Sevillas trenar Eduardo Berizzo (48) valde eit speiselt tidspunkt å fortelje spelarane sine at hadde prostatakreft. I dag stadfester klubben trenarens sjukdom.
Etter ein katastrofal førsteomgang og 0–3 på heimebane mot Liverpool i meisterligaen, gav han spelarane den triste beskjeden i garderoben i pausen, skriv sevillainfo.no.
Det inspirerte spelarane til ein heilt annan innsats i andre omgang. 0-3 blei raskt til 1-3 og 2-3. Og då utlikninga til 3–3 sat i nettet nesten fire minutt på overtid, var det trenaren alle spelarane storma bort til og klemde.
Dei visste noko ingen av dei 50.000 på tribunene kjende til.
– Klemmane og jubelen etter utlikningsmålet var for langt meir enn den utrulege opphentinga, skriv sevillainfo.com.
– Han er den viktigaste
Ingen av spelarane har stadfesta at han opplyste dette i pausen. Men midtbanespelaren Ever Banega sa det slik:
– Vi måtte gå til andre omgang med ei heilt anna haldning for fansen og for sjefen. Han fekk oss til å spele slik vi gjorde.
– Han er den viktigaste av oss alle, sa Banega.
Sevilla FC ville sjølv verken stadfeste eller avkrefte dette i går kveld.
– Dette er ei personleg og vanskeleg sak. derfor vil ikkje vi seie noko om det før onsdag, sa klubbpresident Pepe Castro til radiostasjonen Cope.
Stadfestar prostatkreft
I dag tidleg sende klubben ut ei pressemelding der dei stadfestar at Berizzo er diagnostisert med eit adenokarsinom – ein vondarta svulst – i prostata.
Han må gjennom fleire undersøkingar før det blitr klart kor omfattande behandling han må gjennom. Det er derfor enno ikkje kjent om Berizzo må ta ein pause frå trenarjobben.
Eduardo Berizzo er frå Argentina, og spela 13 landskampar frå 1996 til 2000. På klubbnivå spela han for Celta Vigo frå 2001, ein klubb han også trena frå 2014 og tok til semifinale i europaligaen. Han er inne i sin første sesong som trenar for Sevilla.