Hopp til innhold

Sjakkstjerna om då alt rakna: – Eg levde i eit forferdeleg mareritt

Han var sjakkstjerne og landslagsspelar i fotball. Ein skade gjorde at Simen Agdestein mista alt.

Simen Agdestein

OPNAR OPP: Simen Agdestein fortel om perioden då fotball- og sjakkarrieren vart øydelagd.

Foto: Erlend Aas / NTB

– Eg sat oppe om natta med hendene i kaldt vatn. Fekk ikkje sove. Skuldrene mine verka og eg hyperventilerte. Kroppen kollapsa og ingen legar kunne forklare kvifor. Livet var forferdeleg, eg levde i eit fysisk mareritt.

Det fortel Simen Agdestein til NRK. Den norske sjakkprofilen gir her eit sjeldan innblikk i ei dramatisk tid på starten av 90-talet då han gjekk frå å vere i verdstoppen i sjakk og landslagsspelar i fotball, til å knapt kunne gå.

Om ei botnlaust stressande tid, med stadige tilbakeslag, der han som landets første stormeister i sjakk til slutt mista evna til å konsentrere seg.

– Etter siste korsbandoperasjon tok det eit halvt år før hevinga gjekk ned, systemet kollapsa. Det var eit eller anna med denne operasjonen som kroppen min ikkje tolte. Det var heilt forferdeleg, seier han.

Roseraud ungdomstid

Simen Agdestein var eit multitalent som ungdom. 17 år gamal fekk han plass på juniorlandslaget i fotball. Året etter vart han stormeister i sjakk og var på den tida klodens yngste stormeister.

– Simen hadde alt ein ung mann kunne drøyme om. Han var kjekk, god i sjakk og var ein ettertrakta fotballspelar. Mannen var eit paradoks, tilsynelatande så vellukka, men samstundes så fortapt.

Norges Sjakkforbunds kongress

FORFATTAR: Atle Grønn har skrive boka «Sjakken som var. Fortellingen om Simen Agdestein og hans tid».

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Orda tilhøyrer Atle Grønn, internasjonal meister i sjakk og forfattar av ei fersk bok om sjakken frå 80-talet og utover, sett gjennom auga til Simen Agdestein.

Boka «Sjakken som var. Fortellingen om Simen Agdestein og hans tid» er skildra som eit psykologisk portrett av eit keitete multitalent som ikkje visste kva han skulle gjere i neste trekk.

– Gjennom fotballen fekk Simen ein rekke spennande profftilbod, mellom anna i Besiktas, Flamengo Juniors, Aberdeen og Rosenborg, men han takka nei til alt. Det var vanskeleg å navigere i vaksenlivet og han enda opp med å tape alt, fortel forfattaren.

  • Slit du med vonde tankar? Hjelpetelefonen til Mental Helse Norge er døgnopen på 116 123. Du kan også chatte på nett. Du kan vera anonym og dei har teieplikt.

Utfor stupet

21 år gamal debuterte Agdestein på A-landslaget borte mot Italia. Med suksessen kom også eit ytre forventningspress han stridde med å takle.

– Veldig få brydde seg om sjakkprestasjonane mine, men med fotballen vart det brått annleis. Alle skulle ha ei meining om det eg gjorde på fotballbana. Diverre var eg ikkje særleg moden på den tida og eg visste ikkje korleis eg skulle takle motgang, seier Agdestein.

Mai 1991 fekk han sin første kneskade. Då han returnerte til seriestarten våren 1992, opplevde han for første gong i seniorkarrieren å bli bytta ut i løpet av ein kamp. Det sette seg i kroppen.

– For aller første gong starta eg å hyperventilere og klarte ikkje å kontrollere kroppen min lengre, fortel han.

Les også Carlsen-tal forbløffar: – Det er ganske ekstremt

Carlsen

Kollaps

Vondt vart verre då Agdestein øydela korsbandet i møtet med Sogndal i juni 1992, men fullførte kampen. Ikkje nok med det, Agdestein spelte alle 90 minutt ei veke seinare for Lyn borte med Tromsø.

Etter det har han ikkje sparka ein fotball.

Simen Agdestein i Lyn.

STORTALENT: Simen Agdestein herja på fotballbanen for Lyn.

Foto: Morten Holm / NTB

– Sjølv om dette var ei mørk tid, prøvde eg å halde oppe humøret. Eg reiste mellom til Afrika for å skrive hovudfagsoppgåve i samfunnsvitskap, om transportsektoren i dei sørlegaste landa på kontinentet.

Etter kvart vart han definert som fotballinvalid og måtte innsjå dén karrieren var over.

– Etter skaden i 1992 er eg imponert over korleis Simen har teke tak i eige liv. Korleis han har søkt harmoni, men samstundes utfordra seg sjølv. Han tok songtimar på byrjinga av 2000-talet og var med i «Skal vi Danse» i 2006. Hans livslange sjølvrealiseringsprosjekt fasinerer meg, seier Grønn.

Atle Grønn og Simen Agdestein

SJAKKPROFILAR: Atle Grønn og Simen Agdestein avbilda saman i 2019.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Sjakk som barometer

Sjølv opplever Agdestein å ha levd livet etter skaden med handbrekket på. Han mista mykje av energien, knesmertene har han lært seg å leve med.

Dagsforma blir reflektert i korleis han gjer det på sjakkbrettet.

Som lærar ved sjakklinja på Norges Toppidrettsgymnas har han hjelpt Magnus Carlsen på veg mot toppen. I sommar vart Simen Agdestein noregsmeister i sjakk for niande gong og toppar med det adelskalenderen.

– Eg har venne meg til det meste, sjølv om alt etter 1992 går veldig opp og ned. Som 56-åring funkar hovudet treigare. At eg vinn NM for andre år på rad, gjev prov på at eg ikkje har blitt senil heilt enno.

  • For ordens skyld: Forfattar Atle Grønn er tilknytt NRK som sjakkekspert.

Les også «Sjakkens Mekka» boikottes etter skandaler: – Et kjempeproblem for hele sjakkverden

sinquefield

Siste nytt

  • Carlsen åpnet med seiersdobbel i Champions Chess-finalen

    Magnus Carlsen vant sine to første dueller og fikk en solid start på tittelforsvaret i årets Champions Chess Tour-finale i Toronto.

    Størst dramatikk var det da kampen mot den usbekiske tenåringen Nodirbek Abdusattorov måtte avgjøres i armageddon etter to strake remis. Der spilte Carlsen med hvite brikker og hadde ikke tålt å spille uavgjort en gang til.

    Han var aldri i trøbbel og vant duellen klart.

    Tidligere på dagen var det nok for Carlsen å slå belaruseren Denis Lazavik med hvite brikker og spille remis med svarte.

    De åtte beste poengplukkerne fra årets seks Champions Chess Tour-turneringer er samlet fysisk i Canada. Carlsen vant tre av dem og topper poenglista suverent.

    Alle skal møte hverandre i hurtigsjakk, og etter sju runder blir det klart hvem som får sjansen til å spille om finaleseieren i årets tour. De to beste går direkte til semifinalene, mens de fire neste skal kjempe om de to siste plassene. (NTB)

    Magnus Carlsen
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Danmark til VM-kvartfinale

    Danmarks håndballkvinner ristet av seg sjokktapet for Japan med å knuse Polen 32-22 i håndball-VM. Seieren sendte laget videre.

    Til pause ledet danskene med bare tre mål, men etter hvilen var det ingen tvil. Danmark skal spille kvartfinale foran eget publikum i Herning til uken.

    Mandag blir en ren finale mellom det danske laget og Tyskland om gruppeseieren i hovedrunden.

    Sverige er også videre etter 26-22 over Ungarn. De blågule lå under 10-11 til pause, men koblet grepet den siste halvtimen.

    Dermed er alle VMs tre arrangørland med i racet om medaljer og de fremste plasseringene. Norge har vunnet sine fem første kamper med store sifre, og avslutter hovedrunden med gruppefinale mot Frankrike søndag. (NTB)

    Håndball-EM Slovenia 2022, semifinale: Danmark - Montenegro (27-23)
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Rekordovergang i baseball

    Shohei Ohtani (29) har signert tidenes største baseballavtale. Japaneren knytter seg til Los Angeles Dodgers for de neste ti årene.

    Det offentliggjorde han selv på sin Instagram-konto.

    Det er også blitt rapportert at japanerens kontrakt er verdt 700 millioner dollar, tilsvarende over 7,6 milliarder kroner.

    Den gamle rekorden tilhørte Los Angeles Angels-spilleren Mike Trout, som signerte en 12-årskontrakt med en verdi på 426,5 millioner dollar (4,6 milliarder kroner) i 2019.

    – Dette er en unik og historisk kontrakt for en unik og historisk spiller, sa Ohtanis agent Nez Balelo fra CAA Sports i en uttalelse.

    Gjennomsnittslønnen til Ohtani på 70 millioner dollar i året ligger 62 prosent over den gamle gjennomsnittsrekorden på 43,33 millioner dollar, delt av New York Mets-pitcherne Max Scherzer og Justin Verlander.

    Ohtanis gjennomsnittslønn dobler nesten de rundt 42,3 millioner dollarene han tjente hos Los Angeles Angels årlig. (NTB)

    Shohei Ohtani
    Foto: Mark J. Terrill / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal