Siste nytt

  • Ikkje pallplass for Lorentzen

    Håvard Holmefjord Lorentzen blei nummer fire i sprint-EM i Heerenveen. Han blei nummer fem på den avsluttande 1000-meteren.

    Thomas Krol og Hein Otterspeer sikra nederlandsk dobbelsiger, og tyske Joel Dufter tok bronsen.

    Verken Bjørn Magnussen eller Odin By Farstad fekk gå siste distansen på grunn av diskvalifikasjonar.

    Resultatlista ser du her.

    I kvinneklassa blei det også nederlandsk gull, ved Jutta Leerdam. Julie Nistad Samsonsen og Martine Ripsrud blei 12 og 14. Resultatlista.

    Håvard Lorentzen
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Lindvik vann etter kjempehopp

    Marius Lindvik vann hopprennet i Zakopane etter eit kjempehopp på 145,5 meter i andre omgang. Anze Laniek, som leia etter første omgang, makta ikkje å svare, og blei slått med 2,3 poeng.

    – Eg hoppa bra i dag. Dette er ein prestasjon eg er veldig nøgd med, sa Lindvik.

    Robert Johansson fekk 141 meter i andre omgang, og enda på tredjeplass, ein plass han også hadde etter første omgang.

    Daniel André Tande blei nummer 10. Verdscupleiar Halvor Egner Granerud fekk det ikkje til og blei berre nummer 23. Han var nr 10 etter første omgang, men missa i den andre og fekk berre 128,5 meter.

    Granerud held likevel samanlagtleiinga i verdscupen, 140 poeng framfor Markus Eichenbichler, som blei nummer 8 i Zakopane.

    Johann Andre Forfang og Thomas Aasen Markeng kom ikkje til finaleomgangen.

    Marius Lindvik
    Foto: Janek Skarzynski / AFP
  • Scoret praktmål

    Son Heung-min og Harry Kane var toneangivende, men det vakre målet til Tanguy Ndombele ble kampens øyeblikk da Tottenham vant 3-1 over Sheffield United søndag.

    Like etter at David McGoldrick hadde laget ny spenning i Premier League-oppgjøret med sin 1-2-redusering, vartet Ndombele opp med et stykke fotballmagi da han vippet ballen på akrobatisk i mål fra spiss vinkel og sørget for 3-1 til bortelaget etter 62 minutter.

    Tottenham tok tidlig ledelsen da Serge Aurier nikket inn en presis corner fra Son. Deretter la Kane på til 2-0 med et flott skudd. Etter 3-1-målet til Ndombele kunne Tottenham trygge inn tre nye poeng.

    Ndombele
    Foto: Laurence Griffiths / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal