– Dette overgår gårsdagens siger. Då var det i strake sett, men no vann eg det avgjerande settet. Dette er det beste eg nokon gong har gjort, seier 17-åringen til NRK etter sigeren,
Ruud tapte første sett 6–3, men slo knallhardt tilbake. Det andre settet vann han overlegent 6–1, før han kjempa inn ein 6–4 siger i det tredje og avgjerande settet. Det er første gong Ruud slår ein som er rangert blant dei hundre beste spelarane i verda.
For Ruud sto for ein sensasjon alt i går, då han slo ut Andrej Martin, som var rangert som nummer 124 i verda i åttedelsfinalen. Dagens motstandar var ennå litt betre, ifølgje rankinga.
– Det er min største siger på dette nivået, og det hjelper godt på sjølvtilliten og motivasjonen. Eg følte eg hadde kontroll frå det andre settet og ut, seier han.
- Les også:
Vil klatra på rankinga
Ruud på si side er nummer 450 på verdsrankinga, og kjem til å klatra betrakteleg på rankinga etter denne turneringa. Ifølgje Tennis-Norge.com kjem nordmannen til å klatra om lag 100 plassar etter turneringa og han er sikra minst 16.000 kroner i premiepengar.
Motstandar i semifinalen vert argentinske Pedro Cachin, som kom tilbake og slo Arthur de Greef 2–1 i sett. I følgje verdsrankinga ein god motstandar for Ruud. Argentinaren er nummer 296, De Greef 138. Semifinalen vert spelt fredag, medan ein eventuell finale går laurdag.
Dei er begge rangert lågare enn dei to førre motstandarane Ruud har slått ut, men betre ranka enn han sjølv.
– Eg håpar på siger. For å kunne vinna må ein tru på det for å ha ein sjanse. Eg har ingenting å tapa på dette nivået og er underdog i kvar kamp, seier Ruud.