– Vi har venner som aldri kom heim att, som døydde i Afghanistan. Så eg tykkjer vi er heldige som får moglegheita til å komme oss opp og gjere noko, seier Scott Meenagh til NRK.
Lagkameratane Scott Meenagh og Steve Arnold frå det britiske skilandslaget har ei litt annleis historie.
Sjølv om dei ikkje kjente kvarandre då dei meldte seg for teneste i Afghanistan, kom begge heim att med ein ganske lik skjebne.
No er dei lagkameratar og jobbar tett med Formel 1-laget Williams. Ein ganske stor skilnad frå den hjelpa Birgit Skarstein får.
«Ein game changer» meiner Skarstein det er.
Ser lyst på tilværet
For 11 år sidan stod Meenagh og Arnold over improviserte bomber som sprengde under beina deira. Arnold hadde jobba i hæren i 16 år, og hadde som mål å fullføre tenesta. Slik gjekk det ikkje.
I FOTSPORA: Arnold gjorde som bestefar, far og bror. Han skulle drive militær teneste.
Foto: PRIVATScott Meenagh var allereie ein kjend profil i heimlandet. Han var ein håpefull rugbyspelar på U18-landslaget, og rugby er ein av dei største idrettane i Skotland.
Då Steve Arnold forstod omfanget av skaden, starta han automatisk å behandle seg sjølv, før venner og kollegaer kom til staden og evakuerte han trygt ut derfrå.
– Det er ikkje tvil om at det var ein horribel situasjon, men tida etter var ein fantastisk atmosfære å vere i, seier Steve Arnold til NRK.
Begge to blei flydd tilbake til England, og på eit militært rehabiliteringssenter nokre månadar seinare møtte dei kvarandre for fyrste gong.
– Eg blei hardt skadd, men vennene mine fekk meg heim trygt. No er eg her for å fortelje historia, heldigvis, seier Meenagh.
Tida på rehabiliteringssenteret segla opp til å bli ein av dei beste minna for Arnold og Meenagh.
– Det var sjølvsagt ei tøff tid og vi gjekk gjennom trauma, men vi nytta anledninga til å le av det. Vi lærte å gå i lag, seier Meenagh.
TETTE: Historia førte duoen saman.
Foto: Mark Tonkin / NRKDet støttar lagkameraten.
– Det var mykje tulling og konkurranse. Vi gjorde narr av kvarandre. Om Scott datt, så lo eg. Om eg datt, så lo han av meg. Så kom det ein med ein arm og to bein og knuste oss begge. Det var alltid ein kamp om å bli betre enn den andre, seier Arnold.
Meenagh starta først å ro, medan Arnold satsa på handsykling. I 2016 fann duoen ut at dei ville bli lagkameratar på ski, og året etter kom Formel 1-laget Williams på bana.

Arnold på rehabiliteringssenteret. Han har fått proteser på beina.

Her får han hjelp til å gå.

Tida i Afghanistan enda på ein brutal måte, men begge er takksame for at dei framleis er i live.
Stor fordel
Under VM i snøsport på Lillehammer er det umogleg å legge merke til kjelken til dei britiske skiløparane.
Den er fargesprakande, og ser dessutan ganske mykje meir gjennomført og stabil ut enn den som konkurrentane brukar.
GODT DRIV: Arnold under 18 kilometer langrenn på Lilleammer.
Foto: Geir Olsen / NTB– Vi har fått hjelp av Formel 1-laget til å utvikle setedesignet, noko av det som er inne i sjølve kjelken og sjølve aerodynamikken, seier Arnold.
– Korleis tykkjer du den fungerer?
– Den er skikkeleg bra. Den er mykje meir responsiv, og vi køyrer mykje betre i dei. Men det har tatt lang tid, det er nesten tre år sidan vi byrja å utvikle dei, fortel Arnold.
Lagkameraten utdjupar:
– Det som var skikkeleg kjekt med folka hjå Williams, var merksemda til detaljane. Kor langt dei strakk seg i designfasen og i kommunikasjon med utøvaren. Vi fekk lov til å vere med og utvikle den til å bli noko som er unikt for oss sjølv, det er verkeleg spesielt, seier Meenagh.
KLASSE: Williams Advanced Engineering samarbeider med det britiske para-landslaget.
Foto: Mark Tonkin / NRKMå fikse kjelken sjølv
Det er nemleg ikkje alle som er like heldige som får hjelp frå eit toppfabrikk til å utvikle utstyret sitt i para-sporten.
Det er store spenn i omfanget av skader, og det gjer det vanskeleg å kome opp med ein modell som fungerer for alle.
SKILNAD: Her er Meenagh under Paralympics i Pyeongchang med ein heilt anna type kjelke.
Foto: THOMAS LOVELOCK / AFPNokre har ein gjennomført og tett kjelke som dei britiske utøvarane, medan andre har stroppar rundt beina sine, og eit ganske så enkelt sete såleis.
Dette tykkjer skotten er det som er kult med para-sporten.
– Det er ein del av utfordringa til sporten. Det er så mange forskjellige design, mønster og former, og det tykkjer eg gjer det ganske spennande også, at ingen har funnet ut den perfekte modellen eller størrelsen som passar alle, seier Meenagh.
Her i Noreg må kvar enkelt parautøvar sørge for at dei har utstyret dei treng for å konkurrere. Sjølv har Birgit Skarstein henta inn ekspertise på eiga hand, for å få hennar eigen pigge-kjelke til å fungere best mogleg for seg sjølv.
– Eg har stått i ein garasje og mekka på min kjelke. Vi har skjært, bygd og fiksa i tallause timar på alle moglege deler som går i stykke, seier ho.
SLIT: Skarstein med konkurransekjelken. No har ho gått over til å bruke treningskjelken i konkurranse, då konkurransekjelken er for lite tilpassa hennar kropp.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTBHyllar innmarsjen
Skarstein tykkjer det er ekstra stort at eit Formel 1-lag har meldt seg på.
– Det er råkult at eit Formel 1-lag har entra sirkuset, og går inn med teknologien sin for å lage kjelkar, seier ho.
Ho fortel vidare at det er mange likstrekk mellom langrennspigging og motorsporten.
TRIO: Viljar Asan har hjelpe Skarstein med å få kjelken tilpassa, og Øystein Pettersen har komme med gode taktikktips i sporet.
Foto: PRIVAT- Les også:
– Vi følgjer Formel 1-mønster i måten vi er nøydd til å køyre på. Ein er nøydd til å følge kurvar, svingar og operere med utgangspunkt i miljøet rundt, seier ho.
Det er ikkje tvil om at ho støttar initiativet hundre prosent.
– Det er jo eit nivå opp i heile denne kjelkeindustrien. Det er heilt noko anna å trene og konkurrere med ein formstøypt karbonkjelke frå Formel 1-leverandørane, enn med noko vi har mekka i ein garasje på fjellet.
Skarstein trekk også fram Toyota, som har hjelpe mange amerikanske og tyske utøvarar med sitt utstyr. Fleire nasjonar ser verdien av å samarbeide med høgteknologiske selskap.
- Oksana Masters er ei som har Toyota med på laget. Ho kan du lese om her:
– Det er innmari kult at slike lag bidreg. Eg håpar dette kan bli ein game changer, avsluttar ho.