Hopp til innhold

Molde-forbanninga lever framleis for AaFK

Det var 11 år sidan Aalesund hadde slått Molde i serien. Det er det framleis. Forskjellen på laga blei ei kanon frå Vegard Forren.

molde

Molde vann 1–0 over AaFK på Color Line Stadion.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er alltid godt å bidra. Det viktigaste er at vi held nullen, men eg tek scoringa som ein bonus. Dette var ein tøff bortekamp der vi får med oss tre poeng, seier Forren til NRK etter kampen.

Den avgjerande scoringa kom i det 33. minutt. Ein corner frå venstre blei skrudd inn frå Mattias Moström, før AaFK-keeper Sten Grytebust kom ut og boksa.

Ballen gjekk derimot rett til ein ventande Vegard Forren som banka til med venstreslegga. Utagbart for Grytebust, og 0–1 til serieleiaren frå Romsdal.

forren ely

Mohamed Elyounoussi og Vegard Forren feirar Molde si 1–0 scoring.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Etter 90 minutt, og heller få enorme sjansar, stod resultatet seg. Tre nye poeng til suveren Molde, null nye poeng til eit slitande Aalesund.

Tam kamp

Før kampstart var det mykje snakk om Daniel Berg Hestad som skulle få sin 440. kamp for Molde, og med det bli den spelaren med flest eliteseriekampar.

Som venta spelte Hestad. Dermed går han forbi Roar Strand som enda karrieren med 439 kampar.

9386 menneske hadde tatt turen til oppgjeret om Møre og Romsdal. Holrom på tribunane blei derimot ikkje lagt merke til når vêret var så vakkert.

Ein ikkje like underhaldande kamp fekk derimot folk med seg. Verken heimelaget eller Molde gav frå seg mykje rom bakover og såg defensivt sterke ut dei første tjue minutta. Først i det 21. minutt kom den første sjansen.

AaFK-ving Demar Phillips lurte offsidefella og prøvde seg med ein frekk lobb over Molde-keeper Ørjan Håskjold Nyland på veg ut. Men med éi hand på ballen fekk keeperen avverja.

Nokre minutt seinare var Daniel Chima Chukwu nære for Molde med hovudet, medan Phillips igjen var frampå for AaFK etter 31 minutt. Forren, Molde sin beste på Color Line Stadion, fekk klarert.

To minutt etter sette midtstopparen inn det einaste målet i kampen.

Saka held fram under bildet.

Tor Ole Skullerud

Molde-trenar Tor Ole Skullerud har imponert som Ole Gunnar Solskjær sin etterfølgjar.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Latifu var på plass

Det var dei oransje og blå som trengde scoring i fredagssola, men i løpet av dei første 20 minutta var det berre Molde som nærma seg scoring.

Både då Knut Olav Rindarøy banka til frå 12 meter og Mohamed Elyounoussi hamra til frå seks meter var AaFK-back Akeem Latifu på plass inne på streken.

– Vi hadde to veldig store moglegheiter, men vi klarte ikkje å få 2–0. Når dei då lempa inn i boksen så blei vi spelt litt lågt, seier Molde-trenar Tor Ole Skullerud.

Leke James, som skulle ta over scoringsarven etter Abderrazak Hamdallah, sleit med skade tidleg i sesongen. I årets sesong står han med berre to scoringar.

Han scora derimot i 2-0-sigeren borte mot Stabæk i førre serierunde, men mot Molde var spissen heilt anonym. Han var frampå etter 73 minutt, men på første stolpe blei det berre nesten etter eit innlegg.

Nokre småsjansar og skot frå distanse seinare var kampen over.

Det som burde vere ein festkamp av dei sjeldne i eit lokaloppgjer i fint vêr, blei ein heller tam batalje – der serieleiaren trakk det lengste strået.

Jönsson

AaFK-trenar Jan Jönsson gir instruksar til Demar Phillips.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Det betyr vidare at Aalesund framleis ikkje har slått rivalen frå Romsdalen på 11 år i serien.

– Fortener poenga

AaFK-trenar Jan Jönsson meiner det var ein jamn kamp som kunne bikka begge vegar.

– Så får dei med seg poenga fordi dei er eit bra lag og har vore stabile og gode i vår. Vi skaper målsjansar, men får ikkje utteljing, seier Jönsson til NRK.

Molde-trenar Skullerud omtalar sigeren i lokaloppgjeret som ein «arbeidssiger».

– Det blei ein tøff fight, ikkje overraskande. Men eg synest vi har ein god vane med å ta tre poeng når vi fortener det. Og igjen synest eg vi fortener poenga. Det ser forskjellig ut frå veke til veke, men totalt sett løyser vi det bra i dag, meiner Skullerud.

Matchvinnar Forren seier på si side at laget er i flytsona.

– Men det er også mykje fordi vi er eit veldig godt lag, og eit vanskeleg lag å møte. Det må vi halde fram med å vere.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Verstappen vant i Kina

    Max Verstappen vant Formel-1-sprinten i Kina natt til lørdag norsk tid.

    Han slo Lewis Hamilton med 13,043 sekunder.

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal