Sensasjonell norsk vektløftarbronse

Solfrid Koanda (22) tok ein sensasjonell norsk bronse i vektløfting i EM i Moskva i 87 kg-klassen laurdag. Ho løfta 135 kilo i støt, det er norsk rekord. Ho har sjølv gjort det på trening tidlegare.

– Det er det største eg har opplevd, seier Koanda til NRK. Ho har drive med vektløfting berre i eit drygt år. EM var det første internasjonale stemnet ho var med på.

– Eg blei oppfordra til å delta på NM, og der såg dei at eg hadde talent. Det blei norsk rekord. Så har det gått betre og betre, det har vore ei fantastisk reise, seier Arendals-jenta.

– Eg kjende meg veldig sterk då eg stod der, og var veldig stolt.

Stolt er også trenar Stian Grimseth.

– Ein ting er å ha talent. Men å greie å ta det ut slik ho gjorde i dag, er fantastisk, seier han.

– Dette er ikkje noko blaff. Ho har mykje å gå på teknisk, og kan utvikle seg mykje. Ho er eit unikt talent.

OL i Tokyo kjem kanskje litt tidleg, men OL i Paris om tre år er eit naturleg mål, seier han.

– Dette er veldig stort, seier generalsekretær Arne Grostad i vektløftarforbundet til NRK.

I rykk løfta ho 100 kilo og blei nummer fem. Smanlagt er det 26 kilo over den tidlegare norske rekorden.

– Med så kort fartstid som vektløftar gir dette håp om endå betre prestasjonar framover, skriv forbundet på si nettside.

Solfrid Koanda
Foto: YURI KOCHETKOV / EPA

Sportsnyheter

Vipers vann cupfinalen igjen

(Vipers - Sola 29-16):Vipers Kristiansand var storfavoritt til å vinne cupfinalen i handball. Men Sola yppa seg mot stjernegalleriet til Vipers. I alle fall i 50 minutt.

Siste nytt

  • Hevder Zinédine Zidane gir seg

    Zinédine Zidane har informert spelarane i Real Madrid om at han sluttar som trenar etter sesongen, melder spanske medium.

    Det er radiostasjonen Onda Cero og nettstaden Goal som hevdar å kjenne til at franskmannen nyleg gav spelarane beskjed om at han ikkje blir å finne i trenarrolla på Santiago Bernabéu til hausten.

    Zidane har kontrakt også ut neste sesong.

    Ifølgje Goal skal spelarane ha blitt informert om fotballprofilens standpunkt i forkant av ligamøtet med Sevilla sist søndag.

    Zidane
    Foto: BJORN S. DELEBEKK, Delebekk, Bjørn S. / VG
  • Gullfeiringen ble voldelig

    20 personer ble arrestert og tre polititjenestemenn påført skader da feiringen av seriemesterskapet til den skotske fotballklubben Rangers endte kaotisk lørdag, melder NTB.

    Rangers, som ledes av Liverpool-legenden Steven Gerrard, er seriemester for første gang på ti år.

    Etter kampen og ut i de sene nattetimer strømmet ekstatiske fans ut i Glasgows gater for å feire. Etter hvert måtte bevæpnet politi settes inn for å ta hånd om supportere som utagerte.

    – Mens festlighetene fortsatte, begynte deler av folkemengden i økende grad å oppføre seg uregjerlig. Eiendommer ble påført skade, og folk ble overfalt, sier politiinspektør i Glasgow, Mark Sutherland.

    – Våre betjenter ble gjenstand for folkemengdens oppmerksomhet, og det ble kastet raketter og romerske lys mot dem, tilføyer han.

    Minst tre politimenn skal ha blitt skadd.

    Glasgow har den siste tiden opplevd en klar stigning i antall smittetilfeller.

    Skotske myndigheter har tidligere kritisert klubbledelsen for den evne til å kontrollere egne fans. Det skjedde blant annet da ligagullet var et faktum i mars. Også da strømmet tusenvis ut i gatene tross pandemien.

    Britain Soccer Scottish Premiership
    Foto: Andrew Milligan / AP
  • Trekk seg frå VM-kvalifiseringa

    Nord-Korea sitt fotballandslag melder fråfall til både kvalifiseringa til Qatar-VM og Asia Cup.

    Det melder Det asiatiske fotballforbundet (AFC) på sine nettsider. Det går fram ikkje kva som er årsaka til at Nord-Korea ikkje stiller til start i dei kommande kvalifiseringskampane.

    For ein dryg månad sidan valte Nord-Korea å trekke seg frå deltakinga i Tokyo-OL. Det vart då vist til bekymringane koronapandemien skapar.

    South Korea World Cup Qualifying North Korea
    Foto: Lee Jin-man / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal