– I dag er eg ikkje uroleg, men etter løpet var eg forbanna for at det ikkje gjekk fortare, seier Bjørndalen etter normaldistansen i Østersund.
Bjørndalen (43) leverte 19 solide treff på standplass, men hadde ein blytung dag i sporet i den første store testen i OL-sesongen. Med ein bom var han tre minutt og 43 sekund bak Johannes Thingnes Bø i mål til ein 18.-plass.
– Halvparten var bra og andre halvparten var for dårleg. Skytinga var eg veldig godt fornøgd med, men fysisk var det tungt. Det var ikkje nok fart, og det var eit slit frå start til mål.
Dårleg høgdesamling
Den tunge sesongstarten gjør NRKs skiskytterekspert skeptisk.
– Det er åpenbart bekymringsfullt. Det går ikkje an å sjå på at han er nesten tre minutt bak i langrennstid utan å bli bekymra. Han sleit tungt i langbakken her i Østersund, seier Halvard Hanevold.
Men sjølv om tidenes vinterolympier ikkje nødvendigvis treng å levere til «gull» i verdscupen, fortel at han ikkje er der han ønskar å vere akkurat no.
Bjørndalen skuldar delvis på at det siste høgdeopphaldet gjekk i vasken på grunn av magesjau.
– Det var ikkje det beste høgdeopphaldet. Det var to veker med så og seie null trening. Det er ikkje bra, seier Bjørndalen.
Slik skal han finne OL-formen
Men sjølv om det ser litt mørkt ut akkurat no, nektar både Bjørndalen og NRK-ekspert Hanevold å gje opp håpet.
– Eg treng meir trening og fleire løp Det er så enkelt som det. Eg har trua på at eg skal få opp farta i sporet, seier Bjørndalen.
– Vi får håpe det er grunnen. At han manglar hardøkter, seier Hanevold.
– Vi har sett Ole Einar løfte seg veldig til meisterskap før. Han har individuelle VM-medaljar dei to siste åra. Så håpet har vi absolutt, men då må vi først sjå noko anna enn det han leverte på normalen i sesongstarten, seier Hanevold.