NRK Meny
Normal

Norsk OL-håp (18) kan klara det «umoglege»

– Det er forbløffande, seier lege Lars Engebretsen om at Tiril Sjåstad Christiansen kan rekkja OL berre to månadar etter at korsbandet rauk.

Tiril Sjåstad Christiansen

Det vil vera eit mirakel om Tiril Sjåstad Christiansen kjem attende frå korsbandsskade på to månadar.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Tysdag fekk Tiril Sjåstad Christiansen oppløftande testresultat.

– Det gjekk mykje betre enn venta, seier ho til NRK.no.

Før skaden vart 18-åringen rekna som eitt av dei største norske gullhåpa. Legen gav ho berre ti prosent sjanse til å delta i OL i starten av desember. Men no er X Games-vinnaren meir optimistisk enn nokon gong.

Nye undersøkingar ved Olympiatoppen tysdag var positive.

– Det er absolutt større sjansar enn før jol. Eg har meir strekk i kneleddet og betre rørsle, seier ho.

Rauk korsbandet

Sidan slopestylekøyraren rauk korsbandet på treningsleir i Aspen tidleg i desember, har ho trena sykling og styrke fleire gongar dagleg.

Ho håpar å kunna rekka OL ved å utsetja operasjon.

– Eg skal trena beinhardt framover, så får me sjå.

Gullhåpet Tiril Sjåstad Christiansen forteller om den uheldige skaden hun har pådratt seg før OL-sesongen. Olympiatoppens sjefslege Lars Engebretsen sier at Christiansen forsatt har en liten sjanse til å rekke OL.

SJÅ VIDEO FRÅ DESEMBER: Tiril Sjåstad Christiansen fortel om korsbandsskaden.

Stor framgang

Olympiatoppen sin sjefslege Lars Engebretsen er meir optimistisk enn før.

– Ho har kome seg forbløffande raskt. Framgangen har vore stor, fortel han til NRK.no.

Sjåstad Christiansen skal halda fram treninga, før dei 21. januar vil ta ei ny oppsummering.

– Då vil me bestemma om ho kan trena på ski att.

Testen vil avgjera om Sjåstad Christiansen kan reisa til Sotsji-OL.

Før jol rekna Engebretsen ein ti prosent sjanse for at gullhåpet kunne rekkja OL.

– Det er i alle fall ein moglegheit. Om det var ti prosent då, er det meir no.

Tiril Sjåstad Christiansen trodde ikke hun ville bli invitert til X-games. Det ble hun - og i går vant 17-åringen finalen i slopestyle foran hele verdenseliten. Her går det opp for henne at hun har vunnet.

SJÅ VIDEO: Sjå Tiril Sjåstad Christiansen vinna X Games som 17-åring.

Siste nytt

  • Mjelde kåret til tredje beste

    Maren Mjelde ble søndag kveld stemt frem av spillerne selv som den tredje beste spilleren i engelsk fotball.

    Lagveninne fra Chelsea, Fran Kirby, vant prisen. Ji So-yun fra Manchester City tok andreplassen.

    SOCCER-CHAMPIONS-CHE-WOB/WOMEN
    Foto: ADAM HOLT / Reuters
  • Napoli senket Juventus

    De fleste av de store fotballigaene er avgjort, men i Italia er det fortsatt spenning.

    Søndag kveld tapte tittelforsvarer Juventus 0–1 mot Napoli på hjemmebane.

    Dermed er Napoli bare ett poeng bak Juventus på toppen av tabellen.

    FBL-ITA-SERIE A-JUVENTUS-NAPOLI
    Foto: MARCO BERTORELLO / AFP
  • Salah kåret til årets spiller

    Liverpools storscorer Mohamed Salah ble søndag tildelt den prestisjetunge prisen som årets Premier League-spiller av den engelske spillerforeningen PFA, skriver NTB. Egypteren tangerte ligarekorden da han scoret sitt 31. seriemål lørdag.

    FBL-ENG-PR-WEST BROM-LIVERPOOL
    Foto: LINDSEY PARNABY / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal