NRK Meny
Normal

Han blir Milans nye trenar

Nederlendaren Clarence Seedorf blir ny trenar i storklubben AC Milan. Det opplyste han sjølv i ettermiddag.

Clarence Seedorf

Clarence Seedorf blir Milans nye trenar

Foto: GIUSEPPE CACACE / Afp

Seedorf (37) spela for Milan i ti år, og var med på å vinne meisterligaen for klubben i 2003 og 2007, og har ei stor stjerne i klubben.

Då hadde han tidlegare vunne turneringa med Ajax i 1995 og Real Madrid i 1998, og vart den første som vann meisterligaen med tre ulike klubbar.

Han har også spela for dei italienske klubbane Inter og Sampdoria. Han er framleis aktiv og har sidan 2012 spela for Botofago i Brasil. Men han har ingen trenarerfaring.

No meiner han at det er tid for å henge opp fotballskoa og finne nye utfordringar.

– No skal eg endeleg avslutte som aktiv etter 22 år. Det var ei vanskeleg avgjerd, men eg er nøgd med det eg har oppnådd i karrieren, sa Seedorf.

AC Milan sparka måndag trenaren Massimiliano Allegro . Klubben har hatt ein tung sesong hittil og er berre nummer 11 i Serie A, 30 poeng bak ligaleiar Juventus og berre seks poeng over nedrykksstreken.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Friidrett: Diamond League fra Birmingham
Friidrett: Diamond League
4-4-2 Radiosporten
Radiosporten følger den 20.runden av Eliteserien
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Eliteserien fotball: Viking - Brann
Eliteserien: Viking - Brann