Scoringa kom etter 32 minutt, då Marcus Pedersen la ballen nedst i hjørnet etter eit innlegg frå venstre.
Frå før leia Barnsley 1–0 etter scoring av Chris O'Grady.
Etter pause pressa Huddersfield hardt på for redusering, og etter 61 minutt sette James Vaughan 2–1 i mål bak Barnsley-keeper Scott Wiseman.
Trass i reduseringa heldt Barnsley unna, og vann til slutt 2–1 på Oakwell Stadium.
Kåra til banens beste
Pedersen blei bytta ut etter 75 minutt, men blei likevel kåra til banens beste i Barnsley sin første seriesiger for året.
Scoringa blei Pedersen si første for klubben, etter
.Sigeren sende i tillegg Barnsley over nedrykksstreken i Championship, etter ei knalltøff opning med tre tap og éin uavgjort på dei fire første kampane. Kanskje var Pedersen det som skulle til for å snu ein lei trend?
Marcus Pedersen blei klar for Barnsley 21. august. I dag scora han sitt første mål då Barnsley slo Huddersfield 2–1.
Foto: Barnsley FC