– Det er litt trist at det skulle skje på Ullevaal, sa King etter kampen mot Bulgaria i går.
– Når eg bommar på den, kan de disse meg. Eg har allereie fått nokre meldingar av gutta, la han til rett etter kampen tysdag kveld.
Men King er ikkje åleine om å ha bomma på sjansar det nesten er umogeleg å bomme på – også på Ullevaal. Det har skjedd mange gonger. Og vil skje igjen.
Vi har samla eit knippe ufattelege mål-missar, her presentert i kronologisk rekkefølgje.
Kva for ein meiner du er den grovaste?
Berg: Vi begynner 23 år tilbake i tid. Her bommar Henning Berg grovt – rett nok langt meir pressa enn dei andre – i EM-kvalifiseringa i snøstormen borte mot Luxemburg 29. mars 1995. Det gjorde ikkje noko, Noreg vann 2–0.
Flo: Seks år seinare, i privatkamp mot Tyrkia på Ullevaal 15. august 2001, er det Tore André Flo som misser der det er umogeleg å unngå å score. Kampen enda 1–1.
Brenne 1: Simen Brenne har to på denne lista. Den første er frå privatkampen mot Ukraina på Ullevaal 2. juni 2010. Bommen førte til norsk tap 0–1.
Brenne 2: Og her brenner den same Simen Brenne ein svær sjanse mot Litauen i ein privatlandskamp nesten nøyaktig eitt år etterpå – 7. juni 2011:
Randi Brenne: I samband med Brennes kjempebom mot Ukraina, sa han at «dette hadde mora mi scora på». Vi tok han på ordet og lét mor Randi gjere nettopp det. Det ser du her:
Kamara: Vi spolar fram til året i år, og er igjen i juni. 6. juni er det Ola Kamara som svir megasjansen til å doble leiinga i privatlandskampen mot Panama. Noreg vann likevel 1–0.
King: Så er det Joshua Kings bom i går mot Bulgaria. Noreg vann 1–0 likevel.
Kings bom i går har sjølvsagt heller ikkje gått upåakta på twitter: