NRK Meny
Normal

Sjå skøytelandslaget parodiere seg sjølv og verdseliten

Håvard Bøkko og resten av landslagsløparane gjer meir enn å gå rundt og rundt på skøyteisen på samling.

Se hvem Bøkko parodierer

PARODI: Håvard Bøkko og resten av skøytelandslaget tek seg sjølv og nokre av dei største verdsstjernene på kornet i denne videoen. (Video: Skøytelandslaget)

– Det er utruleg mange som har ganske artige fakter på startstreken, seier Håvard Bøkko.

To mann i kvar sin bane på isen når startskotet går. Du tenkjer kanskje at det ikkje kan vere artig? Tru om igjen å sjå korleis Håvard Bøkko, Espen Aarnes Hvammen, Sverre Lunde Pedersen og Jørgen Sæves etterliknar startstilen til verdseliten og kvarandre i videoen.

Prøvar å psyke ut motstandaren

Ein av dei som blir imitert er fjorårssesongens sprintkomet Espen Aarnes Hvammen, som tok sin fyrste pallplassering i verdscupen i vinter.

– Eg trur alle startarane hatar han. Espen brukar alltid ekstremt lang tid før start, seier Håvard Bøkko om lagkompisen Espen Aarnes Hvammen som er ein av dei imiterte i videoen.

Espen Aarnes Hvammen

SPESIELL START: Håvard Bøkko meiner Espen Aarnes Hvammen er eit mareritt for alle startarane.

Foto: Mikhail Metzel / Ap

Bøkko og resten av landslagsgjengen har lenge tenkt å lage ein oppfylgjer av parodivideoen dei laga for fem år sidan. På samlinga på Hamar for ein månad sidan blei ein ny parodifilm endeleg ein realitet. Tidlegare og noverande verdsstjerner som Shani Davis, Jeremy Wotherspoon og Kyou-Hyuk Lee er nokon av løparane som blir imitert.

– Me skreiv opp ei lang liste med konkurrentar som har ulike rare fakter på start og fann ut at me måtte lage ein ny film.

Er det nokon som prøvar seg på utspyking av motstandaren på start?

– Mika Poutala er god på å showe og gjer det nok litt for å psyke ut konkurrenten. I sprint-VM for eit par år sidan avtalte me at me skulle headbange og stirre kvarandre ned på start, ler Bøkko.

Farsott i skøyteverda

Videoen har gått som ein farsott i skøyteverda og fleire av skøytestjernene som blir parodiert har delt videoen.

– Eg trur dei fleste ser likheiten, nederlendarane kommenterte at det var "dritartig" og ein ære å bli parodiert, humrar hallingdølen som lovar at dette ikkje blir det siste me får sjå av skøyteimitasjonar.

– Det blir garantert ein ny oppfylgjer. No er det berre å leite etter nye rare situasjonar på skøyteisen.

Se hele skøyteparodien

Siste nytt

  • Messi med mål nummer hundre

    I kveldens 3–1-seier over Olympiakos fikk Lionel Messi æren av å sette inn sitt mesterligamål nummer 100.

    Tre minutter før pause ble Gerard Pique utvist for katalanerne.

    Barcelona leder gruppe D tre poeng foran Juventus som slo Sporting 2-1 i kveld.

    Spain Soccer Champions League
    Foto: Manu Fernandez / AP
  • Bare uavgjort for Atlético Madrid

    Atlético Madrid spilte uavgjort mot Tarik Elyounoussis Qarabag i dagens gruppespillskamp i Mesterligaen.

    Dermed står Atlético, som har nådd finalen i to av de tre siste sesongene, med bare to poeng etter tre kamper. Chelsea leder gruppen foran Roma.

    Azerbaijan Soccer Champions League Kevin Gameiro, Maksim Medvedev
    Foto: Aziz Karimov / AP
  • OL-sjef siktet for korrupsjon

    Carlos Nuzman, sjefen for fjorårets OL i Rio de Janeiro, er formelt siktet for korrupsjon, hvitvasking, skatteunndragelse og kriminell virksomhetsledelse. Nuzman er fra før suspendert fra sine verv i Den internasjonale olympiske komité (IOC).

    Brazil Nuzman Arrested
    Foto: Silvia Izquierdo / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal