– Noko ein kanskje får til ein gong i livet

Xherdan Shaqiris elleville brassespark sørga for ekstraomgangar og straffesparkkonkurranse mellom Polen og Sveits. Men der var Polen sterkast.

Nydelig brassemål av Sveits.

BRASSE: Xherdan Shaqiri, sjå og nyt!

Laster innhold, vennligst vent..

Granit Xhaka vart syndaren, då han bomma på Sveits sitt andre forsøk i straffesparkkonkurransen. Men den store «snakkisen» etter kampen var Xherdan Shaqiris brassespark, som sørga for speleforlenging, ti minutt før slutt.

– Det er ei spektakulær scoring. Noko ein kanskje får til ein gong i livet, seier NRKs ekspertkommentator, Tom Nordlie.

Han samanliknar scoringa med Zlatans brassespark mot England, og Marco Van Bastens volleyscoring frå EM-finalen i 1988, på spørsmål om han hugsar liknande scoringar.

Xherdan Shaqiri slo til med ein kandidat til EMs flottaste mål, ti minutt før slutt. Frå utanfor 16-meteren, kasta han seg på rygg og brassesparka ballen inn, via stolpen og i mål. Fabianski strekte seg så lang han var, men nådde aldri heilt bort til ballen (sjå målet øvst).

– Det var eit fantastisk mål, men det betyr intenting no, seier Shaqiri etter kampen.

Det fekk nokre gamle storscorarar til å hylle målet på Twitter.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Leksjon i kontringsfotball

Fem minutt før pause gav Polen sveitsarane ein leksjon i kontringsfotball. Lukasz Fabianski plukka opp det sveitsiske hjørnesparket og kasta lynraskt i gong til Kamil Grosicki, som storma nedover venstrekanten.

Då han nærma seg 16-meteren skar han innover og la ballen på bakre stolpe til ein umarkert Jakub Blaszczykowski. Han gjorde ingen feil og sette ballen enkelt under keeper Yann Sommer i det sveitsiske målet.

– Han er involvert i alt Polen finn på i EM og så scorar han 1-0, Jakub Blaszczykowski, sa Mørtvedt frå kommentatorplass.

Blaszczykowski står no med scoringar og ein målgjevande til no i meisterskapen. Det er alle måla Polen har scora.

– Dette var den tøffaste kampen så langt. Sveitsarane gjorde det vanskeleg for oss. Dette er eit historisk augneblink for oss, seier målscoraren etter kampen.

KONTRING: Jakub Blaszczykowski avslutta til 1–0, etter at Polen gav Sveits ein leksjon i kontringsfotball.

Allereie før det var spelt eit minutt hadde Polen sjansen til å ta leiinga, etter ein grufull pasning i forsvar av Johan Djourou. Det polske angrepet fekk plukka opp ballen, som til slutt hamna hos Arkadiusz Milik. Han hadde nesten ope mål, men avslutninga vart for svak.

Oppgjeret var først gong begge laga har tatt seg til eit sluttspel i eit meisterskap.

Stor sjanse for Polen

STOR TABBE: Johan Djourou gjev vekk ballen til det polske angrepet etter berre eitt minutt av kampen, og Arkadiusz Milik er nære å gje Polen ein draumestart.

Elleville redningar

Med eit drygt kvarter att av kampen fekk Sveits frispark på 25 meter. Ricardo Rodríguez tok fart og plasserte skotet heilt oppe i krysset, men ein Lukasz Fabianski i full strekk klarte på mirakuløst vis å slå den over til corner.

Også i andre ekstra omgang redda Fabianski det polske håpet, med nok ein superredning, etter at Eren Derdiyok fekk stå heil aleine å heade. Derdiyok fekk også ein sjanse med få minutt at av kampen, men klarte ikkje å stokke beina.

Polen valde å skyta sist i straffesparkkonkurransen, trass i at forskning viser at dei som skyt først vinn i 60 prosent av tilfella.

Nydelig redning av Fabianski

FULL STREKK: Lukasz Fabianski måtte ta fram si beste redning, på frisparket frå Ricardo Rodríguez.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Salt Lake City får søke om OL

    Salt Lake City har fått grønt lys frå den amerikanske OL-komiteen til å søke om å vere vertskap for vinter-OL. Byen var vertsby for OL i 2002. Søknaden vil truleg gjelde 2030, men det er også ope for å søke om vinter-OL 2026.

  • Russland mot Frankrike i EM-finalen

    Storfavoritten Russland hadde få problemer med Romania i EM-semifinalen i kvinnehåndball fredag. Russerne vant 28-22. I finalen venter hjemmenasjonen Frankrike, som slo Nederland 27-21 i sin semifinale.

    Handball - Women's EHF Euro 2018 - Semi Final - Russia v Romania
    Foto: Charles Platiau / Reuters
  • Kåret til Afrikas beste spiller

    Liverpool-profilen Mohamed Salah er for andre året på rad kåret til Afrikas beste fotballspiller av britiske BBC. 26-åringen slo Medhi Benatia, Kalidou Koulibaly, Thomas Partey og lagkamerat Sadio Mané i kampen om prisen.

    Foto: Francois Mori / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup hopp: 1. omgang, kvinner
V-cup langrenn: Sprint prolog
V-cup skiskyting: Jaktstart kvinner
V-cup alpint: Utfor menn
V-cup alpint: Utfor menn
V-cup hopp: 2. omgang, kvinner
VM svømming kortbane
VM svømming kortbane
V-cup langrenn: Sprint fri teknikk
Vinterstudio
V-cup skiskyting: Jaktstart menn