NRK Meny
Normal

Semenya tok sitt første OL-gull

Caster Semenya (25) utklassa konkurrentane på oppløpet, og tok sitt første OL-gull på 800-meter.

OLYMPICS-RIO-ATHLETICS-W-800M

JUBEL: Etter mange tunge år, kunne Caster Semenya endeleg jubla for OL-gull. I London for fire år sidan vart det sølv.

Foto: DAVID GRAY / Reuters

– Ho er heilt overlegen på oppløpet, og tar sitt første OL-gull, seier NRKs kommentator, Jann Post.

I mål fekk ho tida 1.55,28, og var over sekundet framfor Francine Niyonsaba (Burundi) som tok sølvet. Margaret Wambui frå Kenya tok bronsen.

– Det var eit veldig raskt løp. På den første runden pusha alle kvarandre, det var flott. Eg veit at eg er veldig rask dei siste 200-meterane, så eg måtte berre vera tolmodig, sa ho etter løpet.

Men vegen til OL-gullet har ikkje vore enkel. Heilt sidan ho slo gjennom som 18-åring under VM i Berlin i 2009 har heile verda stilt spørsmål, er ho mann eller dame?

Semenya har mykje høgare testosteron-nivå enn det dei fleste kvinner har, og har måtte gå på hormonbehandling i fleire år. Men rett før OL kom ein dom i idrettens voldgiftsrett, som konkluderte med at Semenyas hormonbehandling var brot på menneskerettane.

Sørafrikanaren var storfavoritt før 800-meter finalen, og innfridde forventningane.

OVERLEGEN: Sjå løpet til Caster Semenya her.

Siste nytt

  • Sveriges keeper på vei til Roma

    Etter hva Aftonbladet erfarer skal FC København ha blitt enig med Roma om et salg av den svenske målvakten Robin Olsen. Prislappen ligger på rundt 110 millioner kroner. Kjøpet skjer i lys av at Roma trenger ny keeper etter salget av Alisson Becker.

    svensk keeper
    Foto: Matthias Schrader / AP
  • Granerud på pallen

    Halvor Egner Granerud hoppet seg opp til 3.-plassen i det første individuelle rennet i årets Sommer Grand Prix. Polen-stjernen Kamil Stoch vant på hjemmebane. Robert Johansson var nest best blant de norske i Wisla

    Granerud
    Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
  • Sky-rytter ute av Tour de France

    Team Sky-rytter Gianni Moscon (24) er kastet ut av Tour de France fordi han gikk til angrep på en Fortuneo-rytter, Ifølge L'Equipe. Det skal ha skjedd i etterkant av søndagens etappe. Det var Tv2 som meldte om nyheten.

    CYCLING-FRA-TDF2018-SKY-ITA-MOSCON
    Foto: PHILIPPE LOPEZ / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal