– Eg scora på Ullevaal, så får me sjå om eg scorar i Barcelona også, ler Sigve Kleppa Christensen.
Han kom rett frå Barcelona-flyet til cupkampen for Vidar mot Vålerenga. 25-åringen var i den spanske byen for å førebu sitt eige bryllaup som skal stå i same by om ni dagar, men den fjerde runden i cupen måtte han få med seg.
– For ein 2.divisjonsspelar får ein mest sannsynleg oppleve slike ting berre ein ting. Å kome til fjerde runde og møte Vålerenga på Ullevaal, smiler Christensen etter kampen.
Vidar pressa Vålerenga hardt
Og Vidar som slo ut byrivalen i Viking i førre runde skulle få god nytte av den vordande brudgomen. Vålerenga tok leiinga ved Vajeba Sakor etter 20 minutt, men i den andre omgangen var 2.divisjonslaget absolutt på høgde med Vålerenga som har slite tungt både på og utanfor banen i det siste.
Etter 56 minutt kunne Vidar-leiinga prise seg lukkelege over at dei valde å betale flybillett tur/retur Barcelona-Oslo for Christensen.
Vidar fekk frispark inne på Vålerengas halvdel, ballen er eigentleg for kort men Christensen får foten på ballen og styrer den inn i buret.
Etter det kjempa Stavanger-laget hardt og var fleire gonger nær ved å ta leiinga. Men dei siste minutta blei det for langt. I det 84 minutt kjem Castro med eit perfekt innlegg til Deshorn Brown som plasserer headinga i mål.
Reiser tilbake til Barcelona
På overtid fastesette Simen Juklerød sluttresultatet til 3-1 og dermed er Vålerenga som hadde Christian Grindheim tilbake på banen, i kvartfinalen i cupen. Oslo-laget har berre vore i kvartfinalen ein gong på dei siste seks sesongane.
– Spelemessig er det ikkje tvil om at det beste laget gjekk vidare. Nå har me ein kvartfinale som ligg å ventar på oss i september, og er sikker på at me kan klatre på tabellen nå når me fleire spelarar tilbake frå skade, seier Rekdal til NRK.
Nå reiser ein skuffa Vidar-spelar rett tilbake til Barcelona.
– Det kunne blitt meir spennande om me hadde heldt dei til 1-1 vegen ut. Nå har eg eitt mål og det er å reise til Barcelona og bli gift. Vidar gjer det bra og eg gjer det bra på privaten så eg er veldig fornøgd, gliser han.
25-åringen tenkjer nå mest på bryllaupstalen.
– Eg satsar på at det går bra, men eg gruar meg meir til talen enn kampen i dag må eg innrømme.