Gong på gong har norske TV-sjåarar sett Magnus Carlsen akke og oie seg over sjakkbrettet.
Ei oppgitt mine, pennar som blir kasta og ukvemsord som blir ropt har nesten vorte eit varemerke for verdseinaren.
Men i det NRK-sende VM i lyn- og hurtigsjakk i romjula kan faktene bli kostbare for Carlsen. Det meiner sjakkekspert Sheila Barth Stanford.
– Dersom han viser desse kjenslene, kjenner han også desse kjenslene. Det er det ikkje tid til i lyn- og hurtigsjakk. Han rekk ikkje å hente seg inn igjen, forklarer Stanford.
Ho kallar faktene for Carlsens akilleshæl.
– Han avslører ein del om kva stilling han har, og korleis han har det. Sjakkspelarar skal kunne skjule kjenslene sine, og å ikkje vere på topp mentalt kan gi motstandaren hakket meir sjølvtillit, seier Stanford.
FØLELSESRIK: Magnus Carlsen viser ofte følelser ved sjakkbrettet.
Foto: - / AFPFØLELSESRIK: Magnus Carlsen viser ofte følelser ved sjakkbrettet.
Foto: ARUN SANKAR / AFPFØLELSESRIK: Magnus Carlsen viser ofte følelser ved sjakkbrettet.
Foto: ARUN SANKAR / AFPFØLELSESRIK: Magnus Carlsen viser ofte følelser ved sjakkbrettet.
Foto: OLAF KRAAK / AFPFØLELSESRIK: Magnus Carlsen viser ofte følelser ved sjakkbrettet.
Foto: GIUSEPPE CACACE / AFPFØLELSESRIK: Magnus Carlsen viser ofte følelser ved sjakkbrettet.
Foto: GIUSEPPE CACACE / AFP– Kan lett bli eit offer
NRKs sjakkekspert Torstein Bae synest det er morosamt at spelarane byr på ekte kjensler, men påpeikar at Carlsen må vinne det psykologiske spelet også om han skal gå heilt til topps i VM.
– Det som er heilt fundamentalt i romjula om ein går på ein smell, er at ein må komme tilbake. Når han viser kjensler får dei andre meir tru på å ta rotta på han. Då er det eit poeng i det psykologiske spelet at han klarer å vise at han har kontroll, fortel Bae.
I oppladinga til meisterskapen i romjula har Carlsen levert ujamne resultat og ikkje vore på sitt beste.
– Ein ujamn spelar som viser korleis dei har det, kan lett bli eit offer. Han skal vi ta, tenkjer motstandarane, seier Stanford.
Under VM i lyn- og hurtigsjakk i 2019 sende motstandar Alireza Firouzja inn ei klage etter at han meinte Carlsen forstyrra han undervegs i partia:
Sjakkekspertane meiner det er interessant å sjå utviklinga frå før og etter koronapandemien. Under koronaperioden var det nemleg frislepp for kjensler og reaksjonar når sjakken hamna på nett.
Stanford meiner ho no ser fleire spelarar som viser kjensler.
– På nett slepp dei seg meir laus, for der er dei usynlege for kvarandre. Som ung blir du lært opp til å ikkje vise kjensler på nettet. Det er nesten så dei har gløymt det. Eg synest Carlsen har fleire uttrykk no enn før, seier ho.
– Ikkje noko pokerfjes
Bae påpeikar at fleire meiner det er ein annan kultur på nett.
– Dei som kommenterer og strøymer at dei speler sjakk overspeler når noko skjer og forlèt stolen i forskrekking osb. I mangel på noko anna må ein ta dei trekka lenger, og kanskje det gjer at vi no ser fleire andletsuttrykk, spekulerer Bae.
Under VM i lynsjakk i 2015 vart Carlsen så forbanna at han bante og slo ut i lufta etter å ha tapt tre av dei siste partia:
Magnus Carlsen låg godt an i VM lynsjakk før dag 2, men ei rekkje tap og remis gjorde det vanskeleg for nordmannen.
I ein seanse på chess.com onsdag kveld snakka Carlsen om forskjellane på nettsjakk og sjakk over brettet.
– Eg kjenner at eg speler betre hurtigsjakk på nett. Mest sannsynleg er det fordi eg er meir vand til det. Det er to ulike måtar å spele på, sa Carlsen, og poengterte:
– Men i lengda er eg ikkje sikker på om det har så mykje å seie.
Den uttalen beit Bae seg merke i.
– Kva er det som gjer det? Han er jo ikkje noko pokerfjes, men eg kan berre spekulere i årsaka. Det kan ha noko med å spele ansikt til ansikt som gjer at han speler betre på nett, seier NRK-eksperten.
NRK har vore i kontakt med Carlsen sin far og manager, Henrik Carlsen, men han ønsket ikkje å kommentere saka.
VM i lyn- og hurtigsjakk kan du sjå på NRK mellom 26. og 30. desember.