NRK Meny
Normal

– Dødskjipt å måtte stå over samling etter samling

Vetle Sjåstad Christiansen vil først og fremst bli frisk. Derfor er han ikkje med på neste års skiskyttarlandslag.

Vetle Sjåstad Christiansen

Skal bli frisk: Vetle Sjåstad Christiansen satsar utanfor landslaget for å bli heilt frisk

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– I og med at eg ikkje er heilt bra enno, og derfor ikkje veit når eg kan vere tilbake i full trening, vart vi samde om at eg skulle ha fullt fokus på å bli frisk, seier Christiansen til NRK.

22-åringen frå Geilo var lenge eit skiskyttartalent det knytta seg store håp til, og han tok ni medaljer i tre junior-VM frå 2010 til 2012.

Men dei to siste sesongane har vore vanskelege, og serleg siste året har han vore mykje plaga av sjukdom.

Derfor har han sjølv valt å gå ut av laget komande sesong. Ikkje for å trappe ned, han vil berre satse alt på å bli frisk.

– Det er dødskjipt å vere på eit lag og heile tida måtte stå over samling etter samling. Så i staden for å få nedtur etter nedtur, skal alt fokus framover bli retta mot å bli frisk.

– Så får vi ta lag og treningsplan når den tid kjem, seier Christiansen.

Vanskelege sesongar

Han legg ikkje skjul på at dei to siste sesongane har vore vanskelege.

– Eg er misnøgd med eigen prestasjon dei to siste åra, målt opp mot det eg har lagt ned av arbeid, og det eg meiner eg har potensiale til, seier han.

Derfor legg han treningsplanene til side for å bli fungerande igjen så raskt som mogeleg. Det er noko han har diskutert seg fram til med landslagsleinga.

– Ja, det ligg ingen dramatikk i at han ikkje er på landslaget no. Han er ikkje vraka. Dette er hans eige ønskje, og vi skal følgje han opp så godt det let seg gjere, seier landslagstrenar Egil Gjelland til NRK.

– No får han fred og ro til å bli velfungerande igjen. Vi ser det an, og dersom han klarer det, skal han få alle sjansar til å konkurrere seg inn på laget igjen, seier Gjelland.

Birkeland tok siste plassen

Lars Helge Birkeland har fått den siste plassen på elitelandslaget. Ole Einar Bjørndalen (41) tek ein sesong til, og elles er det Emil Hegle Svendsen, Tarjei Bø, Johannes Thingnes Bø og Henrik L'Abee-Lund som utgjer herrelandslaget neste sesong.

Kvinnelandslaget har fem namn: Tiril Eckhoff, Fanny Welle-Strand Horn, Marte Olsbu, Synnøve Solemdal og Elise Ringen.

Siste nytt

  • Cavaliers klar for ny NBA-finale

    LeBron James sto frem som den store spilleren da Cleveland Cavaliers kom seg til sin fjerde NBA-finale på rad.

    James gjorde 35 poeng i den avgjørende semifinalen mot Boston Celtics. Cavaliers vant 87-79, og dermed 4–3 i kamper.

    Cavaliers Celtics Basketball
    Foto: Charles Krupa / AP
  • Alle tre topplaga tapte

    Både Aalesund, Viking og Sandnes Ulf tapte i dagens runde i 1. divisjon. Resultat: Aalesund - HamKam 1-2, Jerv - Viking 3-2, Mjøndalen - Sandnes Ulf 1-0, Sogndal - Strømmen 5-1, Florø - Levanger 0-2, Notodden - Åsane 0-0, Tromsdalen - Nest Sotra 3-1.

    Eliteserien fotball 2018: Viking - Ålesund.
    Foto: Carina Johansen / NTB scanpix
  • Selvmål reddet Haugesund

    Tromsøs Kent-Are Antonsen scoret kampens eneste mål i oppgjøret mot FK Haugesund søndag. Han satte ballen i feil mål i første omgang, og FKH vant 1–0.

     Kent-Are Antonsen
    Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
4-4-2 Eliteserien: Sarpsborg 08 - Stabæk