NRK Meny
Normal

Sivertzen ute av sjukehuset: – Vil tilbake som utøvar

Etter nesten to månader på sjukehus og ei veke i koma er Stian Sivertzen endeleg skriven ut. Men framleis er legane usikre på korleis det vil gå med han.

Sivertzen ute av sykhus - vil tilbake på brettet
Foto: NTB

– Ein kjempebra dag. Dette har eg venta på lenge. Nå kan eg gå tilbake til meir kvardagslege ting og sleppe å få antibiotika intravenøst seks gonger om dagen, seier Stian Sivertzen til NRK.

I januar blei snowboardkøyraren Stian Sivertzen lagt inn på sjukehus. Tilstanden blei beskrive som kritisk og i nærmare ei veke låg han i koma. 24.januar vakna han frå koma, og nå kan han endeleg reise heim.

Sivertzen ute av sjukehuset: – Vil tilbake som utøver. Reporter: Vegard Aulstad

VIDEO: Stian Sivertzen kan endelig reise hjem.

Samanheng med sju år gamal skade

Legane var lenge usikre på kva som var gale med Sivertzen. Da NRK møtte han da fekk eit lite opphald frå sjukehussenga på X-Games førre helg, var framleis mykje usikkert.

– Legane seier ikkje så mykje. Me veit lite om sjukdommen. Eg får nokre svar i løpet av kort tid, sa han då.

Nå møter NRK han når han pakkar bagen og reiser heim frå Ullevaal sjukehus, der han blei lagt inn 15.januar. Ein del svar har han fått, framleis er mykje usikkert, men det viser seg at sjukdommen har samanheng med den alvorlege skaden han fekk under prøve-OL i Vancouver i 2009.

– Eg har hatt ein stor infeksjon i kroppen. Det har seg slik at eg har ein framandlekam i kroppen etter skaden eg fekk i 2009. På eit eller anna vis har infeksjonen hamna der – og den sit på hovedpulsåra mi som er et veldig sårt punkt i kroppen min. Det er der infeksjonen har spreidd seg vidare frå, fortel Sivertzen som har vore innlagt på Ullevaal sjukehus sidan 15.januar.

Infeksjonen er han ennå ikkje kvitt og Sivertzen kan ikkje kalle seg frisk. Framleis må han gå mykje på antibiotika.

Lite erfaring på området

– Dei slit med å få det ut sidan infeksjonen sit på ein framandlekam. Det er veldig lite erfaring på området for korleis ein skal bli kvitt slike infeksjonar på unge menneske. Eg kryssar fingrane for at eg klarer å bli kvitt infeksjonen, så den ikkje kan gjere noko tull.

Nå ser 26-åringen fram mot fridomen utanfor sjukehuset og til ein ny opptreningsperiode. For dette er ein idrettsutøvar som ikkje blir knekt av motgang.

– Eg håpar eg kan kome tilbake på snowboardet. Det er nok det største målet eg har for å kome tilbake. Kjærleiken til sporten er stor. Men eg må også tenkje framover og på kva kroppen min vil tole. Eg må høyre godt etter råda legane gjev meg.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 Eliteserien fotball: Sarpsborg 08 - Odd