Sette verdsrekord i Noreg - no er ho dopingavslørt

For 11 år sidan sette Elvan Abeylegesse verdsrekord under Golden League på Fana stadion. No er ho den fyrste utøvaren av dei 28 som skal vere tatt i doping etter nye testar av gamle prøver.

BERGEN BISLET GAMES

JUBLA FOR VERDSREKORD: Publikummet på Fana stadion i 2004 fekk juble for verdsrekord til Elvan Abeylegesse då Bislett Games blei flytta til Bergen i 2004.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Tidlegare denne veka avslørte tyske ARD og britiske Sunday Times at ein tredjedel av medaljevinnarane i løpsøvingar mellom 2001 og 2012 skal ha avlagt mistenkelege blodprøver.

No er det fyrste namnet offentleggjort.

Ifølgje insidethegames.biz har det tyrkiske friidrettsforbundet offentleggjort namnet til Elvan Abeylegesse som ei av dei 28 utøvarane som er doping-avslørt etter nye testar av gamle prøver.

Vann det året Bislett Games blei flytta

Abeylegesse som opphavleg er frå Etiopia tok sølvmedalje på både 5000 og 10.000 meter under OL i Beijing i 2008. Under EM i Barcelona i 2010 vann ho gullet på begge dei to lengste distansane.

Det er det siste meisterskapet 32-åringen har delteke i.

Men det norske friidrettspublikummet kjenner kanskje den tyrkiske utøvaren best frå det året Bislett Games måtte flyttast ut av hovudstaden grunna ombygning. I 2004 var sirkuset på Fana stadion i Bergen og der fekk 15.000 tilskodarar sjå den da 21-år gamle løparen verdsrekord på 5000 meter på tida 14,24,68.

Tre år seinare under VM i Osaka i 2007 skal Abeylegesse altså ha testa positivt i meisterskapet ho sprang inn til sølvmedalje bak Tirunesh Dibaba på 10.000 meteren.

Amerikanske Kara Goucher stod den gong på pallen saman med dei to. Slik uttrykte den tidlegare langdistanseløparen seg på sosiale media etter at nyheiten blei kjent.

Laster Instagram-innhold

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM håndball kvinner Romania - Russland
Håndball-EM: Romania - Russland
Radiosporten: EM håndball kvinner Kroatia - Norge
Radiosporten: EM håndball kvinner Kroatia - Norge
Håndball-EM: Kroatia - Norge
Radiosporten: EM håndball kvinner Kroatia - Norge
Radiosporten: EM håndball kvinner Kroatia - Norge
Radiosporten: EM håndball kvinner Kroatia - Norge
Radiosporten: EM håndball kvinner Kroatia - Norge
VM svømming kortbane
VM svømming kortbane