Då Skottland måtte nøye seg med 2-2 mot Slovenia, utløyste det playoffplass for tre lag: Sverige, Nord-Irland og Hellas. Samstundes sikra Danmark seg playoff med 1-1 mot Romania.
Frå før er det klart at Italia skal spele playoff. Det same skal taparen av duellen mellom Sveits og Portugal.
Sverige og Hellas er rettnok berre klare i praksis, om ikkje i teorien. Sverige blir slått ut berre om dei taper med sju mål mot Nederland, og Hellas om dei ikkje maktar å slå Gibraltar heime.
Dermed står kampen om dei to siste plassane mellom gruppe D, F og I.
I gruppe D har Wales andreplassen, men den kan også gå til Irland. Eller Serbia, om dei rotar det til. I gruppe I vil Island vinne gruppa om dei slår Kosovo, og kampen om playoff står mellom Kroatia og Ukraina, som møtest i siste kamp.
Felles for desse gruppene er at laget som blir nummer to må vinne sin siste kamp for å sikre playoff.
I gruppe F er det klart at Slovakia tek andreplassen. Men dersom toarane i gruppe D og I vinn sine kampar måndag, er det Slovakia som vi sitje igjen med svarteper - andreplassen som ikkje gir playoff.
Slik er toar-tabellen før dei seks siste gruppene spelar ferdig måndag og tysdag:
- Portugal 7 6 0 1 22-4 18 (møter Sveits heime)
- Danmark 8 4 2 2 13-6 14 (ferdig)
- Italia 7 4 2 1 11-8 14 (møter Albania borte)
- Sverige 7 4 1 2 17-7 13 (møter Nederland borte)
- Nord-Irland 8 4 1 3 10-6 13 (ferdig)
- Hellas 8 3 4 1 9-5 13 (møter Gibraltar borte, men kampen tel ikkje med)
- Slovakia 8 4 0 4 11-6 12 (ferdig)
- Wales 7 2 5 0 7-5 11 (møter Irland heime)
- Kroatia 7 3 2 2 6-4 11 (møter Ukraina borte)
I denne tabellen blir kampane mot dei sisteplasserte laga stroke. Lag med sju kampar har ein igjen å spele.
Europeiske lag som er VM-klare er Frankrike, Tyskland, Polen, England, Spania og Belgia.