Hopp til innhold

Sjakk-topp blir refsa etter utspel om kjønnsforskjellar: – Fullstendig latterleg

Emil Sutovsky er ein av dei mektigaste personane til sjakken. No får Fide-toppen kraftig kritikk etter ferske utsegner.

Emil Sutovsky

I HARDT VÊR: Sutovsky får kritikk etter nylege utspel. Sjølv meiner han kommentarane er tekne ut av kontekst.

Foto: Dr.ML-Photo / Dr.ML-Photo

Det er eigentleg sjokkerande, innleier sjakkspelar og trenar Sheila Barth Standford til NRK.

Ho har fått med seg dei oppsiktsvekkjande utsegnene Fide-sjefen Emil Sutovsky nyleg kom med i podkasten «Sports Management Podcast».

– Fullstendig latterleg

I eit lengre resonnement om kvifor det er færre kvinner enn menn som speler sjakk, nemner Sutovsky dei sosioøkonomiske vilkåra som har rådet i sjakken i alle år og den manglande økonomiske støtta til kvinnesjakken som nokre av årsakene.

Emil Sutovsky

DEBATT: Sutovskys utsegner har vorte heftig diskutert på sosiale medium i etterkant av podkasten.

Foto: Dr.ML-Photo / Dr.ML-Photo

Men det er like etterpå at israelaren vekkjer oppsikt. Han meinte nemleg også at det er eit fysisk element med sjakken som skil kvinner og menn.

– Det krev også mykje førebuingar, så i eit parti krevst det mykje fysisk energi og aggresjon. Men aggresjon på ein god måte, innleidde Fide-toppen.

– Så på enkelte måtar er testosteronnivåa ein faktor, la han til.

Det er desse utsegnene som får Standford til å tenne på alle pluggar.

Han skal jo representere meg òg. Eg er også medlem av Fide. Eg synest det er fullstendig latterleg. Han burde vere klar over at dette provoserande og problematisk for halvparten av dei han representerer – også gutar.

Sjakkprofilen meiner utsegna er problematisk av fleire grunnar – spesielt med tanke på Sutovskys rolle som dagleg leiar i Det internasjonale sjakkforbundet.

Sahl

REFSAR: Standford er knallhard i kritikken av Sutovsky.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix

Det er ein med makt som representerer den typen mytar. Han kunne teke eit aktivt val og promotert eit anna syn.

Forklarer seg

Overfor NRK forklarer Sutovsky at fysikken berre er ein av mange faktorar som har vore til hinder for utvikling av kvinnesjakken.

– Ja, eg sa at sjakk er fysisk. Mindre enn i andre idrettar, men det har ein innverknad på toppnivå, seier Fide-toppen til NRK.

Sutovsky fortel at han både har spelt mot og trena hundrevis av spelarar, både kvinner og menn, og at meiningane hans er baserte på eigne erfaringar.

Les også Carlsen-søster sende trakasseringsvarsel – sjokkert etter skakande innlegg

Ellen Carlsen

– Det er sjølvsagt ikkje den einaste grunnen, og ikkje heller ikkje hovudårsaka. Det er eit komplekst tema. Ikkje berre er det veldig mange faktorar, men dei speler inn på ulikt vis ut frå nivå, seier han og held fram:

– Alle forsøk på å forenkle eller bagatellisere éin av faktorane forhindrar at vi når målet – å promotere kvinnesjakken, og lage gode forhold for å auke deltaking og profesjonell suksess.

– Umusikalsk tidspunkt

Twitter har Sutovsky allereie forsvart seg etter at kritikken hagla.

– Eg snakka i fleire minutt om viktigheita av kvinnesjakk. Så blir ei setning teke ut av kontekst for å angripe meg og Fide, skriv Sutovsky og ber sjakkstreameren «Gotham Chess», som eigentleg heiter Levy Rozman, om å høyre heile intervjuet.

«Gotham Chess» har tidlegare kritisert Sutovsky på Twitter. NRK har høyrt heile intervjuet på podkasten.

– Eg synest det er litt uhensiktsmessig å komme med eit sånn utsegn når han er i den posisjonen han er – og spesielt når han skal prøve å samle sjakkverda som er ein av hans oppgåver.

Det seier sjakkspelar Monika Machlik til NRK og får støtte av Standford.

Les også Desse bileta set sinne i kok: – Burde vore ein privat augneblink

Ding Liren

Det er ikkje berre feil. Han oppfyller ikkje rolla si her.

Ho vil også leggje til:

Og det her med aggresjon: Ding (Liren, VM-spelar) er ein av den som har vist ulike måtar å spele på. Det er eit utruleg umusikalsk tidspunkt å komme med det, når vi har ein VM-kamp som viser det motsette.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal