– Eg har lært at skytinga betyr mykje, men det er mange ting i livet som betyr mykje meir. Eg har vorte pappa oppi dette, seier Clausen til NRK.
– Det var det som gjorde at det vart ein så stor nedtur, det (skytinga) betydde for mykje, rett og slett.
Skyttaren har nettopp vorte historisk noregsmeister i 50 meter blanda lag. Han fortel om korleis det var å ikkje få sjansen til å kjempe om medaljar i OL i Tokyo i fjor og om tida etter.
PARIS I SIKTE: Simon Claussen har OL i Paris om to år som det store målet.
Foto: a7III-ENG7 / a7III-ENG7Han meiner sjølv han var ein av dei to beste norske herreskyttarane då OL skulle gått i 2020. Koronapandemien utsette leikane og førte til at Noregs beste skyttarar berre deltok i eitt internasjonalt stemne før OL-uttaket, EM i mai 2021.
– Vi fekk lov til å reise under tvil. Vi hadde tre herrar i EM-finalen, for andre gong i historia. Henrik Larsen og Jon-Hermann Hegg tek gull og sølv, og eg kjem på sjuandeplass. Og så blir det avgjerande, det var eigentleg surrealistisk heile opplevinga, seier Claussen.
– Korleis hadde du det?
– Eg takla det veldig dårleg. Det gjekk veldig inn på meg. Det var inga god oppleving, seier han.
TO TIL OL: Simon Claussen vann NM i fjor, men kom seg ikkje til OL i Tokyo. Det gjorde derimot Henrik Larsen (til venstre) og Jon-Hermann Hegg (til høgre).
Foto: Terje Pedersen / NTBProfesjonell hjelp
Skyttaren fortel at OL-nedturen gjorde at han privat vart det han kallar ein dårlegare versjon av seg sjølv.
– Eg måtte oppsøkje profesjonell hjelp for å komme meg over den verste kneika, seier han.
Sist haust tok han dessutan opp att studiane og fekk seg ei svært velkomen pause frå idretten.
– Det var planlagd at eg uansett skulle starte på studiane etter Tokyo, men det var nok godt for både kropp og sjel å ha nokre andre fokusområde, seier Clausen.
– Var du litt nede i kjellaren?
– Eg var det, du kan seie det, seier han.
– Korleis var det å komme seg over kneika?
– Det går mykje betre no. Det vart ei mykje betre kjensle for meg sjølv og for alle rundt meg, då eg klarte å innsjå at det er mange ting i livet som betyr mykje meir. Det har gitt resultat no dei siste månadene.
Første pallplass
I april reiste Claussen til Rio de Janeiro for å delta i eit verdscupstemne i den brasilianske storbyen. Det enda med pallplass både individuelt og i lagkonkurransar.
– Eg tok den første verdscupmedaljen min utan å ha det treningsgrunnlaget eg brukar å ha. Det er rart korleis hovudet spelar inn, eg sluttar aldri å bli fascinert av denne idretten, seier han.
– Korleis var kjensla då du sikra pallplassen?
– Det var litt surrealistisk det òg. Men når eg står der i dei pressa situasjonane, merkar eg at eg har fått litt meir perspektiv på ting, så når eg står der, det står om medalje og eit skot er avgjerande, har eg i bakhovudet at det er andre ting som betyr meir enn dette.
– Er det noko du tek med deg vidare?
– Det er eg heilt nøydd til, om eg skal gå til toppen. Det må eg halde fram med å byggje på. Eg anslår at dei som er topp 30 i verda er godt nok fysisk og teknisk trena til å bli verdsmeister, men det er den som er sterkast oppi hovudet som står igjen som verdsmeister.
SATSAR MOT PARIS: Simon Kolstad Claussen byrjar å finne storforma etter ein tøff periode.
Foto: Vegard Haugland Strand / NRKTolvtimarsvarsel
Ikkje berre var treningsgrunnlaget dårlegare enn normalt, men heller ikkje sjølve reisa var Clausen veldig førebudd på.
– Eg hadde eigentleg gjort avtale med sportssjefen om at eg ikkje skulle gjere noko verdscup i år, sidan alle var på våren. Og det hadde eg vel eigentleg fått godkjenning til, men så vart det ein hastetelefon, der han sat på knea sine på telefonen, det høyrdest i alle fall slik ut, og bad meg om å bli med, seier han.
– Når logistikken gjekk opp med sambuar og svigerforeldre og barn og sånt, så fekk eg dra, og eg angrar ikkje på det i etterkant.
Paris i siktet
Jenny Stene er lagkamerat av Clausen både på landslag og i miniatyrskyttarlaget Kisen. Ho har stortru på Clausen fram mot OL i Paris om to år.
– Han har det framleis inne. Det comebacket kjem til å bli bra, seier ho til NRK.
Nettopp OL i Paris er det store målet for Clausen. Før det er VM i Kairo i oktober eit hovudmål. Der skal dei skyte om kvoteplassar til OL i 2024.
– Målsetjinga der er å gjere det eg er god for. Klarar eg det, er eg meir enn god nok for kvoteplass.