– Det ville gått frå vondt til verre. Det er jo ein rein katastrofe for Russland, og no er det jo allereie katastrofe, seier NRKs sjakkekspert Atle Grønn om at Karjakin potensielt kan bli sjakkpresident i Russland.
Laurdag formiddag stadfestar russaren sjølv at han stiller til val som president for forbundet etter å ha vorte nominert av Det tsjetsjenske sjakkforbundet.
Karjakin offentleggjer nyheita på det sosiale mediet Telegram.
– Eg kan garantere at eg skal gjere mitt beste for å forbetre aktivitetane på alle område i Det russiske sjakkforbundet, skriv sjakkspelaren i ei fråsegn.
Karjakin har etter kvart vorte ein svært omstridd mann etter å ha komme med fleire støtteerklæringar til Vladimir Putin og regimet hans sidan invasjonen av Ukraina.
Fryktar store konsekvensar for sjakken
Magnus Carlsens tidlegare VM-motstandar vart raskt utestengt av Det internasjonale sjakkforbundet (Fide), noko som førte til at han ikkje har delteke i internasjonale turneringar dei siste ni månadene. Utestenginga er over no, men ingenting tyder på at han er tilbake i varmen i internasjonal sjakk med det første.
Med det bakteppet meiner Grønn at Karjakin er ein kandidat som Putin og støttespelarane hans kan setje pris på.
Likevel trur sjakkeksperten at ein eventuell siger til Karjakin kan få store konsekvensar for den internasjonale sjakken.
– Då vil Fide-sjakk og sjakkforbundet rakne, og den russiske leiinga vil rakne, men eg trur ikkje det her er heilt reelt (Karjakin-siger). Alt avheng om det finst nokre sterke menn i Putins inste krins som står bak Karjakin, seier Grønn.
I dag er det Andrej Filatov som er øvste leiar i forbundet. Ting tyder på at han kjem til å stille til attval og at han blir einaste utfordrar.
– Filatov er også Putins mann, så normalt ville Filatov vore heilt trygg. Men det kan jo hende at tsjetsjenarane og Karjakin veit at dei har støtte frå veldig mektige krigshissarar i Putin-regimet, seier Grønn.
– Står mellom to vonde
Han meiner dette valet viser at det er maktkamp og intrigar internt i Russland.
– Det står mellom to vonde, kan du seie. Karjakin og tsjetsjenarane er jo dei mest rabiate. Men Filatov er heller ingen engel akkurat, seier han.
Eksperten meiner at kven som vinn blir i stor grad bestemt frå øvste hald i Russland.
– Putins inste krins bestemmer det her, men den andre leiren består også av folk som er lojale mot Putin. Den andre leiren har dominert og styrt russisk sjakk i tiår, påpeikar han.
Men kva kan ein eventuell ny president i Karjakin ha å seie for Noreg? Svært lite, meiner konstituert president i Noregs Sjakkforbund, Anniken Vestby.
– Russiske landslag er utestengde frå Fide, så om Karjakin skulle bli ny president i det russiske forbundet, vil ikkje det ha noko praktisk betydning for verken Noregs Sjakkforbund eller sjakken elles, hevdar Vestby overfor NRK.
Ho minner om at forbundet har kunngjort at Karjakin og andre sjakkspelarar som openlyst støttar Russlands invasjon i Ukraina, ikkje får delta i norske turneringar.