NRK Meny
Normal

Tok OL-gull med same trikset som nesten øydela karrieren

Snøbrett-legenda tok sitt tredje OL-gull på dramatisk vis i natt.

Shaun White

31-åringen fall på kne og gråt av glede etter at han hadde avslutta sin siste finaleomgang. Tårene flaut endå tettare då han fekk ein enorm klem av mor si. Han måtte ha eit nesten perfekt run for å overta leiinga, og visste at han hadde greidd det.

– Eg gjorde det same trikset (dobbel cork 1440) som eg bomma på i New Zealand, og fekk det til, sa ein jublande glad White.

Han sikta til uhellet på New Zealand i oktober. Der kutta han opp ansiktet så mykje at han måtte hasteopererast. Då la han ut denne instagram-meldinga:

Laster Instagram-innhold

Han måtte sy 62 sting i ansiktet etter uhellet. – Eg har aldri blødd så mykje nokon gong tidlegare, sa han til nettstaden Snowboarding.

Shaun White

HISTORISK OG EMOSJONELT: Shaun White kan juble over sitt tredje OL-gull og herleg revansje etter fadesen i Sotsji

Foto: Gregory Bull / AP

– Eg er overvelda av lykke. Eg har gått gjennom så mykje for dette, sa han. – I dag var det verdt det.

– Han bar vekta av heile nasjonen på skuldrane sine, sa trenar JJ Thomas. – Dette (halfpipen) er vår Super Bowl, berre endå større fordi det skjer berre kvart fjerde år.

Til sommar-OL på skateboard

Etter tre gull i halfpipen, siktar legenden seg inn på nye mål: Skateboard i sommar-OL i Tokyo i 2020. Då vil han vere 33 år. Og skateboard skal på OL-programmet.

– Det krev inga dramatisk omstilling, sa han til Associated Press i fjor.

Shaun White har allereie fem skateboard-gull frå X-games.

Hans offensive finalerun i Pyeongchang inneheldt to etterfølgjande 1440-rotasjonar, som sat som eit skot. Ikkje rart White kasta brettet sitt i lufta i rein glede etter at runnet var avslutta.

Han var langt nede etter fjerdeplassen i Sotsji.

– Det var ikkje fysisk det som skjedde der, det var mentalt. Eg har jobba hardt med det etter det som skjedde der, seier han.

– Har aldri sett noko liknande

Med 97,75 av 100 mogelege poeng tok han tilbake leiinga som japanske Ayumu Hirano hadde tatt med sitt nesten uslåelege run i den andre omgangen.

– Vi har vel aldri sett noko likande, sa BBCs kommentator Tim Warwood om Whites siste run.

Det er Shaun Whites historiske tredje OL-gull i halfpipe. Han vann i Torino i 2006. Han forsvarte tittelen i Vancouver i 2010. Og han var storfavoritt før Sotsji i 2014, men der glapp det og blei fjerdeplass.

Shaun White

LUFTIG: Shaun White hoppa høgast og med mest spektakulære skruar og saltoar

Foto: Kin Cheung / AP

Derfor var det den endelege revansjen som stod på spel då White stod på toppen som sistemann, med krav om minst 95,25 poeng. Og det leverte han då han måtte.

USAs gull nummer 100

Shaun White er dermed den første mannlege amerikanaren som tar gull i tre ulike olympiske vinterleikar. Men skøyteløpar Bonnie Blair gjorde det same i 1988, 1992 og 1994.

Shaun Whites gull er også USAs 100. i vinter-OL gjennom tidene.

White var favoritt i dag, etter at han leverte eit nærmast perfekt run i kvalifiseringa i går, og han tok også leiinga med 94,25 i første omgang i finalen.

Men i andre finaleomgang smelte Hirano til med 95,25, samstundes som White missa. No var det Hirano som missa. White måtte levere. Og gjorde det til gagns.

USA har dermed teke alle fire gullmedaljane i snøbrett som hittil er avvikla i årets OL.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Siste nytt

  • Storseier mot Sverige

    Norge knuste Sverige hele 7-2 i den siste kampen i gruppespillet i curling. Kampen var over allerede etter den sjette omgangen. Norges semifinalesjanser var over allerede tirsdag. Svenskene var allerede klare for semifinale, og hadde lite å spille for.

    WEB_SPORT
    Foto: Jonas Ekströmer/tt / NTB scanpix
  • Singh klar for Sarpsborg

    Den tidligere VIF-profilen Harmeet Singh er tilbake i norsk fotball. Midtbanespilleren signerte i dag en 1,5-årskontrakt med Sarpsborg.

    – Sarpsborg 08 har et lag der alle gir alt for hverandre. Et tøft og robust lag, sier Singh til sarpsborg08.no.

    Harmeet Singh
    Foto: Sarpsborg 08
  • Birkeland går stafetten

    Lars Helge Birkeland går inn på stafettlaget, sammen med brødrene Bø og Emil Hegle Svendsen. Det betyr at Erlend Bjøntegaard er vraket, til tross for at Bjøntegaard blant annet havnet på en kanonsterk femteplass på 10km sprint tidligere i OL.

    Vinter-OL. Olympiske leker i Pyeongchang 2018. Skiskyting menn.
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
OL i Pyeongchang: Skøyter lagtempo
OL-magasin
Høydepunkter fra dagen
OL-magasin
OL-profiler: Johannes Høsflot Klæbo