siste fire åra har Austerrikes plassering på FIFA-rankingen skutt i taket. I desse fire åra har sveitsiske Marcel Koller vore landslagssjef.

– Han skal ha mykje av æra, seier journalist Phillip Albrechtberger i avisa Kurier.

– Samtidig har ligaens største klubbar satsa tungt på talentutvikling dei siste ti åra, og særleg pengesterke Red Bull Salzburg. Det har ført til at store, europeiske klubbar også har sett til Austerrike når dei har handla spelarar, seier Albrechtberger.

I 2008 var 15 av 23 spelarar i Austerrikes EM-tropp frå austerrikske klubblag.

I dagens tropp representerer 20 av 23 spelarar lag frå andre land enn Austerrike, som Bayern München, Werder Bremen, Tottenham, Stoke og Leicester City.

David Alaba

STJERNA: David Alaba.

Foto: ALEXANDER KLEIN / Afp

Den utenlandsproff-dominerte landslagstroppen har til gode å tape i EM-kvalfiseringa, og står med fem sigrar og ein uavgjort på seks kampar.

– Det er veldig imponerande. Dei er jo inne i den trenden vi har snakka om tidlegare: At dei små landslaga gjør det usedvanleg godt. Det fortel meg at forskjellane mellom dei såkalla store og små landa er mindre og mindre, legg han til.

– Då eg spelte i Tyskland var ikkje Austerrike eit land som kunne slå i bordet med noko særleg. Men det blir jobba godt i mange små fotball-nasjonar. Norge er jo ein av nasjonane som håpar å gjøre det samme, seier tidlegare Hertha Berlin-spelar Kjetil Rekdal.

– Stort potensial

Den største stjerna, Bayern Münchens David Alaba, trur den austerrikske suksessen kan vokse inn i fotball-himmelen - dersom fotball-himmelen er ei topp 10-plassering på FIFA-rankingen.

– Vi har potensial til å klatre vidare. Eg lyg dersom eg seier at vi ikkje har sjansen til å bli eit topp-10-lag i framtida, seier Alaba til Kurier.

Også England kan kvalifisere seg for EM i kveld dersom dei slår San Marino, som aldri har vunne ein EM-kvalifiseringskamp. Ei heller ein VM-kvalifiseringskamp for den saks skyld.

PS: Også Wales har hatt ein vanvittig opptur dei siste åra. Sidan 2010 har landslaget klatra utrulege 103 plassar på FIFA-rankinga, og er no på 9.-plass. Først søndag kan walisarane bli EM-klare - dersom dei triumferer heime mot Israel.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Svindal verdenscupåpner

    11 menn og åtte kvinner er tatt ut på alpinlaget som kjører verdenscup i Canada og USA førstkommende helg. I Lake Louise er både Aksel Lund Svindal, Aleksander Aamodt Kilde og Adrian Smiseth Sejersted tilbake etter skade. Hele troppen og oversikten.

    Kjetil Jansrud, Aksel Lund Svindal og Aleksander Aamodt Kilde feirer trippelseieren i Val Gardena
    Foto: ALESSANDRO GAROFALO / Reuters
  • "Lord Bendtner" fekk stemma

    Biletet av denne stemmesetelen går Danmark rundt:

    Jonas Pedersen fann ingen namn han likte på nokon av listene ved lokalvalet. Så han tok pennen i eigne he nder og gav si stemme til Rosenborgs "Lord Bendtner".

    – Hans fanesaker ville ha blitt fotballtrening for alle, og eit eige målakademi, seier Pedersen til Ekstrabladet.

    Laster Instagram-innhold
  • Wilbek blir borgermeister

    Den mangeårige og velkjende handballtrenar Ulrik Wilbek blir etter lokalvalet i går ny borgarmeister i Viborg, melder BT.

    Wilbek trena Danmarks kvinnelandslag med suksess i sju år og herrelandslag i ni.

    Ulrik Wilbek
    Foto: GUSTAU NACARINO / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
RBKs pressekonferanse før kampen mot Real Sociedad