Hopp til innhold

Sjakkverda kokar etter Carlsen-utsegn: – Verdsmeisteren er ein sutrekopp

Dramaet mellom Hans Niemann og Magnus Carlsen har toppa seg. No kranglar stormeistrar offentleg og er delte i kva parti dei tek.

Magnus Carlsen

KAOS: Det stormar rundt Magnus Carlsen i desse tider. No reagerer fleire på hans meiningar om Hans Niemann.

Foto: ARUN SANKAR / AFP/NTB

Det skjer etter at Magnus Carlsen uttalte seg om bråket med Niemann (19) måndag kveld.

I eit Twitter-innlegg skreiv Carlsen at han trur Niemann har juksa meir enn han offentleg har innrømt, og kom mellom anna med sine merknadar frå kampen mellom dei to i Sinquefield Cup.

Sjølve innlegget har gått verda over, og blitt omtalt av mellom anna CNN, BBC, Japan Times, og meir.

Utsegna til Carlsen fekk Ben Finegold, som er stormeister og ein populær Twitch-brukar, til å reagere kraftig.

– Eg trudde aldri eg skulle oppleve den dagen då verdsmeisteren står fram som ein sutrekopp. Han er svimmel etter suksessen, skriv Finegold på Twitter.

Kallar utsegna absurd

Tidlegare denne månaden trakk Carlsen seg frå Sinquefield Cup etter eit tap mot 19-åringen, for å så tape med vilje mot same person etter eitt trekk i Champions Chess Tour veka etter.

Finegold er tydeleg på at har lite til overs for dramaet som Carlsen har sett i gang. Amerikanaren har tidlegare vore sterkt kritisk til at Carlsen trekte seg frå storturneringa, sjølv om nordmannen mistenkte juks.

– Sannsynlegvis bør Magnus Carlsen trekkje seg og bli med i ein FIDE-kommisjon for å avsløre juks. Eg ventar på neste spelar Magnus kansellerer fordi dei kanskje juksar, skriv han vidare.

Skjermbilete @Ben_finegold 09.11, 27.09.2022.
Foto: Skjermbilete @Ben_finegold 09.11, 27.09.2022.

Det får ein anna stormeister til å rykkje i stolen.

– Magnus Carlsen har gjort alt riktig så langt, og med stil. Argumentet at han er ein sutrekopp er absurd – han har aldri vore ein, skriv Romain Edouard, som òg er sjakktrenar.

Han tykkjer at det er heilt tydeleg at kampen i Champions Chess Tour var toppen av kransekaka for verdsmeisteren sin del.

– Han hatar å tape, men han har aldri skulda nokon andre enn seg sjølv. Kom igjen, de må vakne, skriv han vidare.

NRK har forsøkt å få ein kommentar frå Niemann om juksepåstandane, førebels utan å lykkast.

– Trist tid

Finegold og Edouard er ikkje den einaste som har tydd til sosiale medium for å uttrykkje sine meiningar om situasjonen.

Konferansier i VM, Maurice Ashley, tykkjer det er ei trist tid for sjakken.

– Magnus' seier endeleg at han trur Hans har juksa, men det er så mange spørsmål som framleis heng i lufta. Det er mystisk kvifor han treng at Hans skal gi han løyve til å seie meir etter å ha sleppe bomber på hovudet til den unge mannen, skriv Ashley.

Chess, Grand Chess Tour, London Chess Classic

SKEPTISK: Maurice Ashley.

Foto: VEGARD WIVESTAD GRØTT / BILDBYRÅN NORWAY

Vidare står det:

– Vil heile sanninga nokon gong kome? Trist tid for sjakk.

Tidlegare tennisspelar Martina Navratilova blei overraska over utsegna til Carlsen.

– Dette er ei seriøs skulding, og dersom det er sant, er det litt av ein skandale, skriv Navratilova.

Trur Carlsen har bevis

Konkurrent Hikaru Nakamura har kommentert utsegna til Carlsen i ein video publisert på YouTube.

Hikaru Nakamura etter Norway Chess i Stavanger 2018.

TEK STANDPUNKT: Hikaru Nakamura.

Foto: Carina Johansen / NTB

Han er sikker på at detaljane som Carlsen hevdar han sit på, vil kome fram i lyset om 19-åringen gir han lov til å dele dei.

– Det er klart at Magnus har meir på han. Han har bevis, men kven veit kva, seier Nakamura.

No meiner han at Niemann må kome på bana.

– Han har to personar som seier at du må gi lov til å dele utan at det blir tatt rettslege grep. Kva Hans vil gjere no, er det store spørsmålet. Viss han er uskyldig, må han gå offentleg ut og be Magnus vise det han har. Viss han ikkje gjer det, er det vel inga tvil, seier Nakamura vidare.

Les også Carlsen snakker ut om sjakkbråket: – Tror at Niemann har jukset mer

Magnus Carlsen

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal