Hopp til innhold

Silje (15) satsar alt på idrett som ikkje finst

Silje Opseth vil bli kombinertsportens svar på Anette Sagen. Onsdag blir ho historisk når ho deltek i det fyrste internasjonale rennet for jenter i kombinert.

Den nye og den gamle pioneren

Anette Sagen er det store førebilete for Silje både i hoppbakken og for måten ho har jobba for å få fram hoppjentene. Etter COC-rennet i Falun tidlegare i vinter møtte dei to kvarandre.

Foto: Privat

– Det blir på ein måte ikkje nok å berre drive med hopp, når du i tillegg kan ta ut alt du kan i langrennsløypa, seier Silje Opseth og smiler.

Ho heng litt sliten på stavane etter å ha gått ei hard stafettetappe for skulelaget. Eigentleg skulle ho køyrt eit par timar fram og tilbake på hopptrening med hopplaget Ski Flying Team Vikersund, som ho er ein del av.

Skreiv seg inn i historiebøkene

I Oberstdorf i haust blei Silje Opseth historisk då ho kom på pallen i det fyrste internasjonale kombinertrennet for jenter nokosinne. Då på plass og rulleskøyter.

Foto: Norges Skiforbund

Men Silje er ikkje som alle andre 15-åringar. I dag blir skulestafett i langrenn på Ringkollen prioritert. For Silje vil bli verdas beste i ein idrett som enno ikkje finst.

Du har kanskje tenkt på det når du ser sendingane frå dei store meisterskapa som no sist i Falun? Kanskje spesielt etter at hoppjentene kom med i programmet i VM-samanheng i Liberec i 2009 og i OL i Sotsji i fjor?

Kvifor er det ikkje jenter med i kombinert? Faktisk er kombinert den einaste OL-idretten på vinterstid der kvinner ikkje er representert.

– Det er veldig kjedeleg. Eg har tenkt mykje på at det ikkje er kombinert for jenter og tenkt at det vil eg veldig gjerne vere med å få fram.

– Eg har lyst til å gå foran på same måte som Anette Sagen har gjort for kvinnehopp. Ho er eit stort førebilete for meg.

Nesten samtidig som det store førebilete hennar fortel at hoppkarriera er over, er det Silje sin tur til å bli historisk. I morgon deltek ho i den fyrste internasjonale konkurransen for jenter i kombinert.

Historisk pallplass

15-åringen har allereie blitt historisk. I sommar var Silje ei av fire norske jenter som deltok i den fyrste internasjonale konkurransen for jenter i kombinert nokosinne.

I tyske Oberstdorf gjekk jentene på rulleskøyter etter hoppdelen, i Trondheim i morgon konkurrerer dei for fyrste gong på ski og snø.

Silje gliser breidt av tanken om å få teste seg mot utanlandske konkurrentar igjen. Sist var ho på pallen.

– Eg trur det blir ein veldig spennande oppleving. Konkurransane i Tyskland i sommar var veldig lærerike. No blir det veldig gøy å sjå nivået på dei utanlandske på snø.

– Ei bestemt jente

– Gje alt du har når eg ropar ja!

Silje er ikkje heilt ferdig med kveldens treningsøkt. Skia er på igjen og saman med Jan Christian Bjørn frå Skiforbundet terpar ho på teknikk i høg fart.

– Veldig bra, Silje. Ho går godt teknisk på ski, altså, seier han til oss.

Saka held fram under videobilete.

Silje Opseth vil bli kombinertsportens svar på Anette Sagen. Onsdag blir ho historisk når ho deltek i det fyrste internasjonale rennet for jenter i kombinert.

SJÅ REPORTASJEN HER: Bli med Silje Opseth på skulestafett på Ringkollen og høyr kvifor ho vel å satse på ein idrett som enno ikkje finst.

Dei unge kombinertjentene blir viktige i åra som kjem, og skiforbundet fylgjer nøye med på Silje. Han har trua på at 10. klassingen kan vere ei av jentene som kan løfte kombinertsporten opp og fram.

– Silje er ei veldig bestemt jente og har akkurat den personlegdomen me ynskjer i kombinertsporten. Ho hoppar veldig godt, er allsidig og og går godt teknisk på ski. Det er ingen begrensing for kor god ho kan bli, seier Bjørn og kikkar bort på hovudpersonen som smiler litt forsiktig.

Han har stått i målområdet og heia 15-åringen fram til veksling. Silje var ei av jentene som skiforbundet fekk streng beskjed frå at no måtte dei gjere noko for å få til kombinert for jenter, fortel han medan Silje er ute på den 2,5 kilometer lange etappa.

– Då spørsmålet kom frå jentene sjølve som dreiv med hopp og langrenn frå før, og hadde lyst til å prøve kombinert, blei det enkelt for oss. Då skjønte me at me måtte brette opp erma og ta i eit tak for å få til gode konkurransar og eit miljø for jentene, seier Bjørn som sjølv er tidlegare verdscupløpar i kombinert.

Lang veg å gå

Framleis er vegen fram mot full likestilling i vinter-OL og deltaking i andre store meisterskap, lang for kombinertjentene. Men fullt så lang som kampen førebilete Anette Sagen kjempa for hoppjentene, treng det nødvendigvis ikkje å bli.

Vil fly til meisterskap

I tillegg til å satse på kombinert, er Silje Opseth ei av landets mest lovande spesialhopparar. I junior-VM i Kasakhstan blei Hole-jenta nummer 6.

Foto: Privat

Kvinnehopp har gått opp vegen og me må samarbeide og dra nytte av dei erfaringane dei har gjort seg. Med god jobbing trur eg me kan få til ein litt kortare veg enn det hoppjentene hadde. Junior-VM bør vere innanfor rekkjevidde innan fire år iallefall, meiner Bjørn.

Skal jentene med Silje Opseth i spissen oppnå den draumen, må han ha det internasjonale skiforbundet (FIS) med på laget. Der sit ein engasjert rennsjef Lasse Ottesen som har starta den lange vegen med eit vinter-OL i siktet langt der framme.

– I juni legg me fram ein langsiktig plan for kvinnekombinert. Der er ungdoms-OL i 2020 det fyrste store målet. Alt no har me ein god startbase med utøvarar frå nærmare ti nasjonar i tre verdsdelar, så det er klart kvinnelege kombinertutøvarar i OL er det langsiktige målet, fortel Ottesen.

Får konkurrere med gutta

I Granåsen får Silje Opseth og dei andre norske kombinertjentene gå langrennsdelen rett før Mikko Kokslien og dei andre profilane skal kjempe om verdscupsigeren. I Tyskland i haust fekk dei norske deltakarane møtte Kokslien då dei konkurrerte i Oberstdorf. Frå venstre Ida Marie Hagen, Hanna Midtsundstad, Mikko Kokslien, Silje Opseth, Karoline Bjerke Skatvedt og Tonje Bakke.

Foto: Norges Skiforbund

Debuterer saman med stjernene

I Trondheim i morgon er nærmare 30 jenter frå sju nasjonar i gang på vegen. Rett i forkant av at Mikko Kokslien, Magnus Moan og dei andre profilane skal ut å kjempe om verdscupsigeren, får kombi-jentene sin fyrste internasjonale konkurranse på snø. Silje håpar å kjempe om ein ny pallplass.

– Renna i Granåsen har vore viktige mål og noko som har pirra heile vinter. Det hadde vore utruleg stort å stå på pallen igjen. Eg har nesten ikkje ord. Det hadde gjeve stor meirsmak til å satse vidare på kombinert.

For Silje Opseth har enno ikkje bestemt seg for om det er hoppar eller kombinertutøvar ho drøymer om å vere i eit OL.

Akkurat no føler ho seg best i hoppbakken, noko ein 6. plass i junior-VM i Kasakhstan frå tidlegare i vinter viser. Men tanken om å bli kombinertsportens svar på Anette Sagen freistar.

– Det ville vore veldig stort. Tanken motiverar meg, heilt klart. Både for meg sjølv, men også motiverande for dei andre jentene som held på.

– Silje kjem til å vere med i det fyrste meisterskapet som blir, spørsmålet er berre når. Skal me gje det fire år? Då er du 19 år, seier Bjørn og kikkar bort på framtida som smiler litt forsktig men mest forventingsfullt.

– Ja, eg håpar jo på det. Det vil kanskje ta meir enn fem år før me får seniormeisterskap, men eg har eit håp om at me kan delta i VM og OL før ti år er gått.

Om ti år har me kanskje fått svaret. Får Silje Opseth det som ho vil, er ho som 25-åring blitt landets neste idrettpioner.

Sportsnyheter

Premier League - Arsenal v Chelsea

Leken Ødegaard ydmyket Chelsea: – En magiker

Arsenal dundret inn både én, to, tre, fire og fem scoringer mot Chelsea. Etter to målgivende hagler det med komplimenter til Martin Ødegaard.

Jan Jönsson

Treneren stormet banen, ble utvist og prøvde å klemme dommer: – Ikke akseptabel oppførsel

I kampen mellom Vålerenga og Stabæk ble det baluba på overtid. I sentrum: Stabæk-trener Jan Jönsson.

Siste nytt

  • Warholm-rival klar for Bislett-duell

    Norges hekkeløpsfenomen Karsten Warholm skal opp mot 2022-verdensmester Alison dos Santos under Bislett Games i Oslo 30. mai.

    Det bekrefter arrangøren i sine mediekanaler.

    Dos Santos ble verdensmester på 400 meter hekk i Eugene i 2022. I forkant av mesterskapet hadde Warholm trøblet med en skade, og nordmannen var dermed ikke i nærheten av å utfordre brasilianeren.

    I fjor slo Warholm tilbake med gull i Budapest. Da ble Dos Santos nummer fem. (NTB)

    Verdensmesterskapet i friidrett 2022
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
  • Det østerrikske forbundet bekrefter: Går mot comeback for Hirscher - for Nederland

    Tirsdag kveld skrev flere sveitsiske medier at det går mot comeback for alpinlegenden Marcel Hirscher.

    Onsdag morgen bekrefter det østerrikske skiforbundet at de har vært i samtaler med Hirscher og at Hirscher der har bedt om å få kjøre for Nederland. Det ønsket har det østerrikske skiforbundet godkjent.

    Det sier generalsekretær Christian Scherer.

    Scherer forteller at det østerrikske forbundet forsøkte å overtale ham til å gjøre comeback for Østerrike, men nå blir det altså trolig Nederland.

    Hirscher har foreløpig ikke selv bekreftet et comeback. 35-åringen har en mor fra Nederland.

    Østerrikeren anses som en av tidenes beste alpinister og kan skilte med 67 verdenscupseiere. I tillegg vant han verdenscupen sammenlagt hele åtte år på rad, fra 2011/2012-sesongen til 2018/2019.

    – Oi, dette høres spennende ut. Hvis dette stemmer kan det bli et enormt sirkus å følge til vinteren, sier NRKs alpinekspert Nina Haver-Løseth.

    Hun er likevel usikker på om han blir like overlegen som han tidligere har vært.

    – Det kommer helt an på hvor mye han har vedlikeholdt og utviklet seg i tråd med idretten. Nivået har vært skyhøyt de siste sesongene, sier Haver-Løseth.

    Tidligere i vår ble det kjent at Lucas Braathen gjør et lignende comeback for Brasil, hvor Braathens mor er fra.

    Austrian Alpine Ski World Cup winner Marcel Hirscher attends a news conference in Vienna
    Foto: LEONHARD FOEGER / Reuters
  • Nervøs Alcaraz overrakte gjev pris til Bellingham

    Spanske Carlos Alcaraz innrømmer at han var full av nerver før han mandag skulle gi Jude Bellingham Laureus-prisen som årets mannlige gjennombrudd.

    Den unge tenniskometen bretter ut om følelsene han kjente på før han entret scenen i Madrid.

    – Helt ærlig så følte jeg meg ikke komfortabel i det hele tatt. Jeg var så nervøs, og beina mine skalv. Jeg øvde på talen 50 ganger for å forsikre meg om at alt ble perfekt. Jeg er ikke vant til å snakke foran så mange idrettslegender. Det var en flott opplevelse, fortalte Alcaraz på en pressekonferanse i forkant av Madrid Open.

    Den 20 år gamle verdenstreeren beskriver øyeblikket da han ga Bellingham prisen som «vakkert».

    – Jeg har så stor respekt for ham. Han er en fantastisk atlet, så jeg er glad for at jeg fikk oppleve dette.

    Alcaraz fikk selv prisen som årets gjennombrudd under fjorårets utdeling. 20-åringen har tatt den internasjonale tennisscenen med storm de siste årene, blant annet ved å vinne både US Open (2022) og Wimbledon (2023).

    Denne uken skal spanjolen forsøke å ta sin tredje strake tittel i Madrid Open. Alcaraz er andreseedet i turneringen.

    (NTB)

    Alcaraz
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal