Det skjedde under Australian Open i januar.
Ho opplyste det sjølv på ein pressekonferanse i kveld. Stoffet er hjartemedsinen meldonium, som ikkje kom på dopinglista før 1. januar i år. Då hadde ho brukt det i nærmare ti år.
Sjå pressekonferansen her:
Ho opplyste på pressekonferansen i Los Angeles at ho har brukt stoffet i alle desse åra etter avtale med sin lege. Ho var ikkje klar over at det blei forbode ved årsskiftet, men aksepterer likevel at ho har avgitt positiv dopingtest.
– Eg fekk eit brev frå WADA 22. desember om endringar i dopinglista, men eg sjekka ikkje lista, sa ho på pressekonferansen.
– Eg tek fullt ansvar for det som har skjedd, og ber om orsaking. Det var eit stort mistak, sa ho.
– Vil ikkje avslutte på denne måten
Ho håpar å kome tilbake til tennisen i framtida.
– Eg veit at dette kjem til å få konsekvensar for meg. Men eg ønskjer ikkje å avslutte karrieren på denne måten, og håpar eg får lov å kome tilbake, seier 28-åringen, som er nummer sju på verdsrankingen.
Tennisforbundet WTA har enno ikkje kommentert saka. Det er dei som skal avseie ein dom.
– Eg har gjort ein stor feil. Eg har svikta fansen og sporten eg har spelt sidan eg var fire, og elskar, sa Sjarapova.
Ho har ikkje konkurrert sidan ho tapte for Serena Williams i kvartfinalen i Australian Open i januar.
Styrtrik superstjerne
Maria Sjarapova var i mange år ei av tennissportens superstjerner. Ho har vunne i alt fem Grand Slam-turneringar, og er ei av ti kvinner som har vunne alle dei fire store – Australian Open, French Open, Wimbledon og US Open. I 21 veker i 2005-06 toppa ho verdsrankingen.
På Forbes' årlege liste over dei rikaste idrettskvinnene i verda toppa ho i fjor for ellevte året på rad. Frå juni 2014 til juni 2015 tente ho over 200 millionar kroner.
Meldonium blei altså først forbode frå 1. januar i år, men stod på WADAs overvakingsliste i heile 2015.
– Det var då vi tok til å forstå at dette var eit stoff som var i bruk innan idretten som eit prestasjonsfremjande middel, sa medisinsk sjef Per Wiik Johansen til NRK nyleg.
– Vi såg at det var stadig meir i bruk, og sette det derfor på forbodslista, sa han.
Sjå Johansens forklaring om kva meldonium er:
Mange meldonium-avsløringar hittil i år
2016 er berre drygt to månader gammalt, men det har allereie vore fleire tilfelle hittil i år der topputøvarar er tatt for bruk av meldonium:
- Den svenske etiopisk-fødde verdsmeisteren på 1500 meter Abeba Aregawi blei avslørt i januar.
- Etiopias Endeshaw Negesse, som vann Tokyo maraton er tatt.
- Den russiske sykkelryttaren Eduard Vorganov i Katusja blei også avslørt i januar.
- Dei ukrainske skiskyttarane Olga Abramova og Artem Tysjenko blei tatt under eit verdscuprenn i januar.
- OL-vinnar i isdans Ekaterina Bobrova blei avslørt under kunstløp-EM i slutten av januar.
- Og no altså den største stjerna av dei alle, russiske Maria Sjarapova.