NRK Meny
Normal

Sesongopnar utan tittelforsvararen: – Me må gje gass

Henrik Kristoffersen har vore på pallen i slalåmrennet i Levi dei to siste åra. Men i dag må Norge sette sin lit til dei andre på landslaget.

Henrik Kristoffersen

TITTELFORSVARAR: Henrik Kristoffersen vann verdscupen i slalåm i fjor.

Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix

– Me har hatt ei samling der me har sakna eit lagmedlem, som i tillegg er den raskaste i verda i disiplinen. Det har vore ei vanleg samling, bortsett frå at Henrik ikkje er der, seier landslagssjef Christian Mitter til NRK.

Ikkje med på samling, og heller ikkje med i sesongopninga av verdscupen i slalåm. Henrik Kristoffersen har i kjølvatnet av søksmålet mot Skiforbundet valt å halde seg vekke frå Levi i år.

Men landslagssjefen trur dei andre på landslaget kan hevde seg godt på søndag.

– Bra bakke for oss

For på startstreken i dei finske skogane står både Leif Kristian Haugen, Sebastian Foss Solevåg, Jonathan Nordbotten og debutant Peder Dahlum Eide.

Og trass alt bråket som har vore rundt saka til Kristoffersen meiner landslagssjefen at dei har klart å halde fokus på det sportslege.

– Me prøvar å halde det skilt, det sportslege og den saka der. Det høyrest veldig kjedeleg ut, men me forsøker å fokusere på den sportslege biten. For det er difor dei er her, og difor dei trenar heile året, seier Mitter.

Henrik Kristoffersen

I DISKUSJON: Landslagssjef Christian Mitter og Henrik Kristoffersen diskuterer det skuffande rennet til Henrik Kristoffersen i Sölden.

Foto: Helge Tvedten, NRK

– Levi har alltid vore ein bra bakke for oss. Dei som køyrer raskast i svingane kjem til å lykkast. Me må verkeleg gje gass, seier landslagssjef Mitter.

Den oppfordringa har Leif Kristian Haugen tenkt å følge.

– Dette er det første rennet, so eg er litt spent. Men eg skal gje gass, so får me sjå kva det held til.

Det skal også Foss Solevåg, som fekk sin første topp fem-plassering i verdscupen nettopp i Levi attende i 2014.

– Eg likar denne bakken og har gjort det bra her. Det er både ein bakke og ein arena eg trivst i. Ein blir jo betre og betre for kvart år, og ein lærer korleis ein gjer ting. Eg er rett og slett betre førebudd, seier Foss Solevåg til NRK.

Debutant vil angripe

På startstreken i Levi står også debutanten Peder Dahlum Eide. Han satsar på å overraske i sitt første verdscuprenn.

– Det er litt herleg, for du vet du må gi så mykje gass. Du har ikkje noko anna val, og du har ikkje noko å tape. Det er litt godt å vite at det er det du må, viss ikkje så er det ikkje noko vits.

Han startar med eit seint startnummer, og har med det tidene til alle dei beste å konkurrere mot i det han køyrer.

– Trivst i rolla med å angripe?

– Ja, eg likar det, eigentleg.

Sebastian Foss Solevåg

MEDALJEVINNARAR: Under NM i 2015 tok Sebastian Foss Solevåg gull framom Henrik Kristoffersen og Leif Kristian Haugen.

Foto: Norges Skiforbund / NTB scanpix

Siste nytt

  • Liverpool og Roma risikerer straff

    Det europeiske fotballforbundet åpner sak mot både Liverpool og Roma etter tribunebråket i semifinalen i mesterligaen. Liverpool-fansen fyrte opp bluss og kastet gjenstander, mens Roma-fans angrep Liverpool-supporteren Sean Cox utenfor Anfield.

  • Northugs manager alvorlig skadd

    Are Sørum Langås, manager til Petter Northug, har tilbrakt ti dager på sykehus etter en alvorlig fallulykke, melder VG. Avisen skriver at ulykken skjedde da han skulle gjøre arbeid på sin nye hytte. Langås ble utskrevet fra sykehuset søndag. Han pådro seg flere brudd i begge armer, i ansiktet og hodeskallen.

    Are Sørum Langås
    Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix
  • Yates beholdt ledertrøya

    Tom Dumoulin knappet innpå Simon Yates i Giro d'Italia, men briten beholder den rosa ledertrøya. Etter dagens tempoetappe er Yates 56 sekunder foran Dumoulin og 3:11 foran Domenico Pozzovivo i sammendraget. Rohan Dennis vant tempoetappen.

    CYCLING-ITA-GIRO
    Foto: LUK BENIES / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal